9 Løyveordninga og tida eit løyve gjeld
9.1 Gjeldande rett
Det vert her gjeve ei oversikt over dei ulike løyva for transport på veg som har heimel i yrkestransportlova. Løyva kan delast inn i seks hovudgrupper. I tillegg kjem to typar tillatingar for transport utanfor EØS.
Det er i dag fire typar løyve etter yrkestransportlova som ikkje er behovsprøvde:
(i) løyve for nasjonal persontransport utanfor rute etter § 4 i lova,1
(ii) løyve for nasjonal godstransport etter § 5 i lova,
(iii) løyve for internasjonal persontransport i EØS (fellesskapslisens), sjå § 10 (1) i lova, § 2 i den internasjonale forskrifta samt artikkel 3a i forordning 684/92 endra ved forordning 11/98, og
(iv) løyve for internasjonal godstransport i EØS (fellesskapstillatelse), sjå § 10 (1) i lova, § 4 i den internasjonale forskrifta samt artikkel 3 i forordning 881/92 endra ved forordning 11/98.
Vilkåra for alle fire løyvetypane er likelydande. Nærare reglar om dei ulike løyveordningane er fastsett i yrkestransportforskriften.
Persontransport i rute og persontransport utanfor rute med køyretøy som har under 9 seter medrekna førarsetet, er behovsprøvd. For desse transportslaga krevst særskilt løyve:
(v) behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute, jf. yrkestransportlova § 6, og
(vi) behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn utanfor rute, jf. yrkestransportlova § 9.
Løyve etter § 6 i yrkestransportlova omfattar all rutetransport med motorvogn. Dei som søkjer om ruteløyve etter § 6 må først ha løyve etter § 4.
Løyve etter § 9 omfattar i praksis transport med drosje, selskapsvogn og køyretøy for transport av funksjonshemma. Det er ikkje eit krav at dei som søkjer om løyve etter § 9 har løyve etter § 4. Dei må likevel oppfylle krava til vandel og økonomi, og eit noko tilpassa krav til fagleg kompetanse.
Det vert ikkje gjort framlegg om endringar i løyveordningane for dei behovsprøvde løyva etter yrkestransportlova §§ 6 og 9.
Transportørar som vil drive transport til land utanfor EØS må, med heimel i yrkestransportlova § 10 (1), i tillegg til løyve etter §§ 4 eller 5, ha:
(vii) tillating som normalt gjeld for ein tur, frå det landet der transporten skal utførast med grunnlag i tosidig avtale mellom Noreg og det aktuelle landet, om ikkje anna følgjer av avtale der Noreg er part, og
(viii) multilateral tillating som gjeld for eitt år, med grunnlag i ECMT sin multilaterale kvote.
Talet på tillatingar vert fastsett etter avtale mellom dei landa dei gjeld for. Systemet med internasjonale tillatingar vert ikkje omfatta av framlegget til lovendringar.
Nasjonale løyve etter ytl. §§ 4 og 5 gjeld utan avgrensing i tid, jf. ytl. § 27 (1).
Fellesskapsløyve, sjå ytl. § 10 (1), gjeld i 5 år, jf. den internasjonale forskrifta §§ 2 første ledd og 4 første ledd, samanlikn forordning (EØF) nr. 881/92 art. 5 nr. 5 og forordning nr. 684/92 art. 3a nr. 4.
9.2 Høyringsframlegg
Departementet kom i høyringsnotatet med framlegg om endring i yrkestransportlova §§ 4 og 5 slik at det går direkte fram av lova at løyve etter desse reglane skal gjelde for både nasjonal og internasjonal transport. Framlegget vart gjort på bakgrunn av at vilkåra for å få nasjonalt løyve etter yrkestransportlova §§ 4 og 5 og fellesskapsløyve, jf. yrkestransportlova § 10, er identiske. Å gjere fellesskapsløyve gjeldande som løyve for nasjonal transport inneber at det vert eitt felles løyve for nasjonal og internasjonal persontransport etter yrkestransportlova § 4, og eitt felles løyve for nasjonal og internasjonal godstransport etter yrkestransportlova § 5.
