8 Fylkeskommunal garanti
Vestland fylkeskommune vedtok i fylkestinget 29. september 2021 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak på 575 mill. kr, med tillegg av 10 pst. av ei kvar tids gjeldande hovudstol, til dekning av renter og andre omkostningar. Samla garanti utgjer følgjeleg 633 mill. kr.
Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og distriktsdepartementet før anleggsstart.