8 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at Nord-Jæren er eit av dei sterkaste vekstområda i landet. Prognosane for befolkningsutviklinga tyder på at befolkningsveksten vil skje svært raskt, noko som gir særskilte transportutfordringar. Det er utarbeidd ei konseptvalutgreiing for transportsystemet på Jæren, og arbeidet med ekstern kvalitetssikring (KS1) pågår. Konseptvalutgreiinga med påfølgjande ekstern kvalitetssikring vil inngå i grunnlaget for Nasjonal transportplan for perioden 2014-2023 og gi grunnlag for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar av større samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet med utforming av Jærenpakke 2.
Samferdselsdepartementet viser til at høyringsforslaget presenterte tre alternativ for forlenging av Nord-Jærenpakka der alle alternativa la opp til fire års forlenging. I tillegg var det lagt opp til ei forlenging på to år for å fullfinansiera E39 Eiganestunnelen, evt. ytterlegare eitt år for å fullfinansiera E39 Sandved – Hove, dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2. Kommunane er ikkje samde om val av opplegg. Fleire kommunar meiner at dagens bompengeordning bør oppretthaldast utan endringar i takst- og rabattsystemet. Sandnes kommune har føresett at fylkestinget i hovudsak stadfester prioriteringane i ei framtidig Jærenpakke 2. Samferdselsdepartementet meiner at transportutfordringane på Jæren må sjåast i ein regional samanheng på tvers av kommunegrensene. Departementet sluttar seg derfor til fylkestinget sitt vedtak som inneber inntil 5 års forlenging, uendra takstnivå og endring av maksimal rabatt på 40 pst. til 20 pst. flat rabatt for abonnentar.
Dersom Stortinget sluttar seg til ei ny trafikantordning (Jærenpakke 2) innan fem år, vil denne avløysa vidareføringa av dagens ordning. Dei økonomiske pliktene knytt til igangsette prosjekt innafor Nord-Jærenpakka vil derfor bli overførte til den nye bompengeordninga. Dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2, føreset Samferdselsdepartementet at bompengeordninga for Nord-Jærenpakka blir oppretthalden til føresette bompengebidrag til igangsette prosjekt og kostnadene ved avviklinga av bompengeordninga, er finansierte. Departementet føreset vidare at Rogaland fylkeskommune sluttar seg til dette før evt. prosjekt som fører til forlenging ut over 5 år blir starta opp.
Samferdselsdepartementet viser til at det har vore ein stor auke i kostnadene for fleire av prosjekta sidan fylkeskommunen utarbeidde opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka. I ei bompengepakke må omfanget av utbygginga tilpassast den økonomiske ramma. Som tidlegare skal endelege prioriteringar innafor Nord-Jærenpakka skje gjennom dei årlege budsjetta. Samferdselsdepartementet føreset at Rogaland fylkeskommune, i samarbeid med staten, sikrar god koordinering av prioriteringane, som grunnlag for staten og lokale styresmakter sitt behov for styring og kontroll med bruk av budsjettmidlar og bompengar. Prioriteringsarbeidet må tilpassast arbeidet med statsbudsjettet, slik at m.a. fordelinga av bompengar det enkelte år er avklart før statsbudsjettet blir lagt fram. Ved oppstart av nye prosjekt må det liggja føre finansieringsplanar som sikrar fullfinansiering innafor avklarte økonomiske rammer til Nord-Jærenpakka.
Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til utbyggings- og finansieringsplan for prosjektet E39 Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre.