10 Organiseringa av løyvestyresmaktene
10.1 Gjeldande rett
Yrkestransportlova kapittel 3 regulerer kva organ som er løyvestyresmakt for dei ulike løyvetypane.
Fylkeskommunen er løyvestyresmakt for nasjonale løyve for person- og godstransport etter yrkestransportlova §§ 4 og 5, jf. § 12. I tillegg er fylkeskommunen løyvestyresmakt for behovsprøvde løyve for persontransport i rute etter ytl. § 6, jf. § 13 (2), og for behovsprøvde løyve for persontransport med køyretøy utanfor rute etter ytl. § 9 (drosjeløyve, selskapsvognløyve og løyve for transport av funksjonshemma), jf. § 12. Behovsprøvinga av løyve vert gjort av løyvestyresmaktene lokalt. Klager på vedtak om løyve vert handsama internt i fylkeskommunane, og ikkje av overordna organ, jf. forvaltningsloven § 28, ettersom kompetansen er gjeve til fylkeskommunane direkte i lova og ikkje er delegert frå eit statleg organ.
Departementet er løyvestyresmakt for løyve for rutetransport gjennom to eller fleire fylke. Med heimel i yrkestransportlova § 15, jf. yrkestransportforskriften § 3, har departementet delegert dette ansvaret til den fylkeskommunen der løyvesøkjar har sin forretningsadresse, eller den fylkeskommunen der løyvesøkjar skal drive behovsprøvd rutetransport. I desse tilfella er departementet klageinstans.
Departementet er og løyvestyresmakt for løyve etter yrkestransportlova § 10, jf. § 14. Yrkestransportlova § 10 (1) regulerer internasjonale løyve: Fellesskapsløyve og tosidige og multilaterale løyve for vegtransport. Departementet har delegert ansvaret for å utferde internasjonale løyve til Vegdirektoratet, jf. § 1 i den internasjonale forskrifta. Departementet er dermed klageinstans for einskildvedtak om internasjonale løyve.
Kort oppsummert er det fylkeskommunane som utferder dei nasjonale løyva, og Vegdirektoratet som utferder dei internasjonale.
10.2 Høyringsframlegg
Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å endre yrkestransportlova §§ 12 og 14 slik at ansvaret for dei ikkje-behovsprøvde nasjonale løyva etter ytl. §§ 4 og 5 vert overførde frå fylkeskommunane til SVV, og ansvaret for dei internasjonale løyva etter ytl. § 10 (1), som i dag er delegert frå departementet til Vegdirektoratet, vert lagt direkte til SVV i lov. Framlegget inneber at SVV, som sentral løyvestyresmakt for dei nemnde løyva, får ansvaret for utferding og administrasjon av dei løyva etter yrkestransportlova som ikkje er behovsprøvde.
Framlegget inneber og at ansvaret for vurderinga av dei objektive vilkåra for yrkestilgang (krav til etablering i Noreg, god vandel, tilstrekkeleg fagkompetanse og tilfredsstillande økonomi), som gjeld både for nasjonal og internasjonal transport, vert lagt til eitt felles statleg organ.
I høyringsframlegget viste departementet til at det er fleire omsyn som taler for å samle løyveansvaret for dei løyva som ikkje er behovsprøvde til ein sentral løyveadministrasjon.
For det første vert det i høyringa vist til at omsynet til likehandsaming taler for ei samordning av løyveadministrasjonen. Vilkåra for dei ulike løyvetypane som vert omfatta av framlegget er dei same. Det er viktig at det ikkje utviklar seg ulik praksis mellom ulike løyvestyresmakter, særleg ved vurderinga av om kravet til god vandel er oppfylt. Det er utfordrande å sikre lik praktisering av reglane når løyveansvaret, som i dag, er delt mellom 19 fylkeskommunar og staten ved Vegdirektoratet. Erfaringa i dag er at det vert gjort ulike vurderingar av vandel i dei ulike fylkeskommunane og Vegdirektoratet.
Det vert i høyringa vist til at frå EU si side allereie er ein føresetnad om større vekt på likehandsaming på tvers av landegrensene når reglane om yrkestilgang er flytta frå direktiv til forordning. Dette inneber at det vil vere større krav til lik tolking av reglane, slik at dei vert praktisert likt i heile EØS.
