Forslag
til vedtak om revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland
Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Vestland.
Stortinget samtykker til at bompengeselskap Ferde AS får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Askøypakken. Vilkåra for finansieringa går fram av denne proposisjonen.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskap Ferde AS om delfinansiering av Askøypakken. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra denne proposisjonen set.