6 Trafikk- og inntektsgrunnlag
Statistikk frå Nord-Jæren Bompengeselskap AS viser at årsdøgntrafikken gjennom bomstasjonane var vel 112 000 kjøretøy i 2010. For å vurdera den framtidige trafikkveksten er det tatt utgangspunkt i trafikken gjennom bomstasjonane i perioden 2001-2010. Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 2,2 pst. i perioden 2010-2014 og 1,9 pst. etter 2014.
Trafikken har variert noko frå år til år i perioden 2001-2010. I 2005 og 2009 blei det gjennomført vesentlege endringar i bompengeordninga, med auka takstar, jf. kap. 2. Den gjennomsnittlege trafikkveksten har vore på vel 4 pst. pr. år.
I 2010 utgjorde netto bompengeinntekter (midlar til utbyggingsformål) om lag 380 mill. kr. Gjennomsnittleg inntekt pr. passering var 10,15 kr.
I dag omfattar innkrevjingsopplegget 21 bomstasjonar. Fire bomstasjonar er plasserte på riksvegar, 15 på fylkesvegar og to på kommunale vegar. Det er planlagt ytterlegare ein ny bomstasjon. Denne vil bli etablert på rv 510 Solasplitten når dette prosjektet blir opna for trafikk hausten 2012. Samtidig er det planlagt å flytta bomstasjonen på den kommunale Åsenveien ei kort strekning. Desse to bomstasjonane vil fanga opp all trafikk mellom Sola og Stavanger/Sandnes langs både Solasplitten og Åsenveien.
Statens vegvesen har rekna på framtidige bompengeinntekter ut frå føresetnadene i fylkestinget sitt vedtak. Med 5 års forlenga innkrevjing, uendra takstnivå og endring av maksimal rabatt på 40 pst. til flat rabatt på 20 pst. for abonnentar, stipulerer Statens vegvesen samla bompengeinntekter i perioden 2012-2016 til om lag 2,4 mrd. kr. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget. Konklusjonen i denne kvalitetssikringa er at dei estimata som er gjorde, blir vurderte som konservative og at anslaget på netto bompengeinntekter er rimeleg robust.