Det vart i høyringa og vist til at det er ei svakheit ved organiseringa i dag at departementet formelt sett ikkje har noko overordna myndigheit når det gjeld fylkeskommunane si handsaming av dei einskilde løyvesakene. Ei samordning av løyveadministrasjonen vil og styrke kompetansen hos den sentrale løyvestyresmakta, som vil få full oversikt over saker på området. Dette vil og vere med på å sikre likehandsaming.
Departementet viste i høyringa for det andre til at omsyna til rettssikkerheit og personvern er særleg viktige ved handsaming av sensitive personopplysningar gjennom det elektroniske registeret for vegtransport. Departementet peika på at det er svært viktig at dei same vurderingane vert lagt til grunn når opplysningar om alvorlege brot på regelverket, og erklæringar om at transportleiarar er uskikka til å leie transportverksemder, vert handsama i registeret. Det er ut frå omsynet til personvern eit poeng at ikkje fleire sakshandsamarar enn nødvendig får tilgang til opplysningane.
For det tredje vart det i høyringa vist til at ei samordning av løyveadministrasjonen vil gje den fordelen at vurderingar av løyvesøknader og administrative sanksjonar ved brot på vilkåra kan samordnast uavhengig av om brota finn stad i Noreg eller i eit anna EØS-land.
For det fjerde viste departementet i høyringa til at ei samordning av løyvestyresmaktene totalt føre vil til mindre ressursbruk på området.
Departementet peika i høyringa på at eit argument mot samordning er at det kan vere eit ønske for nasjonale løyvehavarar å halde seg til ei lokal styresmakt i kvart fylke ved søknad om løyve. Departementet viste i høyringa til at dette i praksis neppe speler noko stor rolle for andre enn dei som bur nær fylkesadministrasjonen. Kommunikasjon med løyvehavar/løyvesøkjar skjer i dei fleste tilfella i form av post eller gjennom elektroniske medium. Geografisk avstand til løyvestyresmaktene har difor mindre å seie.
Det vart i høyringsframlegget vist til at det er naturleg å samle administrasjonen av dei aktuelle løyva hos SVV. Departementet la i høyringa til grunn at handsaming av løyvesaker i første instans vert lagt til regionsnivå innan SVV, slik at Vegdirektoratet vert klageinstans for einskildsaker.
Det vart i høyringa peika på at departementet tidlegare har gjeve signal om at forvaltninga av dei internasjonale løyva, som i dag ligg i Vegdirektoratet, kan lokaliserast til Lærdal. Dersom dette vert gjennomført er det naturleg at og dei oppgåvene som vert overført til SVV etter dette lovframlegget vert lagt til same stad.
Departementet framheva i høyringsframlegget at når det gjeld løyve som er behovsprøvde, er det naturleg at ansvaret framleis ligg i fylkeskommunane, ettersom dei som lokale styresmakter er nærast til å gjere dei aktuelle vurderingane knytt til rute- og drosjeløyve mv. Som følgje av dette vart det lagt opp til at fylkeskommunane og held fram med å ha ansvaret for å vurdere om vilkåra for tilgang til yrket er oppfylte for søkjarar til løyve etter § 9 som ikkje har løyve etter § 4. For desse løyva gjeld ikkje reglane i EU-forordningane direkte, og det gjeld enklare krav til fagleg kompetanse enn for dei andre løyvetypane. På denne bakgrunn vert det ikkje gjort framlegg om endringar i ansvaret for behovsprøvde løyve etter yrkestransportlova §§ 6 og 9.
Departementet viste i høyringa til at Sverige lenge har hatt ein felles løyveadministrasjon, mens Danmark har gått over til dette ved gjennomføringa av vegpakken.
10.3 Høyringsfråsegn
Norsk Transportarbeiderforbund meiner at framlegget vil kunne medverke til ei betre og meir einsarta vurdering av tildelingar av løyve.
Norges Lastebileier-Forbund er samd i at å samle løyveansvaret i SVV kan vere rasjonelt og teneleg. Sett frå lastebilnæringa si side er det viktig med enkel administrasjon og rask sakshandsaming. NLF forutset at skanna dokument vert godkjente som originalar slik at næringa slepp å sende papirdokument i posten. NLF meiner det må kunne gjerast sannsynlege at fordelane med ei organisatorisk endring er større enn ulempene. Ei rasjonalisering av løyvestyresmaktene bør føre til kortare sakshandsamingstid og lågare kostnadar enn i dag. NLF vurderer det slik at ei samling av kompetansen vil føre til meir effektiv kontroll.
