Prop 28 S (2011–2012)

Forlenging av bompengeordninga i Nord-Jærenpakka i Rogaland

Til innhaldsliste

7 Utbyggings- og finansieringsopplegg

I St.prp. nr. 14 (1998-99) var det lagt til grunn at finansieringa av Nord-Jærenpakka skulle skje med både statlege midlar, fylkeskommunale midlar, kommunale midlar og bompengar. Finansieringa av Nord-Jærenpakka frå 2012 er basert på statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar.

Statlege midlar

I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt til grunn ei statleg ramme til prosjektet E39 Eiganestunnelen på om lag 800 mill. 2009-kr, fordelt med 200 mill. kr i første fireårsperiode (2010-2013) og 600 mill. kr i siste seksårsperiode (2014-2019). Omrekna til 2011-prisnivå utgjer dei statlege midlane 844 mill. kr.

I det foreslåtte opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling hausten 2010, var det lagt til grunn 610 mill. 2010-kr i statlege midlar i fireårsperioden 2012-2015. Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til prosjektet E39 Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre.

Fylkeskommunale midlar

I det foreslåtte opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling hausten 2010, var det lagt til grunn ei fylkeskommunal ramme på 351 mill. 2010-kr i fireårsperioden 2012-2015. Omrekna til 2011-prisnivå utgjer dei fylkeskommunale midlane 359 mill. kr.

Handlingsprogrammet for fylkesvegar i Rogaland for perioden 2010-2019 blei vedtatt av fylkestinget 20. oktober 2009. Dei fylkeskommunale midlane til prosjekt og tiltak på Nord-Jæren er ein del lågare enn det som blei lagt til grunn i forslaget til opplegg for forlenging av Nord-Jærenpakka. Samferdselsdepartementet føreset at fylkeskommunen tek stilling til omfanget av fylkeskommunale midlar til prosjekt og tiltak på fylkesvegnettet i samband med dei årlege budsjetta.

Bompengar

Dagens bompengetakstar er 20 kr for lette køyretøy og 50 kr for tunge køyretøy. Trafikantane betaler berre for ei passering pr. time og 75 passeringar pr. månad. Det er lagt til grunn at maksimal rabatt på 40 pst. blir endra til flat rabatt på 20 pst. for abonnentar i samsvar med fylkestinget sitt vedtak. Dette vil vera i tråd med rabattstrukturen i Oslopakke 3 og Miljøpakke Trondheim.

Det er rekna med at endringa frå 40 pst. maksimal rabatt til 20 pst. flat rabatt for abonnentar vil auka den gjennomsnittlege inntekta pr. passering med om lag 27 pst., til om lag 13 kr i 2011-prisnivå. Sjølv om den siste takstomlegginga i 2009 hadde liten effekt på trafikken, er det lagt til grunn at rabattendringa vil føra til at trafikken blir redusert med om lag 8 pst.

Samferdselsdepartementet har slutta seg til ei tilråding frå Statens vegvesen om at kundar med Autopass-avtale oppnår 10 pst. rabatt hos andre bompengeselskap enn “eige” selskap. Dette vil legga til rette for auka brikkebruk, slik at dei administrative kostnadene kan reduserast. Ordninga gjeld i første omgang for nye bompengeprosjekt, men alle bompengeselskap er bedt om å ta stilling til om dei ønskjer å innføre ordninga. Nord-Jæren Bompengeselskap AS har til no ikkje slutta seg til ordninga. I denne proposisjonen er det likevel lagt til grunn eit bortfall av inntekter frå “framandbrikker” på 3 mill. kr pr. år.

Med 5 års forlenga innkrevjing, uendra takstnivå og endring av maksimal rabatt på 40 pst. til flat rabatt på 20 pst. for abonnentar, stipulerer Statens vegvesen samla bompengeinntekter i femårsperioden 2012-2016 til om lag 2,520 mrd. kr. Kostnader til innkrevjing og drift av bompengeselskapet er rekna til om lag 160 mill. kr. Følgjeleg er det lagt til grunn om lag 2 360 mill. kr til investeringar i løpet av ein femårsperiode. Det er ikkje lagt til grunn låneopptak, jf. St.prp. nr. 14 (1998-99).

Det er førebels lagt til grunn eit bompengeuttak i 2012 på om lag 260 mill. 2012-kr. I tråd med Prop. 1 S (2011-2012) er det for riksvegar føresett 150 mill. kr til prosjektet rv 510 Solasplitten. Det er vidare lagt til grunn 37 mill. kr til prosjektering og andre førebuande arbeid på prosjektet E39 Eiganestunnelen med sikte på anleggsstart i 2013. Vidare er det i 2012 også lagt til grunn bompengar til prosjekter og tiltak på fylkesvegnettet og til planlegging av både riks- og fylkesvegprosjekt.

Av takstretningslinjene går det fram at Statens vegvesen, etter søknad frå bompengeselskapet, kan justera takstane i tråd med konsumprisindeksen. I denne proposisjonen er det lagt til grunn at slik prisregulering blir gjennomført.