2 Omtale av utbygginga
I Prop. 197 S (2012–2013) er det lagt opp til utbygging av 10 vegprosjekt og tiltak på fylkesvegnettet i Askøy kommune, i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Utbygginga starta opp i 2015, og følgjande vegprosjekt er fullførte:
Fv. 563 Florvåg–Erdal (Fv. 563 Bakarvågen)
Fv. 5246 Lindhaugen–Slettebrekka
Fv. 562 Strusshamnkrysset
Fv. 5254 Skansen (Kleppe)
Fv. 563 Strømsnes–Hop
Følgjande prosjekt er starta opp:
Fv. 5240 Skiftesvik–Marikoven
Fv. 562 Lavik–Haugland
Tre prosjekt er ikkje starta opp på grunn av manglande finansiering:
Fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik
Fv. 562/5266 Fromeide–Kjerrgarden
Fv. 5266 Fauskanger sør
Med det reviderte finansieringsopplegget for Askøypakken ønskjer lokale styresmakter å fullføre dei fem påbegynte og attståande prosjekta. Alle prosjekta har godkjend reguleringsplan. Dei er nærare omtalte nedanfor og vist i figur 2.1.
Fv. 5240 Skiftesvik–Marikoven
Oppstart av bygging av ny veg starta i oktober 2019. Entreprenør på prosjektet gjekk konkurs i desember 2020. Difor blei prosjektet lyst ut på nytt i juli 2021. Ei strekning på 1,4 km av vegen skal utvidast, og det vil komme nytt fortau langs eksisterande veg. Avkøyrslar skal samlast til felles avkøyrslar, og det skal byggast ei ny bru ved sida av eksisterande bru.
Fv. 562 Lavik–Haugland
Prosjektet blei lyst ut i juli 2021, og har forventa oppstart våren 2022. Det strekk seg over 3,4 km, med delvis utbetring av eksisterande veg og delvis ny veg. Langs heile strekninga kjem det gang- og sykkelveg. I tillegg blir det fire nye bruer og ei ny rundkøyring.
Fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik
Det er planlagt 2,4 km ny veg, der siste 600 m mot Hetlevik går i tunnel. Prosjektet har oppdaterte kostnadsanslag per mai 2021.
Fv. 562/5266 Fromreide–Kjerrgarden
Det er planlagt utviding av 2,5 km av eksisterande veg, og bygging av gang- og sykkelveg langs heile strekninga. Eksisterande bru over Fromreidstraumen er planlagd utvida. Prosjektet har oppdaterte kostnadsanslag per mai 2021.
Fv. 5266 Fauskanger sør
Det er planlagt utbetring av 1 km av eksisterande veg, og bygging av gang- og sykkelveg langs heile strekninga. Prosjektet har oppdaterte kostnadsanslag per mai 2021.
Ramme til kollektivtiltak
Det er sett av ramme til kollektivtiltak på 284 mill. 2022-kr. Det er førebels brukt mindre beløp til kollektivtiltak i Askøypakken. Det er under utarbeiding ein områdereguleringsplan for Kleppestø sentrum som mellom anna skal omfatte kollektivløysingar og -knutepunkt i området. Kommunen legg opp til å vedta planen våren 2023. Det er vidare utarbeida eit forprosjekt for oppgradering av Ravnanger terminal. Midlane vil primært bli brukte til desse tiltaka.