NHO Transport meiner det er ei fornuftig løysing å samle ansvaret for ikkje-behovsprøvde løyve i SVV. Vidare meiner NHO Transport at det er viktig at det er regionsnivået som organiserer arbeidet med løyvesaker slik at det skal vere mogleg å komme i kontakt med sakshandsamar utan for lang reiseveg.
Landsorganisasjonen i Norge er nøgd med at Samferdselsdepartementet gjer framlegg om ei overføring av ansvaret for nasjonale løyve frå fylkeskommunane til SVV fordi det i større grad kan sikre lik handsaming av løyvesaker.
Vegdirektoratet støttar departementet sine vurderingar i høyringsnotatet om behovet for å samle løyveansvaret på ein stad, fordi vilkåra for nasjonalt og internasjonalt løyve er like. Erfaringa frå VD er at det er stor skilnad i handsaminga av løyvesaker både mellom dei einskilde fylkeskommunane og mellom fylkeskommunane og VD. Dette gjeld særleg vurderingar knytt til kravet om god vandel. VD meiner ulik handsaming er uheldig og ikkje i samsvar med omsyna bak vegpakken. VD meiner at departementet sitt framlegg om handsaming av løyver i førsteinstans i Lærdal, med VD som klageinstans vil vere ei god løysing som kan gjennomførast i praksis. Om løyvesakshandsaminga vert flytta til Lærdal meiner VD at det overordna fagansvaret bør liggje i VD. Dette gjeld oppfølging av regelverk og hjelp ved forhandlingar om bilaterale og multilaterale vegtransportavtalar. Det vert vist til at gebyret for handsaming av løyvesøknader er meint å dekkje kostnadene ved utferding av løyve. Om ikkje gebyret og skal dekkje etablering og drift i Lærdal vert det vist til at SVV må få tilført ekstra løyvingar.
Nord-Trøndelag fylkeskommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune støttar framlegget i høyringsnotatet.
Aust-Agder fylkeskommune støttar framlegget om å overføre løyveansvaret for ikkje-behovsprøvde løyve til eitt statleg organ. Fylkeskommunen viser til at dei fleste løyvehavarane i dag har kontakt med både fylkeskommunen og SVV ved tildeling av løyve. Ved ei overføring av løyveansvar vil løyvehavar få berre ein stad å kontakte. I tillegg framhever fylkeskommunen at det i dag er to løyveregister. Ei overføring av ansvaret for ikkje-behovsprøvde løyve til SVV, og oppretting av eit landsomfattande register vil lette kontrollarbeidet for kontrollørane. Til slutt peiker fylkeskommunen på at handsaming av søknadar om ikkje-behovsprøvde løyve ikkje skal handsamast politisk i fylkeskommunane, slik at denne oppgåva kan overførast til eit statleg organ.
Østfold fylkeskommune meiner at omsynet til rettstryggleiken og til lik handsaming av løyvesaker er eit tungtvegande og avgjerande argument for å samle administrasjon av løyve i eitt forvaltningsorgan. Vidare uttaler dei: «Siden de nasjonale løyvene ikke er behovsprøvde, er det heller ingen lokale eller regionale hensyn som tilsier at ansvaret for administrasjon av disse løyvene bør tilligge fylkeskommunen som forvaltningsnivå (og regional utviklingsaktør).»
Vest-Agder fylkeskommune støttar framlegget til lovendring, men peiker på at dei fleste søknader om gods- eller persontransport i Vest-Agder vert leverte personleg. Fylkeskommunen viser til at etter departementet sitt framlegg om ein samla administrasjon, vil søkjarane miste moglegheita for personleg oppmøte. I tillegg viser fylkeskommunen til at gebyrinntekter på 127 000 kr vil falle bort om fylkeskommunen ikkje lenger skal vere løyvestyresmakt.
Akershus fylkeskommune støttar framlegget om endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene. Fylkeskommunen viser til at det er SVV som utfører den fysiske kontrollen med køyretøy, både av løyve, kjøre- og kviletid og teknisk kontroll. Det er samstundes stadig meir aktuelt å halde kontroll med kabotasje. Som følgje av store kontrolloppgåver meiner fylkeskommunen at det er teneleg at SVV har kompetanse om løyveordninga og tilgang til eit internasjonalt datanettverk for å følgje opp transportørane. Fylkeskommunen viser og til at ei samordning av løyvestyresmaktene vil vere teneleg for einskapleg sakshandsaming og økonomi.
