3 Lokalpolitisk handsaming
Forslag til revidert finansieringsopplegg for Askøypakken har vore handsama av Askøy kommune og Vestland fylkeskommune.
Askøy kommune handsama saka i kommunestyret 23. september 2021, og gjorde slikt vedtak:
1. Askøy kommune ønsker å utvide Askøypakken med ytterligere 5 år for å kunne fullføre prosjektene i pakken og få et mer tjenlig vegnett på Askøy.
2. Kommunestyret slutter seg til det foreslåtte opplegget for videreføring av Askøypakken slik det er skissert i denne saken. Dette innebærer et bompengebidrag på 1.276 mill. 2021-kr i den reviderte pakken. Fylkeskommunen skal bidra med 386 mill. 2021-kr, inkludert mva-refusjon.
Pakken skal ferdigstille følgende 3 prosjekter som er startet opp:
– Fv. 563 Strømsnes – Hop
– Fv. 213 Skiftesvik – Marikoven
– Fv. 562 Lavik – Haugland
Pakken skal i tillegg finansiere følgende 3 prosjekter i prioritert rekkefølge:
1. Fv. 212 Slettebrekka – Hetlevik
2. Fv. 562 Fromreide – Kjerrgarden
3. Fv. 562 Fauskanger
Det blir i tillegg avsatt en ramme til kollektivtiltak. Det fylkeskommunale bidraget skal finansiere kollektivtiltakene.
3. Omfanget av utbyggingen blir tilpasset den økonomiske rammen. Hvis alle prosjektene blir finansiert før utløpet av bompengeperioden, skal bompengeperioden bli avsluttet.
4. Dagens innkreving i de 4 eksisterende bomstasjonene med enveis innkreving i retning Kleppestø/Bergen blir videreført i hele bompengeperioden. Det blir i tillegg opprettet en ny bomstasjon på Kleppevegen nord for rundkjøringen ved Vatnavatnet med innkrevingsretning mot Kleppestø.
Skarholmvegen vedtas stengt for gjennomkjøring i kjøreretning mot Kleppestø.
5. Frem til innkrevingen kan starte i det reviderte bompengeopplegget, fortsetter innkrevingen som før i de 4 eksisterende bomstasjonene på Askøy.
6. Ved bruk av elektronisk brikke får kjøretøy i takstgruppe 1 en rabatt på 20 pst. Det blir ikke gitt rabatt til kjøretøy i takstgruppe 2. Det er lagt til grunn at nullutslippskjøretøy skal ha inntil 50 pst. av taksten for konvensjonelle kjøretøy. Det er lagt til grunn innføring av videreføring av månedlig passeringstak på 30 passeringer. Når innkrevingen i den nye bomstasjonen starter er det lagt til grunn en gjennomsnittlig inntekt per passering på omkring 13,90 kr (2021-kroner). Dette svarer til en grunntakst på omkring 32 kr (2021-kr) for kjøretøy i takstgruppe 1 (kjøretøy med totalvekt til og med 3500 kg samt kjøretøy i kjøretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale). Kjøretøy i takstgruppe 2 (kjøretøy med tillat totalvekt fra og med 3501 kg ekskl. kjøretøy i kjøretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale) betaler dobbel takst.
7. Dersom gjennomsnittlig inntekt per passering kommer under 13,90 2021-kroner, er det forutsatt at grunntaksten blir justert slik at gjennomsnittlig takst per passering kommer opp på 13,90 2021-kroner.
Vestland fylkeskommune handsama saka i fylkestinget 29. september 2021, og gjorde slikt vedtak:
1. Fylkestinget viser til Askøy kommune sitt ønskje om utviding av Askøypakken i ytterlegare 5 år for å fullføre prosjekta i pakken og få eit meir tenleg vegnett på Askøy. Det er eit stort behov for å fullføre prosjekta i pakken, og fylkestinget støtter difor ei forlenging av pakken.
2. Fylkestinget sluttar seg til det foreslåtte opplegget for vidareføring av Askøypakken slik det er skissert i denne saka. Dette inneberer eit bompengebidrag på 1 276 mill. 2021-kr i den reviderte pakken. Fylkeskommunen skal bidra med 386 mill. 2021-kr, inkludert mva-refusjon. Pakken skal ferdigstille følgjande 3 prosjekt som er starta opp:
– Fv. 563 Strømsnes – Hop
– Fv. 213 Skiftesvik – Marikoven
– Fv. 562 Lavik – Haugland
Pakken skal i tillegg finansiere følgjande 3 prosjekt i prioritert rekkjefølgje:
1. Fv. 212 Slettebrekka – Hetlevik
2. Fv. 562 Fromreide – Kjerrgarden
3. Fv. 562 Fauskanger
Det vert i tillegg avsett ei ramme til kollektivtiltak. Det fylkeskommunale bidraget skal finansiere kollektivtiltaka.
3. Omfanget av utbygginga vert tilpassa den økonomiske ramma. Om alle prosjekta vert finansierte før utløpet av bompengeperioden, skal bompengeperioden bli avslutta.
4. Dagens innkrevjing i dei 4 eksisterande bomstasjonane med einvegs innkrevjing i retning Kleppestø/Bergen blir vidareført i heile bompengeperioden. Det vert i tillegg oppretta ein ny bomstasjon på Kleppevegen nord for rundkøyringa ved Vatnavatnet med innkrevjingsretning mot Kleppestø. Det blir lagt til grunn at kommunal veg Skarholmvegen vert stengt for gjennomkøyring i køyreretning mot Kleppestø.
5. Fram til innkrevjinga kan starte i det reviderte bompengeopplegget, held innkrevjinga fram som før i dei 4 eksisterande bomstasjonane på Askøy.
6. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 pst. Det blir ikkje gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2. Det er lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy skal ha inntil 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy. Det er lagt til grunn innføring av vidareføring av månadleg passeringstak på 30 passeringar. Når innkrevjinga i den i nye bomstasjonen startar, er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt per passering på omlag 13,90 kr (2021- kr). Dette svarar til ein grunntakst på om lag 32 kr (2021-kroner) for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med tillat totalvekt til og med 3500 kg samt køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale). Køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy med tillat totalvekt frå og med 3501 kg ekskl. køyretøy i køyretøykategori M1 med elektronisk brikke og gyldig avtale), betaler dobbelt takst.
7. Dersom gjennomsnittleg inntekt per passering kjem under 13,90 2021-kroner, vert det føresett at grunntaksten blir justert slik at gjennomsnittleg takst pr passering kjem opp på 13,90 2021-kroner.
8. Den utvida bompengeperioden er sett til 5 år frå avslutting av gjeldande bompengeperiode, slik at innkrevjingsslutt forlengast frå 2028 til 2033.
9. Under føresetnad av godkjenning av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vidarefører Vestland fylkeskommune gjeldande garanti for Askøypakken ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet, avgrensa til 575 mill. 2021-kr for heile Askøypakken, med tillegg av 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet vert følgjeleg 633 mill. 2021-kr. Garantien skal gjelde ut bompengeperioden til 2033, og i tillegg inntil to år. Garantibeløpet vert redusert i takt med nedbetaling av lånet. Garantisten har rett til å sikre garantien med retten til å krevje inn bompengar.