4 Trafikkgrunnlag
Det ligg føre sikre rekneskapstal for årlege inntekter og tal for registrert trafikk gjennom fire av bomstasjonane frå 2015. I 2019 hadde Askøypakken ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 21 857 køyretøy per døgn, og dette er det nærmaste normale året. Trafikknedgangen i 2020 i samband med koronasituasjonen var på 3,8 pst., med ÅDT på 20 898 køyretøy per døgn.
På oppdrag frå Vestland fylkeskommune har ein konsulent gjort ei trafikal vurdering av å sette opp ein femte bomstasjon på fv. 5254 på Kleppevegen, og stenge for gjennomkøyring i Skarholmvegen i retning Kleppestø. Konsulenten sine trafikkvurderingar er lagt til grunn i berekninga av trafikk. Utan bompengeinnkrevjing på fv. 5254 på Kleppevegen og med stenging for gjennomkøyring i Skarholmvegen i retning Kleppestø er ÅDT berekna til 4 300 køyretøy per døgn. Med bompengeinnkrevjing er det lagt til grunn 3660 køyretøy per døgn. Netto vekst i betalande trafikk er estimert til 1 700 køyretøy per døgn.
I fylkesvise trafikkprognosar i Nasjonal transportplan 2022–2033 er forventa årleg trafikkvekst i tidlegare Hordaland i perioden 2019–2029 på 0,88 pst., og 0,68 pst. frå og med 2030. Historisk har trafikkveksten i Askøypakken vore svakt negativ. Frå 2014 til 2019 gjekk talet på passeringar ned med 0,7 pst. Den historisk negative trafikkveksten på Askøy talar for at ein bør leggje konservative anslag til grunn for trafikkutviklinga. Nullvekstmålet for persontransport med bil som ligg til grunn for byvekstavtalen i Bergens-området, tilseier òg at ein ikkje skal leggje auka trafikk til grunn. Askøypakken er ikkje ein del av byvekstavtalen, men ligg innanfor avtaleområdet som er omfatta av nullvekstmålet.
I finansieringsanalysen er det lagt til grunn registrert ÅDT frå 2020 på 20 898 køyretøy per døgn i fire bomstasjonar samt berekna ÅDT på 3660 køyretøy per døgn i ny bomstasjon. Ny ÅDT gjennom fem bomstasjonar er berekna til 24 558 køyretøy per døgn, med null pst. årleg vekst i trafikken. Som for alle bompengeprosjekt er det knytt uvisse til trafikken fram mot 2033.