Vestfold fylkeskommune ser fordelane med ei omorganisering av løyvestyresmaktene. Om oppgåva vert lagt til trafikkstasjonane ligg det til rette for ei meir heilskapleg forvalting av kontroll og tettare oppfølging av transportørane. Det vert vist til at forvaltinga av dei ikkje-behovsprøvde løyva ikkje er av regionalpolitisk karakter. Fylkeskommunen har ikkje moglegheit til å regulere tilgangen til dei ikkje-behovsprøvde løyva. Ved ei omorganisering er det ønskeleg at samarbeidet mellom fylkeskommunane og SVV vert utvikla vidare når det gjeld løyveforvaltninga. Det vil framleis vere behov for at fylkeskommunane har oversikt over talet på løyve som er tildelt, og for å oppretthalde den faglege kompetansen for vurderinga av dei objektive vilkåra som fylkeskommunen og SVV vil måtte foreta. Det er eit ønske om at det vert etablert eit meir formalisert samarbeid enn det som er i dag. Etter fylkeskommunen si vurdering vil eit tettare samarbeid styrke løyvestyresmaktene generelt. Det vert og vist til at ansvaret for transportberedskapen bør vurderast på nytt om løyveansvaret vert omorganisert.
Buskerud fylkeskommune viser til at Samferdselsdepartementet i høyringsnotat ser for seg at handsaminga av løyvesaker vert lagt til regionsnivå innan SVV. Fylket meiner at ein ikkje kan sjå bort frå at SVV vel å leggje ansvaret for utferdinga av løyve ut til trafikkstasjonane. Fylkeskommunen meiner at potensialet for likehandsaming, betre oversikt og mindre bruk av ressursar då vil falle bort. Vidare meiner fylkeskommunen at vilkåra for tildeling av løyve for ikkje-behovsprøvde og behovsprøvde løyve er like. Eit framlegg om overføring av løyvemynde til SVV vil føre til at nyttig kompetanse i fylkeskommunane fell bort, og til at fagmiljøet vert mindre. Fylkeskommunen meiner og at geografisk nærleik til løyvestyresmaktene er viktig for løyvesøkarar fordi dei kan møte opp og få personleg hjelp med søknaden og anna rettleiing. Dette kan ein ta omsyn til om handsaminga av løyvesaker vert flytta ut til trafikkstasjonane. Fylkeskommunen viser og til at Samferdselsdepartementet tidlegare var klageinstans for einskildsaker knytt til løyve. Om Samferdselsdepartementet meiner at praksis er for ulik i fylkeskommunane, meiner Buskerud fylkeskommune at ei gjeninnføring av tidlegare ordning med Samferdselsdepartementet som klageinstans vil sikre likare handsaming. Ved ei samordning etter framlegget vil det oppstå eit skilje mellom forvalting av løyve som ikkje er behovsprøvde og løyve som er behovsprøvde. Det kan difor diskuterast om forvaltinga av alle løyve burde overførast til SVV. Fylkeskommunen støttar likevel departementet sitt syn om at det er dei lokale styresmaktene som er best skikka til å gjere lokale vurderingar for behovsprøvde løyve. Fylkeskommunen meiner at det ikkje vil vere teneleg å endre forvaltinga av løyve så lenge det fortsatt er behovsprøving for einskilde løyvetypar. Fylkeskommunen meiner saka bør takast opp til ny vurdering om behovsprøvinga av drosjer vert oppheva.
Sogn- og Fjordane fylkeskommune støttar ikkje framlegget om å flytte løyvemynde frå fylkeskommunane til SVV. Dei uttaler: «Gjennom forvaltningsreforma, som vart innført frå 1.1.10, var eit av føremåla å styrke fylkeskommunane m.a gjennom å gje dei fleire oppgåver. Vi ser no ein tendens til at oppgåver som fylkeskommunane har hatt i mange år, og som vert gjennomført på ein god måte, vert sentraliserte og flytta over til nasjonale etatar. Dette er ei utvikling fylkeskommunane ikkje bør akseptere.» Vidare er fylkeskommunen ikkje samd i at flytting av løyveansvaret vil føre til likehandsaming av søknader, fordi slike søknader uansett skal handsamast etter yrkestransportlova. Fylkeskommunen meiner departementet ønskjer å leggje ansvaret for ikkje-behovsprøvde løyve til SVV utan å konkretisere kva instans i SVV som skal ha ansvaret. Om regionvegkontora eller dei lokale vegkontora skal ha denne oppgåva, meiner Sogn- og Fjordane fylkeskommune det vil vere like stor fare for ulik handsaming av løyvesøknader som om oppgåva vert verande i fylkeskommunane.
