5 Utforminga av forslaget til endringar i straffelova 1902 § 152 a og straffelova 2005 § 142
I straffelova 2005 er konvensjonsforpliktingar gjennomførte i eigne straffeføresegner i større grad enn det som er gjort i straffelova 1902, der slike forpliktingar ofte har blitt gjennomførte ved passiv transformasjon, det vil seie å konstatere at innhaldet i konvensjonsforpliktingane er oppfylte gjennom generelle straffeføresegner, sjå Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) punkt 3.4 side 29–31 og 8.5.1 side 168–169.
I straffelova 2005 er straffeføresegner som gjennomfører konvensjonsforpliktingar, i tillegg utforma slik at ordlyden i stor grad gir att innhaldet av konvensjonsteksten. Overlappande konvensjonsforpliktingar er likevel gjennomførte i felles føresegner i ei noko forenkla form.
Straffelova 2005 § 142 gjennomfører tre konvensjonar med delvis overlappande kriminaliseringsforpliktingar. Dei tre konvensjonane beskriv og definerer handlingane som skal kriminaliserast, på ulike måtar. Når desse konvensjonsforpliktingane er gjennomførte i éi felles straffeføresegn, vil ein ikkje nødvendigvis kunne finne att formuleringane frå alle konvensjonstekstane direkte i lovteksten. Å gjenta innhaldet i alle konvensjonstekstane fullt ut, ville kunne føre til unødige gjentakingar og ein uoversiktleg lovtekst. Det er likevel eit mål at gjennomføringa av konvensjonsforpliktingane skal kome tydeleg fram i lovteksten.
I samband med at departementet foreslår ordlyden i straffelova 1902 § 152 a erstatta med ordlyden i straffelova 2005 § 142 for at Noreg skal kunne ratifisere konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme, blir det gjort framlegg om enkelte presiserande endringar for å få tydelegare fram korleis konvensjonsforpliktingane er oppfylte. Departementet foreslår likelydande endringar i ordlyden i straffelova 2005 § 142, slik at straffelova 2005 § 142 og straffelova 1902 § 152 a etter endringane har same ordlyd.
Departementet foreslår endringar for å synleggjere gjennomføringa av forpliktingane i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b og konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg artikkel 7 (1) bokstav a og e.
Konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b gjeld ulovleg bruk av radioaktivt materiale eller ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning eller ulovleg bruk eller skading av eit nukleært anlegg som fører til eller kan føre til utslepp av radioaktivt materiale. For at handlingane skal omfattast av kriminaliseringsforpliktinga, krevst det at dei blir utførte med forsett om å valde tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø eller med forsett om å tvinge ein fysisk eller juridisk person, ein internasjonal organisasjon eller ein stat til å gjere eller ikkje gjere ei handling.
Konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg artikkel 7 (1) bokstav a gjeld mellom anna ulovleg bruk av nukleært materiale som valdar eller truleg vil valde død eller alvorleg skade på person eller vesentleg skade på eigedom eller miljø.
Den engelske teksten lyder slik:
«an act without lawful authority which constitutes the receipt, possession, use, transfer, alteration, disposal or dispersal of nuclear material and which causes or is likely to cause death or serious injury to any person or substantial damage to property or to the environment.»
Konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg artikkel 7 (1) bokstav e gjeld ei handling som er retta mot eit nukleært anlegg, eller ei handling som forstyrrar drifta av eit nukleært anlegg. For at handlinga skal omfattast av kriminaliseringsforpliktinga, må gjerningspersonen forsettleg valde eller ha kunnskap om at handlinga truleg vil valde død eller alvorleg skade på ein person eller vesentleg skade på eigedom eller miljøet gjennom eksponering for stråling eller utslepp av radioaktive stoff. Handlinga er likevel ikkje omfatta av kriminaliseringsforpliktinga dersom ho blir utført i samsvar med den nasjonale lovgivinga i den konvensjonsstaten kor det nukleære anlegget er.
Den engelske teksten lyder slik:
«an act directed against a nuclear facility, or an act interfering with the operation of a nuclear facility, where the offender intentionally causes, or where he knows that the act is likely to cause, death or serious injury to any person or substantial damage to property or to the environment by exposure to radiation or release of radioactive substances, unless the act is undertaken in conformity with the national law of the State Party in the territory of which the nuclear facility is situated.»
