1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om forlenging av eksisterande bompengeordning for Nord-Jærenpakka med inntil fem år.
Nord-Jærenpakka er omtalt m.a. i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, side 163-165. I St.prp. nr. 58 (2008-2009), jf. Innst. S. nr. 230 (2008-2009), blei det lagt til grunn at Nord-Jærenpakka skulle fullførast gjennom innkrevjing av bompengar til utløpet av 2011. Det blei vist til at konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet på Jæren, med påfølgjande ekstern kvalitetssikring (KS1) vil gi grunnlag for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar av større samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet med utforming av Jærenpakke 2.
Sluttføringa av arbeidet med konseptvalutgreiinga og ekstern kvalitetssikring av denne tek lengre tid enn tidlegare lagt til grunn. Det er ikkje mogleg å leggja eit forslag til Jærenpakke 2 fram for Stortinget innan utløpet av 2011. Rogaland fylkeskommune la derfor hausten 2010 fram eit forslag til forlenging av eksisterande bompengeordning for Nord-Jærenpakka. Det er lagt opp til å forlenga eksisterande ordning med inntil fem år for å finansiera ei rekkje tiltak både på riks- og fylkesvegnettet.