6 Analyseresultat delkostnadsnøklar
6.1 Innleiing
Kommunal- og distriktsdepartementet sitt forslag til nye delkostnadsnøklar er lagt fram i kapittel 15 om utgiftsutjamninga. Analysane som ligg til grunn for forslaget er dokumentert i dette vedlegget.
Forslaget til nye delkostnadsnøklar bygger i hovudsak på regresjonsanalysar gjennomført av departementet. Ein regresjonsanalyse er ein statistisk metode for å estimere forholdet mellom ein avhengig variabel og ein eller fleire uavhengige variablar. Regresjonsanalyse er ein vanleg metode for å undersøke om og i kor stor grad dei uavhengige variablane påverkar den avhengige variabelen. Det finst fleire ulike typar regresjonsanalyse, og analysane til departementet er gjort som vanleg minste kvadrats metode (av og til forkorta OLS, etter ordinary least squares).
Den avhengige variabelen i analysane til departementet er brutto driftsutgifter (ekskl. avskrivingar) til ei kommunal teneste, målt i kroner per innbyggar. Dei uavhengige variablane er forhold som kan forklare variasjonen i utgiftene mellom kommunane, til dømes talet på innbyggarar i ulike aldersgrupper, mål på sosioøkonomiske forhold og levekår, og mål på busettingsmønster og kommunestørrelse.
Ein av fordelane med regresjonsanalysar er at ein kan inkludere fleire uavhengige variablar i den same analysen. På den måten kan ein kontrollere for ulike forhold som kan påverke utgiftene, og forsøke å isolere effekten kvar enkelt variabel har for utgiftene til kommunane.
I vurderinga av analyseresultata har departementet mellom anna lagt vekt på om ein variabel er statistisk signifikant og kor god statistisk forklaringskraft den samla analysemodellen har. Det er som hovudregel lagt til grunn at ein variabel må vere statistisk signifikant på 0,05-nivå for å bli vurdert som aktuell som eit kriterium i kostnadsnøkkelen.
Analysane er gjort på kommunenivå, og alle variablar er målt per innbyggar. Det betyr at det er kommunane som er eininga i analysane, og alle kommunar har i utgangspunktet like stor vekt i analysane, uavhengig av innbyggartal.
I somme tilfelle er det kommunar som skil seg så mykje ut på ein eller fleire av variablane at dei har urimeleg stor innverknad på analyseresultata. Slike «ekstremverdiar» eller «uteliggarar» er tatt ut av analysane som ligg til grunn for forslaga til nye delkostnadsnøklar. Kva kommunar som er tatt ut på grunn av ekstremverdiar kan vere forskjellig i dei ulike analysane. Departementet har mellom anna vurdert statistiske mål som residualar, leverage og Cook’s D for å avgjere om ein kommune skal takast ut av analysegrunnlaget. Bø kommune inngår heller ikkje i analysane på grunn av manglande rekneskapstal for 2022.
Datagrunnlaget for analysane er i hovudsak henta frå Grønt hefte, men departementet har òg supplert med andre datakjelder. Tala for utgifter er henta frå KOSTRA.
Analysane er gjort på data for 2022. Departementet har òg gjort analysar for fleire år for å undersøke om resultata er stabile over tid. Men sidan utgiftene til somme kommunale tenester i 2020 og 2021 i stor grad var påverka av koronapandemien, er resultata for desse åra ikkje brukt til å fastsette vekter i kostnadsnøkkelen.
Inntektsnivået inngår som ein kontrollvariabel i alle analysar. Inntektsnivået er definert som summen av frie inntekter (skatt og rammetilskot etter inntekts- og utgiftsutjamning), all eigedomsskatt og inntekter frå konsesjonskraft og Havbruksfondet. For konsesjonskraftinntekter og Havbruksfondet er det brukt eit gjennomsnitt for 2021 og 2022.
Vektene til kriteria i kostnadsnøkkelen blir bestemt ut frå analyseresultata på same måte som i dagens nøkkel, slik det òg er forklart i kapittel 9.6.7 i NOU 2022: 10 Inntektssystemet for kommunene.
