2 Bakgrunn for lovframlegga
2.1 Tilrettelegging for gjennomføring av vegpakken i norsk rett
2.1.1 Status for gjennomføring av forordningane
Dei tre forordningane i vegpakken vart vedtekne i EU 25. september 2007 og tredde i kraft i EU i sin heilskap 4. desember 2011. Art. 8 og 9 i forordning 1072/2009 om kabotasje i godstransportsektoren tredde i kraft i EU 14. mai 20101. Art. 29 i forordning 1073/2009 om køyre- og kviletid i persontransportsektoren tredde i kraft i EU 4. juni 20102. Forordningane er enno ikkje tekne inn i EØS-avtalen.
Det er venta at EØS-komitéen vil fatte vedtak om å innlemme forordningane i EØS-avtalen. Vedtaket vil verte gjort med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Det vil verte fremma ein eigen samtykkeproposisjon for Stortinget om innlemming av forordningane i EØS-avtalen når EØS-komitéen har fatta vedtak i saka.
2.1.2 Behovet for heimel i lov
Vegpakken er langt på veg ei vidareføring av gjeldande EØS-rett om tilgang til yrket og marknaden for vegtransportørar, som er innlemma i norsk rett gjennom yrkestransportlova med tilhøyrande forskrifter.
Samferdselsdepartementet har heimel i yrkestransportlova §§ 10 (4) og 35 til å gjennomføre det meste av innhaldet i dei nye forordningane i forskrift.
På enkelte punkt er det likevel nødvendig å gjere endringar i yrkestransportlova for å leggje til rette for å gjennomføre forordningane i vegpakken.
For det første må det nye kravet om tilgang til yrket som slår fast at ein transportør må vere etablert i det landet der vedkommande søkjer om løyve, takast inn i lova. For det andre må yrkestransportlova gje heimel til å føre eit register over vegtransportørar som inneheld einskilde sensitive personopplysningar, og for å utveksle opplysningar frå registeret med kompetente styresmakter i dei andre EØS-landa. For det tredje må det vere heimel i yrkestransportlova til at løyvestyresmaktene skal kunne erklære ein transportleiar som har gjort alvorlege brot på regelverket uskikka til å leie transportverksemd i heile EØS.
2.2 Løyvestyresmaktene og løyveordninga
I samband med arbeidet med gjennomføring av vegpakken i norsk rett, har departementet sett nærare på organiseringa av løyvestyresmaktene og løyveordninga. Departementet finn etter ei nærare vurdering at det er fornuftig og nødvendig å gjere framlegg til endringar i ansvaret for utferding og administrasjon av løyve, og i sjølve løyveordninga.
Det vert for det første gjort framlegg om å overføre ansvaret for å utferde løyve for nasjonal vegtransport som ikkje er behovsprøvd frå fylkeskommunane til SVV, og ansvaret for å utferde løyve for internasjonal transport frå Samferdselsdepartementet til SVV. Framlegget vert gjort for å sikre likehandsaming av løyvesøknader, og for å styrke personvernet ved bruk av elektroniske register over vegtransportørar.
Det vert for det andre gjort framlegg om å tilpasse yrkestransportlova for å leggje til rette for at fellesskapsløyve og skal gjelde som løyve for nasjonal transport som ikkje er behovsprøvd. Framlegget vert gjort for å forenkle administrasjonen av løyve som følgje av at vilkåra for nasjonale og internasjonale løyve er likelydande.
For det tredje vert det gjort framlegg om å avgrense tida eit løyve skal vere gyldig til 10 år. Framlegget kjem som følgje av framlegget om at fellesskapsløyve og skal gjelde som nasjonalt løyve. Etter dei nye EU-reglane skal fellesskapsløyve gjelde for ein periode på maksimalt 10 år.
For det fjerde vert det gjort framlegg om heimel til å fastsetje i forskrift ei avgrensing i tid for dei løyva som er gjevne før denne lova tek til å gjelde.
2.3 Høyring
Samferdselsdepartementet sende 30. november 2012 saka ut på høyring. Frist for merknader var 8. februar 2013. I tillegg til at høyringsnotatet vart lagt ut på Samferdselsdepartementet sine heimesider på internett, vart det sendt til følgjande instansar:
Akademikerne
Akershus fylkeskommune, Sentraladministrasjonen
Arbeidsdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Aust-Agder fylkeskommune
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Buskerud fylkeskommune
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og IKT
Fagforbundet
Finansdepartementet
Finnmark fylkeskommune
Fiskeri- og kystdepartementet
Forbrukerombudet
Forbrukerrådet
Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Forsvarsdepartementet
Hedmark fylkeskommune
Helse- og omsorgsdepartementet
Hordaland fylkeskommune
Hovedorganisasjonen Virke
Justis- og beredskapsdepartementet
Kollektivtrafikkforeningen c/o Akershus fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet
KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Miljøverndepartementet
Møre- og Romsdal fylkeskommune
NHO Logistikk og Transport
NHO-Transport
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Nærings- og handelsdepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Olje- og energidepartementet
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune
Politidirektoratet
Regjeringsadvokaten
Rogaland fylkeskommune
Ruter AS
Sogn- og Fjordane fylkeskommune
Statsministerens kontor
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Transportbrukernes fellesorganisasjon
Troms fylkeskommune
Utenriksdepartementet
Vegdirektoratet
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund
Yrkestrafikkforbundet
Østfold fylkeskommune
Merknadene frå høyringsinstansane er refererte i omtalen til dei einskilde lovframlegga.
Det har i høyringa framkome einskilde merknader som ikkje direkte omhandlar forslaga til lovendring. Departementet vil kome tilbake til merknadene ved eit seinare høve.
Tidlegare utkast til forordningar i vegpakken vart sendt på høyring i Noreg 17. september 2007. Forordningane var på det tidspunktet under utarbeiding og skilde seg på nokre punkt frå den endelege teksten i forordningane. Det var den gongen åtte høyringsinstansar som hadde konkrete merknader til forordningane. I all hovudsak var høyringsinstansane positive til dei nye reglane på området. Høyringsinstansane var særleg opptekne av at det vart utarbeidd meir presise reglar om kabotasje i godstransportsektoren.