Departementet gjorde i høyringsnotatet og framlegg om at ytl. § 27 vert endra slik at løyve etter §§ 4 og 5 gjeld for 10 år, og ikkje som i dag utan avgrensing i tid. Når ytl. §§ 4 og 5 og blir heimel for fellesskapsløyve, inneber det at slike løyve etter endringa og skal gjelde for 10 år, ikkje for 5 år som i dag.
Departementet gjorde og framlegg om å endre ytl. § 27 (2) slik at løyve som er gjevne før denne lova tek til å gjelde, gjeld for ei tid som vert nærare fastsett av departementet.
Om framlegget om å samle ansvaret for dei nemnde løyva hos ei sentral løyvestyresmakt får gjennomslag, jf. pkt. 10.2 under, vil det vere eit ekstra argument for å slå saman nasjonalt og internasjonalt løye. Det er ikkje rasjonelt å ha to ulike former for løyve som prov på at dei same krava er oppfylte.
Departementet viste i høyringsnotatet til at slik reglane i yrkestransportlova §§ 4 og 5 er utforma, er det ikkje strengt nødvendig å endre lova for å gjennomføre ei samanslåing av løyveordningane. Ei slik omlegging av løyveordningane er ikkje i strid med ordlyden i § 4 eller andre reglar i yrkestransportlova. Det vart i høyringa vist til at ei slik endring vil gjere lova meir oversiktleg og tilgjengeleg, samstundes som det er ei klar markering av at det vert gjort endringar i løyveordninga.
Departementet viste i høyringa til at regelen i yrkestransportlova § 10 (1) om at dei som vil ha løyve for internasjonal transport må ha rett til å utføre tilsvarande transport innanlands, ikkje lenger vil vere nødvendig for å fastsetje krava for å få fellesskapsløyve. Yrkestransportlova § 10 (1) er likevel nødvendig heimel for å krevje at dei som søkjer om løyve til transport utanfor EØS, må oppfylle krava til yrkestilgang. Det vert difor ikkje gjort framlegg til reelle endringar i denne regelen.
Om Stortinget går inn for at fellesskapsløyve skal gjelde for nasjonal transport med heimel i ytl. §§ 4 og 5, er det nødvendig å endre yrkestransportlova slik at tida eit løyve etter §§ 4 og 5 skal gjelde for, svarar til perioden eit fellesskapsløyve gjeld for. Etter dei nye reglane i vegpakken gjeld fellesskapsløyve for 10 år, ikkje for 5 år som i dag. For at det ikkje skal vere mange forskjellige løyvedokument i omløp, bør dei løyva som allereie er utferda skiftast ut etter ein viss periode.
Det er i dag om lag 35 000 gyldige løyve for godstransport og 12 000 gyldige turvognløyve. Det vil utan endringar i regelverket ta lang tid før alle løyva er skifta ut med fellesskapsløyve. Departementet meinte i høyringsframlegget at det vil vere teneleg å gje departementet heimel i yrkestransportlova til å fastsetje i forskrift kor lenge nasjonale løyve som allereie er utferda skal gjelde. Det vil ikkje vere aktuelt å sette tida for kor lenge desse løyva skal gjelde til mindre enn 10 år rekna frå iverksettinga av lova. For dei som søkjer om nytt fellesskapsløyve etter at lova tek til å gjelde, vil det likevel vere naturleg å krevje at det nasjonale løyvet fell bort ved tildeling av nytt løyve.
9.3 Høyringsfråsegn
Østfold fylkeskommune meiner framlegget om felles løyve for nasjonal og internasjonal transport er fornuftig ut frå at det er dei same krav og vilkår som gjeld for begge løyva. I tillegg meiner dei at det verkar fornuftig at løyva skal gjelde for 10 år.
