8 Merknader til dei enkelte føresegnene
8.1 Til endringane i straffelova 1902
Til § 147 a
Departementet foreslår å byte ut tilvisinga til straffelova 1902 § 152 a andre ledd med ei tilvising til § 152 a første ledd. Om bakgrunnen, sjå kapittel 5.
Til § 152 a
Departementet foreslår å erstatte den noverande ordlyden i straffelova 1902 § 152 a med ordlyden i straffelova 2005 § 142 med enkelte mindre endringar.
Det går fram av lovforslaget til endringar i straffelova 2005 § 142 kva endringar departementet foreslår samanlikna med gjeldande ordlyd i straffelova 2005 § 142.
Forslaget gjeld ulovleg omgang med ulike typar farleg materiale, sjå merknaden til straffelova 2005 § 142 i Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) side 323–324.
Forslaget gjennomfører kriminaliseringsforpliktingar i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 5, jf. artikkel 2, konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg artikkel 7 (1) og SUA-konvensjonen artikkel 3bis (1) b.
Omgrepa «eksplosivt eller radioaktivt materiale», «biologiske eller kjemiske våpen», «kjernefysisk eller radioaktiv anordning» og «nukleært anlegg» er å forstå på same måte som i straffelova 2005 § 142 og i samsvar med konvensjonsforpliktingane, sjå merknaden til føresegna i Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) side 323–324.
Forslaget til første ledd svarer til noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 første ledd med enkelte endringar for å gjere gjennomføringa av konvensjonsforpliktingane tydelegare, sjå kapittel 5 og merknaden til føresegna i Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) side 323–324.
I forslaget til første ledd er det eit inngangsvilkår at gjerningspersonen ved handlinga si har forsett om å valde fare for tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø. Det er tilstrekkeleg for straffansvar at gjerningspersonen har forsett om å valde slik fare når han utfører grunnhandlinga. Det er ikkje nødvendig at det oppstår fare, men føresegna omfattar sjølvsagt også tilfelle der handlinga faktisk har ført til tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø, eller der det har oppstått fare for slike følgjer.
Tilvisinga til «betydelig skade på legeme» skal ein forstå i samsvar med definisjonen i straffelova 1902 § 9 med unntak for psykisk skade. Elles skal ein forstå uttrykket «fare for tap av menneskeliv eller betydelig skade på legeme, eiendom eller miljø» på same måte som i straffelova 2005 § 142, sjå merknaden til føresegna i Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) side 323–324.
Første ledd bokstav a gjeld bruk av eksplosivt eller radioaktivt materiale, biologiske eller kjemiske våpen eller ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning. Forslaget fører vidare gjeldande ordlyd i straffelova 2005 § 142 første ledd bokstav a.
Første ledd bokstav b gjeld bruk eller skading av eit nukleært anlegg eller forstyrring av drifta av eit nukleært anlegg slik at det kan oppstå stråling eller utslepp av radioaktivt materiale. Det er etter forslaget tilstrekkeleg at stråling eller utslepp kan oppstå. Alternativet om forstyrring av drifta av eit nukleært anlegg er nytt samanlikna med gjeldande ordlyd i straffelova 2005 § 142, sjå kapittel 5.
Forslaget til andre ledd gjeld den som med forsett om at nokon ved handlinga skal tvingast til å gjere, tole eller la vere å gjere noko, ulovleg anten a) bruker eksplosivt eller radioaktivt materiale, biologiske eller kjemiske våpen eller ei kjernefysisk eller radioaktivt innretning eller b) bruker eller skader eit nukleært anlegg eller forstyrrar drifta av nukleært anlegg slik at det kan oppstå stråling eller utslepp av radioaktivt materiale.
Forslaget byggjer på alternativet i noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 andre ledd bokstav a om ulovleg omgang med farleg materiale når det skal brukast til å true nokon til å gjere, tole eller la vere å gjere noko. Departementet foreslår desse endringane for å tydeleggjere oppfyllinga av forpliktinga i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme art. 2 nr. 1 bokstav b, sjå kapittel 5.
Forslaget til tredje ledd svarer til noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 andre ledd med ei mindre språkleg endring i bokstav a, sjå kapittel 5.
Forslaget til fjerde ledd svarer til noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 tredje ledd med den endringa at tilvisinga til «kjemiske eller biologiske våpen» ikkje er foreslått vidareført sidan transport av og annan ulovleg omgang med slike våpen er omfatta av forslaget til tredje ledd.
Medverknad til brot på første til fjerde ledd blir etter forslaget ramma av femte ledd.
Forsøk er straffbart etter straffelova 1902 § 49 første ledd.
Til § 153 a
Departementet foreslår å oppheve føresegna som følgje av at forslaget til ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a tek opp i seg innhaldet i straffelova 1902 § 153 a.
8.2 Til endringane i straffelova 2005
Til § 142
Departementet foreslår enkelte endringar for å tydeleggjere gjennomføringa av forpliktingar i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 5 jf. artikkel 2 og konvensjonen om fysisk beskyttelse av nukleært materiale og nukleære anlegg artikkel 7 (1), sjå kapittel 5.
Departementet foreslår å endre inngangsvilkåret i første ledd slik at det går klart fram at det er tilstrekkeleg for straffansvar at gjerningspersonen ved handlinga si har forsett om å valde fare for tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø. Det er ikkje nødvendig at det oppstår fare, men føresegna omfattar sjølvsagt også tilfelle der handlinga faktisk har ført til tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø, eller der det har oppstått fare for slike følgjer.
Departementet foreslår presisert i første ledd bokstav b at det er tilstrekkeleg at det som følgje av bruk eller skading av eit nukleært anlegg kan oppstå stråling eller utslepp av radioaktivt materiale.
Departementet foreslår vidare å føye til eit alternativ i første ledd bokstav b som rettar seg mot den som forstyrrar drifta av eit nukleært anlegg, sjå kapittel 5.
Forslaget til nytt andre ledd gjeld den som med forsett om at nokon ved handlinga skal tvingast til å gjere, tole eller la vere å gjere noko, ulovleg anten a) bruker eksplosivt eller radioaktivt materiale, biologiske eller kjemiske våpen eller ei kjernefysisk eller radioaktivt innretning eller b) bruker eller skader eit nukleært anlegg eller forstyrrar drifta av eit nukleært anlegg slik at det kan oppstå stråling eller utslepp av radioaktivt materiale.
Forslaget byggjer på alternativet i noverande ordlyd i straffelova 2005 § 142 andre ledd bokstav a om ulovleg omgang med farleg materiale når det skal brukast for å true nokon til å gjere, tole eller la vere å gjere noko. Endringa er foreslått for å tydeleggjere oppfyllinga av forpliktinga i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme art. 2 nr. 1 bokstav b, sjå kapittel 5.
Noverande andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.
I tredje ledd bokstav a foreslår departementet å erstatte ”true” med ”tvinge”, sjå kapittel 5. Ordet «miljøet» er foreslått endra til «miljø» i ubestemt form sidan tilvisingane til kropp og eigedom er i ubestemt form.
I fjerde ledd er tilvisinga til «kjemiske eller biologiske våpen» ikkje foreslått vidareført sidan transport av og annan ulovleg omgang med slike våpen er omfatta av tredje ledd.
8.3 Til lovvedtaket del III
Departementet foreslår at lovendringane trer i kraft straks.