1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
FN vedtok i 2005 ein konvensjon mot kjernefysisk terrorisme. Konvensjonen stiller mellom anna krav til kriminalisering av visse typar ulovleg omgang med radioaktivt materiale. Almindelig borgerlig straffelov 22. mai 1902 nr. 10 (heretter kalla straffelova 1902) oppfyller kriminaliseringsforpliktingane langt på veg, men ikkje fullt ut.
Den nye straffelova, lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (heretter kalla straffelova 2005) har i § 142 føresegner om ulovleg omgang med farleg materiale mv. som skal oppfylle kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen. Straffelova 2005 har ikkje tredd i kraft.
For at Noreg skal kunne ratifisere konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme før straffelova 2005 trer i kraft, foreslår departementet å endre straffelova 1902 § 152 a i samsvar med straffelova 2005 § 142 med enkelte tilpassingar.
Departementet foreslår enkelte tilpassingar for å tydeleggjere gjennomføringa av konvensjonsforpliktingane. I desse tilfella blir det gjort framlegg om tilsvarande endringar i straffelova 2005 § 142, slik at ordlyden i dei to føresegnene blir likelydande etter lovendringane.