Departementet sine analysar er supplert med resultat frå dei simultane analysane gjennomført av Senter for økonomisk forsking (SØF), jf. omtale i kapittel 15.1 i denne proposisjonen.
6.2 Simultan analysemodell
Den simultane analysemodellen til SØF er dokumentert i Borge og Nyhus (2024), og er brukt til å fastsette vektene til basis- og busettingskriteria, som eit supplement til analysane til departementet. Som omtalt i avsnitt 15.1, er det for desse kriteria brukt eit gjennomsnitt av resultata frå den simultane analysemodellen og departementet sine analysar.
Tabell 6.1 viser vektene til basiskriteriet og sonekriteriet for kvar enkelt delkostnadsnøkkel basert på den fulle simultane analysemodellen til SØF.
Tabell 6.1 Kostnadsvekt for basiskriteriet og sonekriteriet 2019–2022. Resultater fra full simultan analysemodell gjennomført av SØF.
Sektor | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | Snitt |
---|---|---|---|---|---|
Basiskriteriet | |||||
Administrasjon | 0,1508 | 0,1337 | 0,1451 | 0,1423 | 0,1430 |
Grunnskole | 0,0339 | 0,0256 | 0,0294 | 0,0243 | 0,0283 |
Barnehage1 | 0,0015 | 0,0058 | 0,0050 | 0,0014 | 0,0034 |
Kommunehelse | 0,0837 | 0,0620 | 0,0514 | 0,0518 | 0,0622 |
Pleie og omsorg | 0,0210 | 0,0204 | 0,0221 | 0,0188 | 0,0206 |
Sonekriteriet | |||||
Grunnskole | 0,0440 | 0,0579 | 0,0591 | 0,0535 | 0,0537 |
Kommunehelse | 0,0910 | 0,0872 | 0,0497 | 0,0659 | 0,0734 |
Pleie og omsorg | 0,0176 | 0,0252 | 0,0239 | 0,0215 | 0,0220 |
1 Basiskriteriet er ikkje statistisk signifikant for barnehage i dei simultane analysane for 2019 og 2022, og har ikkje ein positiv effekt i dei partielle analysane til departementet. Resultata frå den simultane analysemodellen for barnehage inngår derfor ikkje i departementet sitt forslag til ny barnehagenøkkel. Både basis- og sonekriteriet er statistisk signifikant på 0,05-nivå i analysane for dei andre sektorane alle år.
Kjelde: Borge og Nyhus (2024)
6.3 Grunnskole
Tabell 6.2 viser resultata frå departementet sine regresjonsanalysar av utgiftene til grunnskole, som er lagt til grunn for forslaget til ny delkostnadsnøkkel. Avhengig variabel er brutto driftsutgifter per innbyggar til grunnskole (KOSTRA-funksjonane 202, 222 og 223). Alle variablar er for 2022, med unntak av innvandrar 6–15 år, som er eit gjennomsnitt av tal for 1. januar 2022 og 1. januar 2023.
I tillegg til analyseresultata som er vist i tabellen, har departementet gjort analysar over fleire år og med andre variablar, inkludert sosioøkonomiske indikatorar som talet på personar med låg inntekt.
Utsira og Lurøy kommunar er ikkje med i analysane på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Bø kommune er ikkje med i analysane på grunn av manglande data for utgifter i 2022.
Tabell 6.2 Analyseresultat for grunnskole.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Innbyggarar 6–12 år | 105 349 | <0,0001 |
Innbyggarar 13–15 år | 117 509 | <0,0001 |
Innvandrarar 6–15 år ekskl. Norden | 56 220 | 0,060 |
Innbyggarar 6–15 år født i Noreg med innvandrarforeldre | -55 777 | 0,024 |
Reiseavstand innan sone | 131 | <0,0001 |
Basiskriteriet (1/innbyggartal) | 3 276 873 | <0,0001 |
Frie inntekter | 0,089 | <0,0001 |
Konstantledd | -4 100 | <0,0001 |
Justert R2 | 0,762 | |
Kommunar i analysane | 353 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til grunnskole i 2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar.