Forpliktingane i begge konvensjonar gjeld bruk av radioaktivt materiale eller handlingar retta mot eit nukleært anlegg, men dei to konvensjonane avgrensar straffansvaret på ulik måte. Etter konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme er det eit krav at handlinga er utført med eit bestemt forsett. Etter konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg er det eit krav at handlinga valdar eller truleg valdar skade.
Dei nemnte forpliktingane er gjennomførte i straffelova 2005 § 142 første ledd. Bokstav a gjeld ulovleg bruk av eksplosivt eller radioaktivt materiale, biologiske eller kjemiske våpen eller ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning. Bokstav b gjeld ulovleg bruk eller skading av eit nukleært anlegg slik at det oppstår stråling eller utslepp av radioaktivt materiale. Føresegna stiller som inngangsvilkår at handlinga har valda fare for tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø. Utforminga av dette inngangsvilkåret liknar meir på reguleringa i konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg enn konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme.
Departementet legg til grunn at straffelova 2005 § 142 første ledd oppfyller forpliktingane i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b, der det avgjerande for straffansvaret er at gjerningspersonen har forsett om å volde tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø, utan krav om at det faktisk har oppstått tap eller skade eller fare for dette. Dersom gjerningspersonen har eit forsett om skade mv. som går lenger enn det vedkommande faktisk har valda, vil handlinga eventuelt kunne straffast som forsøk, jf. straffelova 2005 § 16.
For å få tydelegare fram at dei subjektive førestellingane til gjerningspersonen er nok til å oppfylle inngangsvilkåret om fare for tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø, foreslår departementet å endre vilkåret i innleiinga i straffelova 2005 § 142 første ledd frå «volder fare …» til «den som med forsett om derved å volde fare for tap av menneskeliv eller betydelig skade på kropp, eiendom eller miljø». Departementet foreslår same utforming av ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a første ledd.
Noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 første ledd bokstav b gjeld den som bruker eller skader eit nukleært anlegg «slik at det oppstår stråling eller utslipp av radioaktivt materiale». Departementet foreslår to endringar i straffelova 2005 § 142 første ledd bokstav b og ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a første ledd bokstav b.
For det første foreslår departementet å føye til eit alternativ som rammar den som forstyrrar drifta av eit nukleært anlegg, ved sidan av alternativa om å bruke eller skade eit slikt anlegg. Forslaget er meint å tydeleggjere oppfyllinga av konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg artikkel 7 (1) bokstav e som inneheld eit slikt alternativ.
For det andre foreslår departementet å presisere i straffelova 2005 § 142 første ledd bokstav b og i ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a første ledd bokstav b at det er tilstrekkeleg at stråling eller utslepp av radioaktivt materiale kan oppstå. Dette er gjort for å tydeleggjere oppfyllinga av forpliktinga i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b som bruker uttrykket «which releases or risks [utheva her] the release of radioactive material».
Konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b rammar den som ulovleg bruker radioaktivt materiale eller ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning eller ulovleg bruker eller skader eit nukleært anlegg som fører til eller kan føre til utslepp av radioaktivt materiale dersom handlinga er utført med forsett om å valde tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø eller med forsett om å tvinge ein fysisk eller juridisk person, ein internasjonal organisasjon eller ein stat til å gjere eller ikkje gjere ei handling. Forsett om skade og forsett om tvang er følgjeleg alternative vilkår.
Det går ikkje uttrykkeleg fram av den nogjeldande ordlyden i straffelova 2005 § 142 første ledd at føresegna også rammar bruk av radioaktivt materiale med forsett om å tvinge nokon til å gjere eller ikkje gjere ei handling, uavhengig av om gjerningspersonen har forsett om skade. I gjeldande ordlyd i straffelova 2005 § 142 er eit tvangsalternativ berre uttrykkeleg nemnt i andre ledd, som synest å gjelde andre typar ulovleg omgang med radioaktivt materiale enn bruk.
Etter straffelova 1902 § 147 a første ledd bokstav c blir ei handling som nemnd i straffelova 1902 § 152 a andre ledd rekna som ei terrorhandling dersom ho er utført med forsett om «urettmessig å tvinge offentlige myndigheter eller en mellomstatlig organisasjon til å gjøre, tåle, eller unnlate noe av vesentlig betydning for landet eller organisasjonen, eller for et annet land eller en annen mellomstatlig organisasjon». Det same følgjer av straffelova 2005 § 131 om terrorhandlingar med tilvising til straffelova 2005 § 142 første ledd, med den forskjell at det etter straffelova 2005 § 131 gjeld eit krav om hensikt.
