Tilråing
Samferdselsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av forordning (EF) nr. 1071/2009, 1072/2009 og 1073/2009 og endringar i organiseringa av løyvestyresmaktene mv.) i samsvar med eit vedlagt forslag.