3 Status for Nord-Jærenpakka
Sidan 1998 er det gjennomført rundt 100 prosjekt og tiltak innafor Nord-Jærenpakka. Totalt er det investert om lag 6 mrd. kr. Av dette er om lag 40 pst. finansiert med bompengar.
Tabell 3.1 viser store vegprosjekt som vil vera fullførte eller starta opp ved utløpet av 2011.
Tabell 3.1 Store prosjekt som er starta opp eller gjennomførte
Prosjekt | Status |
---|---|
Rv 510 Solasplitten | Vert fullført i 2012 |
Fv 505 Ny Foss – Eikeland bru | Fullført i 2011 |
E39 Tjensvollkrysset | Fullført i 2010 |
E39 Stangeland – Sandved* | Fullført i 2010 |
Rv 44 Stangeland – Skjæveland | Fullført i 2007 |
Rv 44 Omkjøringsveg Klepp** | Fullført i 2007 |
Fv 427 Storhaugtunnelen | Fullført i 2001 |
E39 Solasplittkrysset | Fullført i 2001 |
Rv 13 Hove – Vatnekrossen | Fullført i 2000 |
E39 Forus – Stangeland | Fullført i 1998 |
* Gjennomført ved m.a. forskottering av statlege midlar
** Omklassifisert til fylkesveg frå 1. januar 2010.
Innafor Nord-Jærenpakka har det også vore ei stor satsing på programområdetiltak (kollektivtrafikktiltak, trafikksikringstiltak, bygging av gang- og sykkelvegar og miljøtiltak). Mellom anna er det bygd kollektivfelt langs fv 44 (tidlegare rv 44) i Stavanger, rv 509 i Stavanger, fv 332 (Hanaveien/Gravarsveien) i Sandnes og ny kollektivtrasé aust/vest over E39 i Forusområdet. Kollektivtraséen blir ferdigstilt i 2012. Fleire kollektivterminalar er blitt etablerte eller ombygde. Det er bygd midtrekkverk på E39-strekningane Stangeland – Hove og Hove – Osli. Andre større trafikktryggleikstiltak er utbetring av Hinnasvingane på fv 44 og bygging av fleire undergangar på rv 509. Det er gjennomført større gang- og sykkelvegprosjekt på strekningar langs rv 509 og fleire fylkesvegar. Vidare er det gjennomført miljøtiltak som ombygging av gater til miljøgater/gatetun samt støytiltak. I tillegg er det nytta mykje midlar til planlegging.
I St.prp. nr. 14 (1998-99) var det ein omtale av aktuelle jernbaneprosjekt på Nord-Jæren. Prosjekta var føresett fullfinansierte med statlege midlar. Utbygginga av nytt dobbeltspor mellom Stavanger og Sandnes blei fullført i 2009. Det er etablert tre nye stasjonar på jernbanen: Paradis, Gausel og Jåttåvågen. Mariero stasjon er flytta og oppgradert, medan Hillevåg stasjon er lagt ned. Ny godsterminal ved Ganddal blei fullført i 2008. Den erstatta dei tidlegare terminalane i Stavanger og Sandnes og har ført til auka kapasitet samt meir rasjonell drift for togselskap og speditørar.