6 Krav om etablering i landet der løyve vert utferda
6.1 Høyringsframlegg
Det vart i høyringsnotatet gjort framlegg om å ta inn ein heimel i yrkestransportlova § 4 (2) bokstav a) for å krevje at transportørar som søkjer løyve for person- og godstransport på veg etter §§ 4 og 5 i yrkestransportlova skal vere etablerte i Noreg. Det vart i høyringa lagt opp til at dei nærare reglane om etablering skal fastsetjast i forskrift.
Framlegget om å innføre eit formelt krav i lova om at dei som driv transportverksemd med løyve utferda av norske styresmakter skal vere etablerte i landet, vart gjort for å oppfylle forpliktingane som følgjer av forordning 1071/2009 om ho vert teke inn i EØS-avtalen.
Departementet viste i høyringsframlegget til at det vil vere fornuftig å innføre eit formelt krav om etablering i tråd med reglane i forordning 1071/2009, fordi transportørar som driv verksemd med grunnlag i løyve utferda av norske styresmakter bør oppfylle dei krava som gjeld for å drive verksemd i Noreg. Det vart vist til at etablering i landet er praktisk av omsyn til kundar, dei tilsette i verksemda og kontakten med offentlege styresmakter. Det er ein fordel for kundane at verksemda er etablert i Noreg dersom det oppstår usemje mellom partane i eit kundeforhold.
Det vart i høyringsframlegget og vist til at sjølv om dei fleste som i dag har løyve utferda av norske styresmakter allereie er etablerte i Noreg, vil innføringa av eit formelt krav om etablering vere med på å hindre at transportørar med perifer tilknyting til Noreg kan drive verksemda si med norske løyve. Innføringa av eit krav om etablering vil vere med på å sikre at transportørar ikkje omgår norske reglar ved å drive verksemda si frå andre land.
6.2 Høyringsfråsegn
Norsk Transportarbeiderforbund ønskjer at etableringskravet føreset at kontoret som blir etablert, faktisk har tilsette som har juridisk ansvar for å drive verksemda. Dette fordi det må sjåast i samanheng med den store aukinga av «postboksverksemder» i Europa. Landsorganisasjonen i Norge har same meining på dette punktet.
Norges Lastebileier-Forbund (NLF) støttar behovet for heimel til å krevje at transportørar som søkjer om løyve, må vere etablerte i Noreg. NLF meiner det er ein føresetnad at det vert etablert gode kontrollrutiner i forskrifta, og at det vert sett av nødvendige ressursar til å drive effektiv kontroll.
NHO Transport meiner at det er positivt at det vert stilt krav om etablering i Noreg for dei som skal utøve løyvepliktig transport. NHO Transport meiner dette vil medverke til at transportørar ikkje kan omgå norske reglar ved å drive transportverksemd frå andre land.
6.3 Departementet si vurdering
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg til dette punktet, er positive til lovframlegget om at etableringskravet vert teke inn som eit krav for tildeling av løyve etter yrkestransportlova.
Når det gjeld merknaden frå Norsk Transportarbeiderforbund om at det må stillast krav til at kontoret som vert etablert har tilsette som har juridisk ansvar for å drive verksemda, viser departementet til forordning 1071/2009 art. 3 (1) bokstav a) jf. art. 5. Det følgjer av forordninga art. 4 at verksemda skal ha ein ansvarleg transportleiar med reell tilknyting til verksemda.
Departementet viser til grunngjevinga for framlegget i høyringsnotatet og held fast ved framlegget til lovendring.