Hordaland fylkeskommune meiner at det ikkje er komme fram vektige argument for at løyveforvaltinga bør flyttast frå fylkeskommunane til staten. Fylkeskommunen mistar ein vesentleg funksjon og dialog retta mot næringa spesielt, og logistikk i næringslivet generelt, om ein tek bort ein viktig del av løyveforvaltinga. Ved endring av yrkestransportlova og innfasing av lova som del av EØS-avtalen, bør fylkeskommunane framleis ha nasjonalt løyveansvar med rapporteringsplikt til Statens vegvesen som har kontroll- og sanksjonsansvar.
Oslo kommune har ikkje erfart at ulik handsaming av løyvesakar mellom fylkeskommunane har vore eit stort problem. Etter fellesreglane i yrkestransportforskriften kap. I er krava for behovsprøvde og ikkje-behovsprøvde løyve like. Oslo kommune meiner at løyvehavarar som utfører transport i dei same geografiske områda er tente med likehandsaming. Kommunen har forståing for at talet på sakshandsamarar med tilgang til det elektroniske registeret vert avgrensa. Kommunen ønskjer difor at registeret vert lagt til SVV, men at fylkeskommunane vert pålagde å sende førespurnad til SVV. Samstundes meiner kommunen at fylkeskommunane kan ileggast meldeplikt til SVV om høve som kan føre til at ein transportør er uskikka. Om løyveansvaret vert overført til SVV stiller Oslo kommune spørsmål ved om SVV vil bruke sakshandsamarsystemet LøyveWeb. Om ikkje må ein utarbeide rutinar for samarbeid mellom etatane. Vidare meiner kommunen at om SVV får løyveansvar for dei nemnde løyva, bør ansvaret for transportberedskapen og overførast dit. Til slutt uttalar kommunen: «Forslagene knyttet til overføring av forvaltningsmyndighet krever en mer omfattende gjennomgang enn den som er foretatt i høringsnotatet. Kommunen vil også trenge lengre tid på å vurdere en slik omveltende endring, enn den korte høringsfristen ga mulighet til. Hvilke konsekvenser gjennomføringen av forordningene faktisk vil medføre vil først vise seg etter innføringen, og Oslo kommune mener det ikke foreligger tilstrekkelig grunnlag for å beslutte overføring av forvaltningsmyndighet på nåværende tidspunkt.»
Troms fylkeskommune kan ikkje sjå at det er nokre gode grunnar for å flytte sakshandsaminga frå fylkeskommunane til SVV. Dei uttalar at for å sikre meir lik handsaming av løyvesaker, bør det vere viktigare å ha klare retningslinjer for sakshandsaming enn å ha sakshandsamarar plassert i same etat. Fylkeskommunen meiner at likehandsaming kan ivaretakast betre viss fylkeskommunane overtek ansvaret for sakshandsaming av dei nye løyva for nasjonal og internasjonal transport, slik at ein legg all sakshandsaming til eitt nivå og kan sikre ei betre likehandsaming av alle løyvetypar. Viss fylkeskommunane har alle løyvetypar, kan alt samordnast i eitt register. I tillegg meiner fylkeskommunen at fylkeskommunane kan ta omsyn til personvern på ein like god måte som SVV. Fylkeskommunen meiner at dei vil miste løyveinntekter og oppgåver utan kompensasjon som følgje av departementet sitt framlegg, men at dei må finne anna arbeid til dei sakshandsamarane som arbeider med løyve i dag. Fylkeskommunane blir då nøydd til å skaffe til veie millionar som departementet inndreg til fordel for SVV. Til slutt peikar dei på at viss departementet ønskjer å ha oversikt og kontroll over løyvesaker, kan Vegdirektoratet gjerast til klageinstans for desse sakene.
Oppland fylkeskommune meiner at høyringsframlegget gir lite informasjon om dei praktiske konsekvensane av overføring av løyveansvar frå fylkeskommunane til SVV. Spørsmålet om organisering og ansvar for handsaming av løyve som ikkje er behovsprøvde må verte nærare utreda. Fylkeskommunen si erfaring er at lokal forankring ved handsaming av søknader er ei styrke, fordi det er mange spørsmål frå løyvehavarane og låg terskel for å ta kontakt. Ved at løyvestyresmaktene vert sentralisert vil avstanden frå løyvesøkar til styresmakt som fattar vedtak auke.
