8 Erklæring om at transportleiar er uskikka til å drive transportverksemd
8.1 Høyringsframlegg
Departementet kom i høyringsnotatet med framlegg om ny § 26 a i yrkestransportlova. Paragrafen skal gje heimel for at løyvestyresmaktene kan fatte vedtak om at ein transportleiar er uskikka til å leie transportverksemd dersom transportleiar ikkje lenger oppfyller kravet til god vandel. Det bør gå fram av lova at erklæringa må stadfeste at ho gjeld for den perioden kravet til god vandel ikkje er oppfylt. Det vart gjort framlegg om at departementet får heimel til å fastsette nærare reglar om erklæring om at transportleiar er uskikka til å drive transportverksemd.
I høyringsframlegget vart det vist til at å erklære ein transportleiar uskikka til å leie transportverksemd er å gå eit skritt lenger enn å kalle tilbake løyve som det er heimel for i yrkestransportlova i dag. Departementet si vurdering i høyringsframlegget var at ei slik erklæring vil vere eit einskildvedtak etter lov 10.02.1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven). Erklæringa vil vere ei avgjerd som gjeld rettane til ein bestemt person, jf. forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav a og b.
I høyringa viste departementet til at det krev heimel i lov å fatte vedtak om at ein transportleiar er uskikka til å leie ei transportverksemd.
Departementet viste i høyringa til at det ved fastsetting av forskrifter på området bør leggjast vekt på at løyvestyresmaktene på nytt skal vurdere om kravet til god vandel er oppfylt etter at den perioden merknadene på politiattesten som ligg til grunn for erklæringa er gått ut.
8.2 Høyringsfråsegn
Norges Lastebileier-Forbund meiner det er viktig å få ein klar lovheimel som gjer at ein transportleiar kan erklærast uskikka til å ha løyve. Vidare meiner NLF at dei nærare krava om at ein transportleiar må ta nytt løyvekurs/realkompetansevurdering etter at han vert erklært uskikka og før nytt løyve blir tildelt, må verte utfyllande regulert i forskrifta som vil bli utarbeidd seinare.
NHO Logistikk og Transport sluttar seg til alle dei tre forslaga til lovendring (forslag om krav til etablering, heimel for elektronisk register og erklæring om at transportleiar er uskikka), fordi det gjev betre moglegheit til å oppretthalde og skjerpe krava til seriøsitet i transportmarknaden i heile EØS-området.
8.3 Departementet si vurdering
Dei to høyringsinstansane med merknader på dette punktet, er positive til at det vert innført heimel i lov for at styresmaktene skal kunne erklære transportleiar, som ikkje lenger oppfyller kravet til god vandel, som uskikka til å leie transportverksemd.
Nærare reglar på området vil verte fastsett i forskrift.
Departementet viser til grunngjevinga for framlegget generelt og held fast ved framlegget til lovendring.