6 Tilhøvet til andre føresegner
6.1 Jurisdiksjon
Konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme artikkel 9 stiller krav til strafferettsleg jurisdiksjon. Forpliktingane er oppfylte gjennom straffelova 1902 § 12.
Straffelova 1902 § 12 nr. 3 og 4 regulerer når norsk straffelovgiving kjem til bruk på handlingar som er utførte i utlandet av ein norsk statsborgar eller ein person som høyrer heime i Noreg, eller i utlandet av ein utlending.
Etter straffelova 1902 § 12 nr. 3 bokstav a kjem norsk straffelov til bruk når ein norsk statsborgar eller ein person som høyrer heime i Noreg, i utlandet har gjort seg skuldig i brot på straffelova 1902 § 152 a.
Etter straffelova 1902 § 12 nr. 4 kjem norsk straffelov til bruk når ein utlending har gjort seg skuldig i brot på straffelova 1902 § 152 a i utlandet.
Forslaget til utviding av ordlyden i straffelova 1902 § 152 a inneber slik ei viss utviding av bruken av norsk straffelov i desse tilfella. Forslaget inneber likevel inga utviding samanlikna med bruksområdet for straffelova 2005 § 142 etter jurisdiksjonsføresegnene i straffelova 2005 §§ 4 til 6.
6.2 Straffelova 1902 § 153 a
Straffelova 2005 § 142 erstattar straffelova 1902 §§ 152 a og 153 a, jf. merknaden til føresegna i Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) på side 323.
Den nye ordlyden som er foreslått i straffelova 1902 § 152 a, dekkjer innhaldet i straffelova 1902 § 153 a. Departementet foreslår derfor å oppheve den sistnemnde føresegna.
6.3 Straffeføresegner mot terror
Som det er gjort greie for i punkt 4.1, viser straffelova 1902 § 147 a første ledd om terror til straffelova 1902 § 152 a andre ledd, som i forslaget til ny ordlyd har mest til felles med første ledd. Straffelova 2005 § 131 om terrorhandlingar viser også til § 142 første ledd. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å endre tilvisinga i straffelova 1902 § 147 a første ledd frå § 152 a andre ledd til § 152 a første ledd.
Etter straffelova 1902 § 147 a er ei handling ei terrorhandling dersom ho er utført med forsett om bestemte følgjer, medan straffelova 2005 § 131 stiller krav til hensikt. På dette punktet vil straffansvaret etter straffelova 1902 § 147 a rekkje noko lenger enn etter den tilsvarande føresegna i straffelova 2005. Det same følgjer langt på veg allereie av den gjeldande tilvisinga i straffelova 1902 § 147 a til § 152 a andre ledd.
6.4 Tilhøvet til lov 6. mai 1994 nr. 10 om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei
Lov 6. mai 1994 nr. 10 om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei § 5 rammar visse former for omgang med bakteriologiske og kjemiske våpen. Føresegna har eit vidare bruksområde enn det som blir dekt av straffelova 2005 § 142. For å klargjere tilhøvet mellom føresegnene er det vedteke eit tillegg i § 5 om at føresegna berre kjem til bruk dersom handlinga ikkje er ramma av § 142 eller ei anna, strengare, føresegn. Denne endringa trer i kraft når straffelova 2005 trer i kraft.
Departementet meiner det ikkje er nødvendig å gjere ei tilsvarande endring som regulerer tilhøvet til ny ordlyd i straffelova 1902 § 152 a. Departementet legg til grunn at straffelova 1902 § 152 a blir brukt i tilfelle der det er brot både på straffelova 1902 § 152 a og på § 5 i den særskilde lova.