Hedmark fylkeskommune meiner at sidan framlegget om overføring av løyveansvar ikkje er ei direkte følgje av vegpakken, er det på dette tidspunkt ikkje behov for endring utan ei grundig konsekvensanalyse. Vidare peikar fylkeskommunen på at løyveregimet har vert lagt til fylkeskommunane heilt sida det vart innført. Det vert vist til at fylka har opparbeidd ikkje ubetydeleg kompetanse. Hedmark fylkeskommune viser til at fylka og i framtida vil vere fullt ut kompetente til å utferde både eit eventuelt felles nasjonalt og internasjonalt løyve. Ved ei overføring til ei sentral eining vil det framleis vere behov for at løyvesakshandsamarar i fylkeskommunane ivaretar dei ikkje-behovsprøvde løyva. Fylkeskommunen meiner at sakshandsamarar i fylka og i dag handsamar sensitive personopplysningar, og at slike opplysningar kan leggjast i skjema i det elektroniske registeret med avgrensa tilgang. Når det gjeld innføringa av sentral løyveadministrasjon i Sverige og Danmark viser fylkeskommunen til at det ikkje er opplyst om det er eitt sentralt løyvekontor eller om det vert administrert frå fleire regionale kontor. Erfaringar frå ordningane i desse landa er ikkje kjent, og burde leggjast til grunn før ei eventuell innføring av same ordning i Noreg. Fylkeskommunen viser og til at lovframlegget vil gi bortfall av årlege gebyrinntekter for fylka. Det vert vist til at lovframlegget vil føre til vesentlege utgifter for fylkeskommunane fordi 1/3 av gebyret som er betalt for sakshandsaminga skal betalast tilbake til løyvehavar ved innlevering av løyve. I Hedmark utgjer dette nærare 2 millionar kroner sidan 1980, fordelt på ca. 1700 løyve. Det vert vist til at det ikkje er gjort greie for korleis dette skal ordnast om SVV vert løyvestyresmakt. Hedmark fylkeskommune meiner at framlegget til endringar i løyveansvaret og i løyveordninga er omfattande, og at det er behov for ei grundig og nøye utgreiing av framlegga. Høyringsfristen på 8 veker gjev knapp tid for sakshandsaming. Fylkeskommunen meiner at høyringsfristen bør utsetjast/forlengjast slik at det vert tid til utgreiing og handsaming i alle fylkeskommunane.
Rogaland fylkeskommune støttar ikkje framlegget om å flytte løyveforvaltinga frå fylkeskommunane til staten. Dei meiner det er høgst usikkert korleis SVV vil organisere løyveforvaltinga ved ei eventuell overføring av ansvar. Det er ikkje avklart at overføringa vil medføre større sentralisering av oppgåvene. Ei overføring av dei aktuelle oppgåvene vil medføre at fagmiljøet vert splitta, fordi fylkeskommunane framleis skal ha ansvaret for dei behovsprøvde løyva.
Når det gjeld overføring av ansvaret for internasjonale løyve frå Samferdselsdepartementet til SVV er det få eller ingen merknader frå høyringsinstansane. Buskerud fylkeskommune, Oppland fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune er positive til framlegget.
10.4 Departementet si vurdering
Av dei høyringsinstansane som har merknader til dette framlegget, støttar 12, mellom anna 7 fylkeskommunar, departementet sitt framlegg om at ansvaret for dei ikkje-behovsprøvde løyva vert overført til eitt statleg organ. 8 høyringsinstansar, alle fylkeskommunar, går imot framlegget.
Høyringsinstansane som støttar departementet sitt framlegg viser til at dei meiner framlegget er fornuftig og rasjonelt, og at det vil sikre rettstryggleiken og lik handsaming av løyvesøknader. Det vert og peika på at framlegget vil føre til meir effektiv kontroll og vil lette arbeidet med kontroll. Fleire av fylkeskommunane framhever at sakshandsaminga av dei ikkje-behovsprøvde løyva ikkje vert handsama politisk, og at det ikkje er rom eller behov for lokale tilpassingar i vurderingane.