6.4 Barnehage
Tabell 6.3 viser resultata frå departementet sine analysar av utgiftene til barnehage, som er lagt til grunn for forslaget til ny delkostnadsnøkkel. Avhengig variabel er brutto driftsutgifter per innbyggar til barnehage (KOSTRA-funksjonane 201, 211 og 221). Alle variablar er for 2022.
I tillegg til analyseresultata som er vist i tabellen, har departementet gjort analysar over fleire år og med andre variablar, inkludert utdanningsnivå, sosioøkonomiske kriterium og mål på busettingsmønsteret. Variabelen barn i kommunale barnehagar er med som kontrollvariabel for å ta omsyn til at foreldrebetaling er inkludert i rekneskapstala til kommunane for barn i kommunale barnehagar, men ikkje for barn i private barnehagar. Variabelen er ikkje brukt som eit kriterium i kostnadsnøkkelen.
Modalen og Nissedal kommunar er ikkje med i analysane på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Bø kommune er ikkje med i analysane på grunn av manglande data for utgifter i 2022.
Tabell 6.3 Analyseresultat for barnehage.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Innbyggarar 1–5 år | 149 458 | <.0001 |
Sysselsette i heiltidsstilling 25–54 år | 6 712 | 0.0005 |
Barn i kommunale barnehagar | 36 589 | <.0001 |
Frie inntekter | 0.029 | <.0001 |
Konstantledd | -1 739 | 0.0007 |
Justert R2 | 0,716 | |
Kommunar i analysane | 353 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til barnehage i 2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar.
6.5 Pleie og omsorg
Tabell 6.4 og 6.5 viser resultata frå departementet sine regresjonsanalysar av utgiftene til pleie og omsorg, som er lagt til grunn for forslaget til ny delkostnadsnøkkel.
Tabell 6.4 viser resultata frå analysane der variabelen standardisert tal på døde (dødelegheit) er med som ein av variablane. Denne analysen er grunnlaget for vektene til alle kriteria i nøkkelen, med unntak av kriteriet aleinebuande 67 år og over. Analysen er supplert med ressurskartlegginga i tabell 6.6 (for alderskriteria) og dei simultane analysane i tabell 6.1 (for basis- og busettingskriteria).
Tabell 6.5 viser resultata frå analysane der aleinebuande 67 år og over inngår som ein av variablane. Denne analysen er brukt til å fastsette vekta for kriteriet aleinebuande.
Avhengig variabel er brutto driftsutgifter per innbyggar til pleie og omsorg (KOSTRA-funksjonane 234, 253, 254, 256, 261). Alle variablar er for 2022, med unntak av tala for dødelegheit som er eit gjennomsnitt for perioden 2018–2022.
Utsira, Lurøy, Moskenes og Kvæfjord kommunar er ikkje med i analysane på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Bø kommune er ikkje med i analysane på grunn av manglande data for utgifter i 2022.
Tabell 6.4 Analyseresultat pleie og omsorg: Modell med dødelegheit.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Innbyggarar 67–79 år | 28 648 | 0,031 |
Innbyggarar 80–89 år | 135 842 | <0,0001 |
Innbyggarar 90 år og over | 391 655 | <0,0001 |
Standardisert tal på døde | 451 289 | 0,032 |
Personar med psykisk utviklingshemming 16 år og over | 447 937 | <0,0001 |
Tilskot ressurskrevjande tenester (kr) | 1,40 | <0,0001 |
Vertskommunetilskot (kr) | 1,00 | <0,0001 |
Reiseavstand innan sone | 98 | 0,034 |
Basiskriteriet (1/innbyggartal) | 2 857 913 | 0,003 |
Frie inntekter | 0,18 | <0,0001 |
Konstantledd | -5 714 | 0,006 |
Justert R2 | 0,845 | |
Kommunar i analysane | 351 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til pleie og omsorg i 2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar.