Tvangsalternativet i føresegnene om terrorhandlingar er meir kvalifisert enn etter konvensjonen ved at det er eit krav om at tvangen gjeld noko «av vesentlig betydning». I tillegg kan tvangsalternativet berre brukast i tilfelle der vilkåra i straffelova 1902 § 152 a andre ledd eller straffelova 2005 § 142 første ledd er oppfylte. Dermed blir forsett eller hensikt om tvang eit tilleggsvilkår, ikkje eit alternativt vilkår, til eit forsett om skade.
Departementet antar at inngangsvilkåret i straffelova 2005 § 142 første ledd ofte vil kunne vere oppfylt i tilfelle som gjeld ulovlig bruk av eksplosivt eller kjernefysisk materiale, biologiske eller kjemiske våpen eller ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning.
For å synleggjere tvangsalternativet i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b foreslår departementet likevel å føye til eit eige ledd som rettar seg mot den som med forsett om at nokon ved handlinga skal tvingast til å gjere, tole eller la vere å gjere noko, ulovleg anten a) bruker eksplosivt eller radioaktivt materiale, biologiske eller kjemiske våpen eller ei kjernefysisk eller radioaktivt innretning eller b) bruker eller skader eit nukleært anlegg eller forstyrrar drifta av eit nukleært anlegg slik at det kan oppstå stråling eller utslepp av radioaktivt materiale, sjå forslag til nytt andre ledd i straffelova 2005 § 142 og til ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a andre ledd. Som elles i føresegna, femner forslaget vidare enn det konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme krev, ved at det også omfattar eksplosivt materiale og biologiske og kjemiske våpen.
Etter konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 2 nr. 1 bokstav b er tvangsalternativet berre knytt til bruk av radioaktivt materiale eller ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning eller bruk eller skading av eit nukleært anlegg. Ved at tvangsalternativet er plassert i noverande andre ledd i gjeldande ordlyd i straffelova 2005 § 142, som gjeld mellom anna innehaving og andre typar ulovleg omgang med radioaktivt materiale, ser straffelova 2005 § 142 ut til å gå lenger enn nødvendig etter konvensjonsforpliktinga. Departementet foreslår likevel å vidareføre tvangsalternativet også for andre typar ulovleg omgang med radioaktivt materiale. Når forsett om fare for skade mv. og forsett om tvang er likestilte alternativ kva gjeld bruk av radioaktivt materiale mv., bør det også vere slik for andre typar ulovleg omgang med slikt materiale. Noverande ordlyd i straffelova § 142 andre ledd bokstav b nyttar uttrykket ”skal brukes for å true [utheva her] noen til å gjere, tåle eller unnlate noe”. Departementet foreslår å erstatte ordet ”true” med ”tvinge”, som er uttrykket som nyttast i andre føresegner om tvang.
Forslaget om endringar i straffelova 1902 § 152 a inneber på enkelte punkt ei viss innsnevring av straffansvaret samanlikna med gjeldande ordlyd.
I høyringsnotatet som låg til grunn for straffelova 2005 § 142, uttalte departementet at forslaget til føresegn var utforma slik at det dekte krava i konvensjonsforpliktingane, men ikkje gjekk utover desse.
Gjeldande ordlyd i straffelova 1902 § 152 a første ledd stiller ingen krav til kvalifisering av den skaden som det er valda fare for, medan det i straffelova 2005 § 142 og i forslaget til endring av straffelova 1902 § 152 a blir stilt krav om fare for betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø. I gjeldande ordlyd i straffelova 1902 § 152 a er dessutan fare for skade på kropp og helse likestilt. Med helse siktar ein til psykiske skadar. Fare for psykiske skadar er ikkje omfatta av straffelova 2005 § 142 eller forslaget til ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a.
Noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 tredje ledd bokstav b rammar den som ulovleg bringar, sender eller flyttar radioaktivt materiale eller kjemiske eller biologiske våpen inn i eller ut av ein stat. For kjemiske eller biologiske våpen ser det ut til å vere ei dobbeltregulering, sidan transport av slike våpen også synest å vere omfatta av tilvisinga til «transporterer» eller «annen ulovlig befatning med» i § 142 andre ledd – med høgare strafferamme. Departementet foreslår derfor å oppheve tilvisinga til kjemiske eller biologiske våpen i siste ledd.