Einskilde høyringsinstansar viser til at dei ikkje kan sjå at det i dag er eit problem med ulik handsaming av løyvesøknadene. Departementet viser her til høyringsfråsegna frå Vegdirektoratet om at direktoratet si erfaring er at det er stor skilnad i handsaminga av søknadene både mellom dei einskilde fylkeskommunane og mellom fylkeskommunane og Vegdirektoratet, særleg når det gjeld vurderinga av vandel. Vegdirektoratet har etter departementet si vurdering best grunnlag for å vurdere om det ligg føre ulik handsaming av løyvesøknader. I samband med handsaminga av fellesskapsløyva ser Vegdirektoratet kva vurderingar fylkeskommunane har gjort ved tildelinga av nasjonale løyve.
Når det gjeld spørsmålet om SVV vil leggje ansvaret for løyvesakshandsaminga ut til dei ulike trafikkstasjonane, slik at målet om lik handsaming og rasjonalisering fell bort, viser departementet til at det er ein klar føresetnad frå departementet at ansvaret vert samla og lokalisert hos ei sentral løyvestyresmakt med lokalisering i Lærdal.
Nokre høyringsinstansar viser til at viktig kompetanse for vurderinga av tilsvarande vilkår for dei behovsprøvde løyva vil falle bort om løyveansvaret vert flytta. Det er og vist til at moglegheit for dialog med næringa forsvinn. Departementet vil peike på at det berre er for dei behovsprøvde løyva etter § 9 i yrkestransportlova at tilsvarande objektive vilkår for tilgang til yrket skal vurderast. Departementet ser at omsynet til likehandsaming er viktig for desse vurderingane og. Det kunne vore eit alternativ å krevje at dei som søkjer om løyve etter § 9 først må ha løyve etter § 4, slik at det berre er sjølve behovsprøvinga som skal skje lokalt. Departementet viser likevel til at det er ein viss skilnad i vurderinga av kravet til fagleg kompetanse for løyvesaker etter § 9 og for dei andre løyvesakene. I vurderinga av om ansvaret for prøvinga av dei objektive vilkåra for løyve etter § 9 skal liggje hos fylkeskommunane er det og lagt vekt på at vilkåra for å få løyve etter § 9 ikkje følgjer av forordning 1071/2009 om tilgang til yrket, men av nasjonale reglar. Det betyr og at sensitive opplysningar om ein transportør som har løyve etter § 9, ikkje skal leggjast inn i det nasjonale elektroniske registeret som skal opprettast etter reglene i forordning 1071/2009.
Departementet er klar over at moglegheita for løyvehavarar til direkte oppmøte hos løyvestyresmaktene vert mindre ved ei sentralisering. Dette kan ha nokre uheldige sider. Departementet meiner likevel at handsaminga av løyve kan gjennomførast på ein god og forsvarleg måte ved elektronisk handsaming og handsaming ved post, i kombinasjon med rådgjeving på telefon om nødvendig. Ei slik ordning fungerer allereie godt for Vegdirektoratet si handsaming av fellesskapsløyva og for løyvesøkjarar som ikkje bur i nærleiken av ein fylkesadministrasjon i dag.
Einskilde høyringsinstansar har vist til at utfordringane knytt til plikta til å føre eit elektronisk register og sikre tilstrekkeleg personvern kan løysast ved at SVV har ansvaret for dette registeret. Det vert vist til at det kan fastsetjast ei plikt for fylkeskommunane til å sende førespurnad til SVV om opplysningar i registeret ved utferding av nasjonale løyve, og ei plikt for fylkeskommunane til å melde frå til SVV om transportørar som vert erklært uskikka til å leie transportverksemd. I tillegg vert det vist til at Samferdselsdepartementet, som tidlegare, kan vere klageinstans for løyvesaker for å sikre likare handsaming.
Departementet meiner ein bør unngå å opprette ekstra system for meldeplikt mellom forvaltingsorgan om ein kan unngå det. Det vert for det første vurdert å vere meir rasjonelt at eitt og same organ er ansvarleg for registeret og for dei opplysningane som skal leggjast inn og sendast ut. Det vil og vere ei utfordring å sikre at meldeplikta vert følgd opp. Om relevante opplysningar ikkje vert lagt inn i registeret vil Noreg bryte dei EØS-rettslege pliktane som følgjer av forordningane i vegpakken.
Ansvaret for å utferde løyve for nasjonal persontransport vart ved lov lagt til fylkeskommunane i 1989. I 2003 vart det same gjort for godstransport, med den følgje at fylkeskommunane handsamer klager over eigne vedtak om tildeling av person- og godstransportløyve. Det vart den gong ikkje vurdert å vere teneleg at departementet sat med ansvaret for slike saker. Denne oppfatninga er ikkje endra.
Det vert vist til at høyringsfristen har vore for kort, og einskilde instansar meiner framlegget om å overføre ansvaret for dei ikkje-behovsprøvde løyva burde vore betre utgreidd. Høyringsfristen i saka var 10 veker. Departementet vurderer dette som tilstrekkeleg tid til å uttale seg om framlegget. Berre ein høyringsinstans ba om utsetjing av fristen innan han gjekk ut. Departementet meiner vidare at saka er tilstrekkeleg opplyst. Framlegget om overføring av ansvar gjeld eit avgrensa område i form av tildeling av transportløyve etter objektive vilkår. Tildelingane vert gjort, som fleire fylkeskommunar viser til, reint administrativt. Det er heller ikkje behov for lokalkunnskap ved vurderinga av dei objektive vilkåra. Departementet har innhenta informasjon om kor mange tilsette som arbeider med tildelinga av dei aktuelle løyva i dei ulike fylkeskommunane, og har med det eit grunnlag for å vurdere ressursbruken på området.
Ein fylkeskommune har peikt på at det vil vere i strid med prinsippa i forvaltingsreforma å overføre ansvar frå fylkeskommunane til staten. Samferdselsdepartementet har vurdert dette argumentet og ser at framlegget kan sjå ut til å vere i strid med eitt av måla i forvaltingsreforma. Departementet legg vekt på at det er få tilsette i kvar fylkeskommune som arbeider med utferding av løyve, berre 0,5 til 2 stillingar i kvart fylke. Departementet la i høyringa til grunn at dei tilsette i desse stillingane bør kunne få andre oppgåver innan fylkeskommunen, slik at det ikkje vil vere aktuelt med oppseiingar. Når det gjeld det siste punktet er det i høyringsrunden kun ein fylkeskommune som har kommentert at fylkeskommunane mister arbeidsoppgåver utan at dei blir kompensert for dette. Departementet meiner likevel at den ulempa fylkeskommunen peiker på ikkje kan ventast å få store verknader for fylkeskommunen totalt sett.
To høyringsinstansar har peika på at fylkeskommunane har ansvar for transportberedskapen i fylka og at beredskapen bør vurderast på nytt om løyveansvaret vert omorganisert. Departementet viser til at når det gjeld ansvar for beredskap i transportsektoren, har fylkeskommunane ansvar for ein betydeleg del av vegnettet etter forvaltningsreforma i 2010. Nødvendig dialog med transportnæringa i dette arbeidet vil framleis kunne ivaretakast sjølv om delar av løyveansvaret vert overført til SVV. Mellom anna vil dei relevante opplysningane om løyvehavare vere tilgjengelege i den opne delen av registeret som skal forvaltast av SVV.
Hedmark fylkeskommune meiner at lovframlegget vil føre til utgifter for fylkeskommunane fordi 1/3 av løyvegebyret skal betalast tilbake til løyvehavar ved innlevering av løyve. Departementet viser til at denne regelen går fram av yrkestransportforskriften § 12 og at dette spørsmålet er noko ein kan komme tilbake til når dei nærare reglane i forskrifta skal fastsetjast.
Ut frå ei heilskapleg vurdering av framlegget og høyringsutsegna meiner departementet at det er fornuftig og rasjonelt å samle ansvaret for dei ikkje-behovsprøvde løyva i SVV. Det vil etter departementet si vurdering vere mest teneleg å gjennomføre dette ved å flytte løyveansvaret til SVV, og samstundes innføre eit felles løyve for nasjonal og internasjonal transport. Etter departementet si vurdering veg omsyna til likehandsaming, rettstryggleik og personvern, samt gevinsten ved mindre ressursbruk, tyngre enn omsyna til geografisk nærleik til løyvestyresmakta og kompetansen i fylkeskommunen på eit avgrensa område. Det vert særleg vist til at eit viktig omsyn bak vegpakken er å styrke krava til likehandsaming, og til at drifta av det elektroniske registeret gjør omsyna til rettstryggleik og personvern særleg viktige.
Departementet viser til grunngjevinga for framlegget generelt og held fast ved framlegget til lovendring.