Akershus fylkeskommune meiner ei samanslåing av nasjonale og internasjonale løyve vil forenkle administrasjonen for alle partar fordi vilkåra for begge løyvetypane er like. Fylkeskommunen er positiv til ei avgrensing i tida eit løyve gjeld. Ein kan då lettare stadfeste og følgje opp løyva.
Vestfold fylkeskommune meiner at å slå saman nasjonalt og internasjonalt løyve i nokre tilfelle vil vere ei rasjonalisering fordi ein berre treng å utferde eitt løyve uavhengig av om ein løyvehavar driv nasjonal og/eller internasjonal transport. Det vil verte rimelegare for dei transportørane som driv både nasjonal og internasjonal transport fordi dei berre må betale eitt gebyr. Dei er og opptekne av at ei avgrensing i tid for dei ikkje-behovsprøvde løyva ikkje skal medføre auka kostnader for løyvehavarane. Fylkeskommunen meiner det er viktig at løyvehavarane vert stilt økonomisk likt som i dag når det gjeld gebyr o.a.
Troms fylkeskommune er positiv til framlegg om å slå saman nasjonalt løyve og fellesskapsløyve. Det vil gjere det enklare for transportørane og sakshandsaminga vil verte raskare.
Buskerud fylkeskommune meiner at ei samanslåing av nasjonale og internasjonale løyve ikkje er rasjonell. Fylkeskommunen vurderer at minst 75% av løyvehavarane berre driv nasjonal transport. Om ein krev fornying kvart tiande år inneber det meirarbeid for styresmaktene og for dei løyvehavarane som berre driv nasjonal transport. Sjølv om ein vedtek samanslåing av nasjonale og internasjonale løyve, ser ikkje fylkeskommunen grunn til å avgrense tida eit løyve gjeld. Det vert vist til at vandelskravet for løyve i dag skal vurderast kvart femte år. Om det er slik at det må vere ei avgrensing i tid for internasjonale løyve vil det skape ei unødig og rigid ordning for dei som berre driv transport innanlands.
Rogaland fylkeskommune meiner at ei eventuell samanslåing av nasjonale og internasjonale løyve, uavhengig av kven som er løyvestyresmakt, ikkje vil vere rasjonell dersom løyva må fornyast kvart tiande år. Ein kan tru at minst 75% av løyvehavarane berre driv nasjonal transport og har i dag løyve som er uavgrensa i tid såframt kravet til vandel er oppfylt.
Hedmark fylkeskommune uttalar at: «Dagens gebyrnivå dekker utgifter til løyvesaksbehandlingen, og en sammenslåing av nasjonalt og internasjonalt løyve gir mindre utgifter for transportør – ett gebyr istedenfor to. Forslaget om at løyvehaver må betale nytt gebyr ved hver fornying vil imidlertid gi større utgifter på sikt.» Vidare at: «Gyldighetstid på løyver foreslått til 10 år er en god måte å luke ut løyver som ikke er i bruk, løyverhavere som er gått bort, endringer i driftsform mv.»
Oslo kommune viser til at framlegget om at fellesskapsløyve og skal gjelde som nasjonalt løyve inneber at dei nasjonale ikkje-behovsprøvde løyva må avgrensast i tid. Når det vert gjort framlegg om at alle løyve skal fornyast kvart tiande år, kan kommunen ikkje sjå at det vil medverke til å nå målet om ei forenkling av administrasjonen.
Norges Lastebileier-Forbund har ingen merknader til samanslåing av nasjonale og internasjonale løyve. Når det gjeld avgrensing i tida eit løyve gjeld, meiner dei at transportørar som berre har nasjonale løyve og ikkje søkjer om nye løyve eller fellesskapsløyve, ikkje skal få avgrensa varigheita på løyva, eventuelt at avgrensinga vert satt til meir enn 10 år. Når det gjeld gyldigheit for fellesskapsløyve meiner NLF at det er greit med 10 år. NLF meiner det er ein fordel at løyve som ikkje vert fornya etter ei tid fell bort. Vidare meiner NLF at ei fornying av løyve etter 10 år skal vere gratis. Samordninga må etter NLF si oppfatning føre til stordriftsfordelar og lågare gebyr for utferding av løyve.
