2 Bakgrunn
Rogaland fylkeskommune og kommunane på Nord-Jæren slutta seg i 1991 til innhaldet i transportplanen for Nord-Jæren. Planen blei revidert i 1996. Den reviderte planen hadde ein tidshorisont på 10 år og gjaldt for perioden 1998-2007. På bakgrunn av den reviderte transportplanen blei det i 1997 utarbeidd ein handlingsplan for utbygging av transportsystemet på Nord-Jæren. Handlingsplanen blei behandla lokalpolitisk hausten 1997, parallelt med behandlinga av Statens vegvesen og Jernbaneverket sine handlingsprogram for perioden 1998-2007. Handlingsplanen er seinare blitt revidert og omfattar no perioden fram til 2015.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 14 (1998-99) gav Stortinget samtykke til bompengeinnkrevjing for delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Nord-Jæren, jf. Innst. S. nr. 151 (1998-99). Innkrevjinga starta i april 2001, og i utgangspunktet var det lagt til grunn ein bompengeperiode på 10 år. Finansieringa var basert på bompengar, statlege midlar, fylkeskommunale midlar og kommunale midlar.
Gjennom den lokalpolitiske behandlinga av Statens vegvesen sitt forslag til handlingsprogram for perioden 2002-2011, blei det gitt tilslutning til prioriteringane innafor Nord-Jærenpakka i perioden 2002-2005. Vidareføringa etter 2005 blei behandla i to trinn. Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) ga Stortinget si tilslutning til endringar i bompengeordninga. Bompengetakstane blei auka til 13 kr for lette køyretøy og 26 kr for tunge køyretøy. Vidare blei det lagt opp til kontinuerleg innkrevjing, dvs. heile døgnet og alle vekedagar. Gjennom den lokalpolitiske behandlinga av Statens vegvesen sitt forslag til handlingsprogram for perioden 2006-2015, blei det gitt tilslutning til prioriteringane innafor Nord-Jærenpakka i perioden 2006-2009.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 58 (2008-2009), jf. Innst. S. nr. 230 (2008-2009), blei det gitt tilslutning til eit opplegg for fullføring av Nord-Jærenpakka ved å auka inntektene fram til utløpet av 2011. Prioriteringane i St.prp. nr. 58 er følgde opp gjennom Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2010-2013 og Rogaland fylkeskommune sitt handlingsprogram for den same perioden, og gjennom dei årlege budsjetta.
I St.prp. nr. 58 blei det lagt opp til å auka bompengetakstane til 20 kr for lette køyretøy og 50 kr for tunge køyretøy. Ordninga med at trafikantane berre betaler for ei passering pr. time og 75 passeringar pr. månad blei oppretthalden. Maksimal rabatt blei endra frå 50 til 40 pst. Endringane blei gjort gjeldande frå 1. juli 2009, og innkrevjinga blei automatisert gjennom ei forenkla automatisert løysing frå 16. september 2009.