Tabell 6.5 Analyseresultat pleie og omsorg: Modell med aleinebuande.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Innbyggarar 67–79 år | 9 998 | 0,531 |
Innbyggarar 80–89 år | 99 762 | 0,004 |
Innbyggarar 90 år og over | 311 895 | <0,0001 |
Aleinebuande 67 år og over | 74 631 | 0,005 |
Personar med psykisk utviklingshemming 16 år og over | 450 749 | <0,0001 |
Tilskot ressurskrevjande tenester (kr) | 1,42 | <0,0001 |
Vertskommunetilskot (kr) | 1,01 | <0,0001 |
Reiseavstand innan sone | 105 | 0,023 |
Basiskriteriet (1/innbyggartal) | 2 830 450 | 0,003 |
Frie inntekter | 0,18 | <0,0001 |
Konstantledd | -1 859 | 0,281 |
Justert R2 | 0,847 | |
Kommunar i analysane | 351 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til pleie og omsorg i 2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar.
Tabell 6.6 viser ressursfordelinga innan pleie- og omsorgssektoren fordelt mellom dei ulike aldersgruppene. Metoden for å berekne ressursfordelinga er den same som vart brukt ved førre revisjon av inntektssystemet, og som òg vart nytta av Inntektssystemutvalet. Ressursfordelinga er berekna ved å fordele ressursbruken på høvesvis heimetenester og institusjonstenester, henta frå KOSTRA, på dei ulike aldersgruppene. I berekninga er det lagt til grunn at funksjon 234 og 254 er heimetenester, mens funksjon 253, 256 og 261 er institusjonstenester.
For heimetenestene er det brukt tal på mottakarar av tenester i heimen og praktisk bistand, og ei oversikt over gjennomsnittleg timetal per brukar i dei ulike aldersgruppene. For institusjonstenester er det brukt tal på personar med opphald i institusjon, både på kort- og langtidsopphald.
Berekninga tar utgangspunkt i brutto driftsutgifter til pleie- og omsorgstenestene, korrigert for tilskot gjennom toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenenester. Tilskot gjennom toppfinansieringsordninga er trekt frå slik at det ikkje skal påverke vektene til alderskriteria under 67 år.
Tabell 6.6 Ressursfordeling aldersgrupper. Tal for 2022.
Aldersgruppe | Andel av utgiftene til heimetenester | Andel av utgiftene til institusjonstenester | Andel av ressursane til pleie og omsorg (ekskl. tilskot til ressurskrevjande tenester) |
---|---|---|---|
0–49 år | 28,6 % | 3,3 % | 32,0 % |
50–66 år | 12,1 % | 2,3 % | 14,4 % |
67–79 år | 8,0 % | 9,5 % | 17,5 % |
80–89 år | 6,2 % | 14,9 % | 21,1 % |
90 år og over | 4,0 % | 11,0 % | 15,0 % |
Sum | 59,0 % | 41,0 % | 100,0 % |
Kjelde: Berekning utført av departementet med grunnlagstal frå KOSTRA (SSB) og Kommunalt pasientregister (Helsedirektoratet).
6.6 Kommunehelse
Tabell 6.7 viser resultata frå departementet sine regresjonsanalysar av utgiftene til kommunehelse, som er lagt til grunn for forslaget til ny delkostnadsnøkkel. Avhengig variabel er brutto driftsutgifter per innbyggar til kommunehelse (KOSTRA-funksjonane 232, 233, 241). Alle variablar er for 2022.
Analysen er supplert med ressurskartlegginga i tabell 6.8 (for alderskriteria) og dei simultane analysane i tabell 6.1 (for basis- og busettingskriteria).
I tillegg til analyseresultata som er vist i tabellane, har departementet gjort analysar over fleire år og med andre variablar, inkludert andre alderssamansetningar, helsetilstand og sosioøkonomiske indikatorar.
Utsira, Lurøy og Lærdal kommunar er ikkje med i analysane på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Bø kommune er ikkje med i analysane på grunn av manglande data for utgifter i 2022.
Tabell 6.7 Analyseresultat kommunehelse.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Innbyggarar 67–89 år | 12 515 | 0,0004 |
Innbyggarar over 90 år | -52 583 | 0,1233 |
Basiskriteriet (1/innbyggartal) | 1 365 601 | 0,0008 |
Nabokriteriet | 83 | 0,0012 |
Frie inntekter | 0,084 | <0,0001 |
Konstantledd | -2 195 | 0,0014 |
Justert R2 | 0,732 | |
Kommunar i analysane | 352 |
Departementet foreslår at restvekta i kommunehelsenøkkelen blir fordelt ut frå dei ulike aldersgruppene sin andel av alle konsultasjonar hos legevakt og fastlege. Tabell 1.8 viser tal for konsultasjonar hos legevakt og fastlege per aldersgruppe. Ressursfordelinga er berekna ved å fordele talet på konsultasjonar høvesvis hos legevakt og fastlege, henta frå KOSTRA, på dei ulike aldersgruppene.
Tabell 6.8 Ressursfordeling aldersgrupper. Tal for 2022.
Aldersgruppe | Andel konsultasjonar hos legevakt og fastlege |
---|---|
Innbyggarar 0–22 år | 17,0 % |
Innbyggarar 23–66 år | 60,6 % |
Innbyggarar 67–89 år | 21,1 % |
Innbyggarar 90 år og over | 1,2 % |
Sum | 100,0 % |
Kjelde: Berekning utført av departementet med grunnlagstal frå KOSTRA (SSB).
6.7 Barnevern
Tabell 6.9 og 6.10 viser resultata frå departementet sine regresjonsanalysar av utgiftene til barnevern. Tabell 6.9 viser analysane som er lagt til grunn for departementet sitt forslag til ny delkostnadsnøkkel. Tabell 6.10 viser departementet sine analysar av modellen som vart presentert som alternativ 1 i NOU 2022: 10, som òg er omtalt i kapittel 15.6 i denne proposisjonen.
Tabell 6.9 Analyseresultat barnevern: Modell til forslag til ny delkostnadsnøkkel.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Personar med låg inntekt | 20 950 | <0,0001 |
Personar med låg utdanning | 4 864 | 0,001 |
Uførepensjonistar 18–49 år | 27 127 | 0,005 |
Tilskot til einslege mindreårige asylsøkarar (kr) | 0,827 | <0,0001 |
Vertskommune for interkommunalt samarbeid (1=ja, 0=nei) | 448 | 0,005 |
Frie inntekter | 0,001 | 0,746 |
Konstantledd | 119 | 0,777 |
Justert R2 | 0,218 | |
Kommunar i analysane | 351 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til barnevern, snitt for 2021–2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar, unntatt vertskommune for interkommunalt samarbeid om barnevern, som er ein dummyvariabel med verdien 1 for vertskommunar og 0 for alle andre kommunar.
Tabell 6.10 Analyseresultat barnevern: Alternativ 1 i NOU 2022: 10.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Personar med låg inntekt | 18 072 | 0,001 |
Personar med låg utdanning | 6 181 | <0,0001 |
Pasientar med rus- og psykiatridiagnose (NPR) | 14 253 | 0,043 |
Tilskot til einslege mindreårige asylsøkarar (kr) | 0,840 | <0,0001 |
Vertskommune for interkommunalt samarbeid (1=ja, 0=nei) | 442 | 0,006 |
Frie inntekter | -0,0001 | 0,974 |
Konstantledd | -46 | 0,930 |
Justert R2 | 0,209 | |
Kommunar i analysane | 351 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til barnevern, snitt for 2021–2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar, unntatt vertskommune for interkommunalt samarbeid om barnevern, som er ein dummyvariabel med verdien 1 for vertskommunar og 0 for alle andre kommunar.
Avhengig variabel i begge analysane er brutto driftsutgifter per innbyggar til barnevern (KOSTRA-funksjonane 244, 251 og 252). Det er brukt eit gjennomsnitt over to år for både avhengig variabel og dei uavhengige variablane. Variablane er eit gjennomsnitt for 2021 og 2022, eller dei næraste to åra. Unntaka er frie inntekter og variabelen vertskommunar for interkommunalt samarbeid, som er for 2022.
I tillegg til analyseresultata som er vist i tabellane, har departementet gjort analysar over fleire år og med andre variablar, inkludert andre sosioøkonomiske indikatorar.
Ål, Gjerstad, Gratangen, Berlevåg og Nesseby kommunar er ikkje med i analysane i tabell 6.9 og 6.10 på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Bø kommune er ikkje med i analysane på grunn av manglande data for utgifter i 2022.
6.8 Sosiale tenester
Tabell 6.11 viser resultata frå departementet sine regresjonsanalysar av utgiftene til sosiale tenester, som er lagt til grunn for forslaget til ny delkostnadsnøkkel. Avhengig variabel er brutto driftsutgifter per innbyggar til sosiale tenester (KOSTRA-funksjonane 213, 242, 243, 273, 276, 281 og 283). Alle variablar er for 2022, med unntak av personar med låg inntekt, som er frå 2021.
I tillegg til analyseresultata som er vist i tabellen, har departementet gjort analysar over fleire år og med andre variablar, inkludert eit opphopingskriterium med talet på uføre.
Tokke og Masfjorden kommunar er ikkje med i analysane på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Bø kommune er ikkje med i analysane på grunn av manglande data for utgifter i 2022.
Tabell 6.11 Analyseresultat for sosiale tenester: Modell til forslag til ny delkostnadsnøkkel.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Aleinebuande 30–66 år | 15 638 | 0,0008 |
Flyktningar utan integreringstilskot | 32 306 | <0,0001 |
Pasientar med diagnose innan rus og psykiatri | 18 524 | 0,0134 |
Opphopingsindeks (arbeidsledige * personar med låg inntekt) | 1 027 840 | 0,0033 |
Integreringstilskot (kr) | 0,2795 | <0,0001 |
Frie inntekter | 0,0174 | <0,0001 |
Konstantledd | -1 088 | 0,0618 |
Justert R2 | 0,3114 | |
Kommunar i analysane | 353 |
Merknad: Avhengig variabel er brutto driftsutgifter til sosiale tenester i 2022, ekskl. avskrivingar. Analysar gjennomført som vanleg minste kvadrats metode (OLS-regresjon). Alle variablar målt per innbyggar.
6.9 Administrasjon og landbruk
Tabell 6.12 og tabell 6.13 viser resultata frå departementet sine regresjonsanalysar av utgiftene til administrasjon og landbruk, som er lagt til grunn for forslaget til ny delkostnadsnøkkel. Avhengig variabel er høvesvis brutto driftsutgifter per innbyggar til administrasjon (KOSTRA-funksjonane 100, 110, 120, 121, 130 og 180) og brutto driftsutgifter per innbyggar til landbruksforvaltning og landbruksbasert næringsutvikling (KOSTRA-funksjon 329). Alle variablar er for 2022.
I tillegg til analyseresultata som er vist i tabellane, har departementet gjort analysar over fleire år.
Utsira og Åseral kommunar er ikkje med i analysane av administrasjon på grunn av ekstremverdiar på ein eller fleire av variablane. Det same gjeld Modalen, Hattfjelldal og Osen kommunar i analysane av landbruk. Bø kommune er ikkje med i analysane av administrasjon eller landbruk på grunn av manglande data for utgifter i 2022. 12 kommunar1 hadde ikkje utgifter til landbruksforvaltning i 2022.
Tabell 6.12 Analyseresultat administrasjon.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Basiskriteriet (1/innbyggartal) | 9 269 787 | <0,0001 |
Frie inntekter | 0,1155 | <0,0001 |
Konstantledd | -2 713 | <0,0001 |
Justert R2 | 0,89 | |
Kommunar i analysane | 353 |
Tabell 6.13 Analyseresultat landbruk.
Variabel | Koeffisient | p-verdi |
---|---|---|
Jordbruksverksemder | 24 338 | <0,0001 |
Kommunens areal | 218 | 0,0005 |
Landbrukseigedommar | 956 | 0,0499 |
Frie inntekter | 0,0001 | 0,9259 |
Konstantledd | -77 | 0,4637 |
Justert R2 | 0,54 | |
Kommunar i analysane | 340 |
Fotnoter
Bjerkreim, Bremanger, Båtsfjord, Gratangen, Kristiansund, Kvænangen, Lavangen, Moskenes, Nordkapp, Oslo, Vardø og Værøy.