3 Kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme
Etter artikkel 5 bokstav a i konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme er partane forplikta til å kriminalisere handlingane som er omtalte i artikkel 2.
Artikkel 2 omtaler ulike former for ulovleg omgang med radioaktivt materiale, ei kjernefysisk eller radioaktiv innretning eller eit nukleært anlegg. For at handlingane skal omfattast av kriminaliseringsforpliktinga, er det i tillegg krav om at dei må vere utførte med ei bestemt hensikt eller forsett («intent»). For nokre av handlingane er det eit krav at dei er gjorde med hensikt eller forsett om å valde tap av menneskeliv eller betydeleg skade på kropp, eigedom eller miljø. Enkelte handlingar blir ramma også dersom dei er gjorde med hensikt eller forsett om å tvinge nokon til å gjere eller ikkje gjere ei handling.
Artikkel 2 rammar også truslar om bruk av radioaktivt materiale og det å krevje radioaktivt materiale eller eit nukleært anlegg med truslar eller makt.
I tillegg blir forsøk og medverknad ramma.
I engelsk språkversjon lyder artikkel 2 slik:
«Article 2
1. Any person commits an offence within the meaning of this Convention if that person unlawfully and intentionally:
(a) Possesses radioactive material or makes or possesses a device:
(i) With the intent to cause death or serious bodily injury; or
(ii) With the intent to cause substantial damage to property or to the environment;
(b) Uses in any way radioactive material or a device, or uses or damages a nuclear facility in a manner which releases or risks the release of radioactive material:
(i) With the intent to cause death or serious bodily injury; or
(ii) With the intent to cause substantial damage to property or to the environment; or
(iii) With the intent to compel a natural or legal person, an international organization or a State to do or refrain from doing an act.
2. Any person also commits an offence if that person:
(a) Threatens, under circumstances which indicate the credibility of the threat, to commit an offence as set forth in paragraph 1 (b) of the present article; or
(b) Demands unlawfully and intentionally radioactive material, a device or a nuclear facility by threat, under circumstances which indicate the credibility of the threat, or by use of force.
3. Any person also commits an offence if that person attempts to commit an offence as set forth in paragraph 1 of the present article.
4. Any person also commits an offence if that person:
(a) Participates as an accomplice in an offence as set forth in paragraph 1, 2 or 3 of the present article; or
(b) Organizes or directs others to commit an offence as set forth in paragraph 1, 2 or 3 of the present article; or
(c) In any other way contributes to the commission of one or more offences as set forth in paragraph 1, 2 or 3 of the present article by a group of persons acting with a common purpose; such contribution shall be intentional and either be made with the aim of furthering the general criminal activity or purpose of the group or be made in the knowledge of the intention of the group to commit the offence or offences concerned.»
Artikkel 1 nr. 1 til 4 definerer kva som ligg i omgrepa «radioactive material», «nuclear material», «nuclear facility» og «device» og lyder slik:
«Article 1
For the purposes of this Convention:
1. ’Radioactive material’ means nuclear material and other radioactive substances which contain nuclides which undergo spontaneous disintegration (a process accompanied by emission of one or more types of ionizing radiation, such as alpha-, beta-, neutron particles and gamma rays) and which may, owing to their radiological or fissile properties, cause death, serious bodily injury or substantial damage to property or to the environment.
2. ’Nuclear material’ means plutonium, except that with isotopic concentration exceeding 80 per cent in plutonium-238; uranium-233; uranium enriched in the isotope 235 or 233; uranium containing the mixture of isotopes as occurring in nature other than in the form of ore or ore residue; or any material containing one or more of the foregoing;
Whereby ‘uranium enriched in the isotope 235 or 233’ means uranium containing the isotope 235 or 233 or both in an amount such that the abundance ratio of the sum of these isotopes to the isotope 238 is greater than the ratio of the isotope 235 to the isotope 238 occurring in nature.
3. ’Nuclear facility’ means:
(a) Any nuclear reactor, including reactors installed on vessels, vehicles, aircraft or space objects for use as an energy source in order to propel such vessels, vehicles, aircraft or space objects or for any other purpose;
(b) Any plant or conveyance being used for the production, storage, processing or transport of radioactive material.
4. ’Device’ means:
(a) Any nuclear explosive device; or
(b) Any radioactive material dispersal or radiation-emitting device which may, owing to its radiological properties, cause death, serious bodily injury or substantial damage to property or the environment.»