NHO Transport meiner det er fornuftig å få eitt felles løyve for nasjonal og internasjonal transport. Det vert vist til at det kan forenkle arbeidet for norske transportverksemder og gjere kostnaden ved løyve lågare. Dei har ikkje merknader til at tida eit løyve gjeld vert satt til 10 år, men meiner at første gongs fornying av løyve må vere gratis, jf. departementet sitt framlegg om at allereie gitte løyve skal ha ei utløpstid.
Vegdirektoratet peiker på at ei samanslåing av løyve vil medføre ei forenkling i sakshandsaminga. Det vil samstundes vere ei ulempe at dei som tidlegare berre hadde nasjonalt løyve må søke på nytt kvart tiande år.
9.4 Departementet si vurdering
Dei høyringsinstansane som støttar departementet sitt framlegg om endring i yrkestransportlova §§ 4 og 5 slik at det går direkte fram av lova at løyve etter desse reglane skal gjelde for både nasjonal og internasjonal transport, er langt på veg samde i at tida dei nasjonale løyva gjeld vert avgrensa til 10 år. Desse instansane legg vekt på at framlegget er fornuftig og vil innebere ei rasjonalisering og ei forenkling av løyvehandsaminga. Det vert og vist til at avgrensinga i tid vil gje betre oversikt over aktive løyve.
Nokre høyringsinstansar går imot framlegget om at tida eit nasjonalt løyve gjeld skal verte avgrensa til 10 år som følgje av at fellesskapsløyve og skal gjelde som nasjonalt løyve.
Dei fylkeskommunane som går i mot framlegget om avgrensing i tid viser til at ei fornying av dei nasjonale løyva kvart tiande år vil føre til meir arbeid for løyvestyresmaktene og for dei løyvehavarane som berre driv nasjonal transport. I tillegg vert det vist til at framlegget vil føre til høgare kostnader for nasjonale løyvehavarar.
Det er departementet si vurdering at kravet til ei fornying av løyve kvart tiande år ikkje vil innebere ei kostnadsauke av betyding for løyvehavarane. I dag er gebyret på kr 3400. Eit gebyr av denne størrelsen kvart tiande år vert ikkje vurdert å kunne ha særleg verknad på drifta av transportverksemdene.
Departementet finn heller ikkje at ein søknad om fornying av løyvet kvart tiande år vil innebere særleg meirarbeid for løyvehavarane.
For løyvestyresmaktene vil administrasjonen av dei nasjonale løyva isolert sett verte noko meir omfattande enn i dag. Det er departementet si vurdering at dette vil verte meir enn vege opp for totalt sett, ved at det totale talet på løyve vil verte lågare ved ei samanslåing. I tillegg meiner departementet at om framlegget til overflytting av ansvaret for dei ikkje-behovsprøvde løyva til eitt sentralt organ vert vedteke, vil rasjonaliseringsgevinsten vere stor her og. Departementet merkar seg og argumentet om at ved å ha ei tidsavgrensning på løyve, vil det vere lettare å stadfeste og følgje opp korrekt tal på løyve. Departementet er einig i denne argumentasjonen.
I høyringsnotatet vert det gjort framlegg til endringar i ytl. § 27(2) om at løyve som er gjevne når denne lova tek til å gjelde, gjeld for ei tid som vert nærare fastsett av departementet. Dette framlegget er flytta til del II i lovframlegget.
Departementet viser til grunngjevinga for framlegget generelt og held fast ved framlegget til lovendring.
Departementet gjer merksam på at det ikkje vil vere teneleg å slå saman løyva om ein ikkje samstundes går inn for framlegget under pkt. 10 om å overføre ansvaret for dei ikkje-behovsprøvde løyva frå fylkeskommunen til Statens vegvesen.