7 Styring av Askøypakken
Det er etablert eit kontaktutval med representantar frå Askøy kommune og Vestland fylkeskommune som er føresett vidareført etter at pakken er revidert. Bompengeselskapet Ferde AS kan møte i kontaktutvalet ved handsaming av saker som er aktuelle for bompengeinnkrevjinga. Dialogen med bompengeselskapet om rekvireringane vil bli forankra i ein ny finansieringsavtale mellom bompengeselskapet Ferde AS og fylkeskommunen som oppdragsgivar.
Kontaktutvalet skal drive porteføljestyring, der omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene blir høgare eller inntektene lågare enn føresett, vil eit eller fleire av prosjekta ikkje bli bygd og/eller bli skalert ned. Om alle prosjekta blir finansiert før utløpet av bompengeperioden, skal bompengeperioden bli avslutta.
I tråd med rutinar for handtering av uvisse i bompengeproposisjonar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), kan bompengetakstane justerast slik at gjennomsnittstaksten blir oppretthalden. Bompengeselskapet kan søke om justeringar av takst- og rabattsystem, for å oppnå vedteken gjennomsnittstakst. Då må bompengeselskapet leggje saka fram for fylkeskommunen som garantist for tilslutnad. Elles skal takstane justerast i samsvar med prisutviklinga.