I uoffisiell norsk omsetjing lyder artikkel 2 slik (jf. vedlegg til Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) på side 379–380):
«Artikkel 2
1. Ein person gjer ei straffbar handling etter denne konvensjonen dersom vedkomande ulovleg og med vilje
(a) rår over radioaktivt materiale eller lagar eller rår over ei innretning
(i) med vilje til å valde død eller alvorleg lekamsskade, eller
(ii) med vilje til å valde vesentleg skade på eigedom eller miljø,
(b) på nokon måte brukar radioaktivt materiale eller ei innretning eller brukar eller skadar eit atomanlegg på ein måte som frigjer eller kan frigjere radioaktivt materiale
(i) med vilje til å valde død eller alvorleg lekamsskade, eller
(ii) med vilje til å valde vesentleg skade på eigedom eller miljø, eller
(iii) med vilje til å tvinge ein fysisk eller juridisk person, ein internasjonal organisasjon eller ein stat til å gjere eller ikkje gjere ei handling.
2. Ein person gjer òg ei straffbar handling dersom vedkomande
(a) trugar, under omstende som viser truverdet av trugsmålet, med å gjere ei straffbar handling som er nemnd i nr. 1 bokstav b) i denne artikkelen, eller
(b) ulovleg og med vilje krev radioaktivt materiale, ei innretning eller eit atomanlegg under trugsmål, under omstende som viser truverdet av trugsmålet, eller med bruk av makt.
3. Ein person gjer òg ei straffbar handling dersom vedkomande freistar å gjere ei straffbar handling som er nemnd i nr. 1 i denne artikkelen.
4. Ein person gjer òg ei straffbar handling dersom vedkomande
(a) deltek som medskuldig i ei straffbar handling som er nemnd i nr. 1, 2 eller 3 i denne artikkelen, eller
(b) organiserer eller instruerer andre til å gjere ei straffbar handling som er nemnd i nr. 1, 2 eller 3 i denne artikkelen, eller
(c) på annan måte medverkar til at ei gruppe personar som handlar ut frå eit felles mål, gjer ei eller fleire straffbare handlingar som er nemnde i nr. 1, 2 eller 3 i denne artikkelen; slik medverknad skal vere med vilje og anten gjerast med sikte på å fremje den allmenne kriminelle verksemda eller føremålet til gruppa eller gjerast med kjennskap til at gruppa aktar å gjere den aktuelle straffbare handlinga eller dei aktuelle straffbare handlingane.»
Definisjonane i artikkel 1 nr. 1 til 4 lyder slik i omsett versjon:
«Artikkel 1
I denne konvensjonen gjeld dette:
1. ‘Radioaktivt materiale’: kjernefysisk materiale og andre radioaktive stoff som inneheld nuklidar som gjennomgår spontan nedbryting (ein prosess som gjev frå seg ein eller fleire typar ioniserande stråling, til dømes alfa-, beta- og nøytronpartiklar og gammastrålar), og som på grunn av sine radiologiske eller spaltbare eigenskapar kan valde død, alvorleg lekamsskade eller vesentleg skade på eigedom eller miljø.
2. ‘Kjernefysisk materiale’: plutonium, med unntak av plutonium med isotopkonsentrasjon over 80 prosent i plutonium 238, uran 233, uran opprikt i isotopane 235 eller 233, uran som inneheld blandinga av isotopar som finst i naturen i andre former enn malm eller malmrestar, eller materiale som inneheld eit eller fleire av dei stoffa som er nemnde ovanfor.
‘Uran opprikt i isotopane 235 eller 233’ tyder uran som inneheld isotopane 235 og/eller 233 i ei mengd som er slik at høvet mellom summen av desse isotopane i høve til isotop 238 er høgare enn det høvet mellom isotop 235 og isotop 238 som finst i naturen.
3. ‘Atomanlegg’:
(a) kjernereaktor, medrekna reaktor installert på farty, køyrety, luftfarty eller romføremål til bruk som energikjelde til å drive fram slike farty, køyrety, luftfarty eller romføremål eller til andre føremål,
(b) anlegg eller transportmiddel som vert nytta til produksjon, lagring, handsaming eller transport av radioaktivt materiale.
4. ‘Innretning’:
(a) kjernefysisk sprengladning eller
(b) innretning som spreier radioaktivt materiale eller gjev frå seg stråling, og som på grunn av sine radiologiske eigenskapar kan valde død, alvorleg lekamsskade eller vesentleg skade på eigedom eller miljø.»