7 Anslag på fordelingsverknader for enkeltkommunar
Dette vedlegget viser eit anslag på fordelingsverknadene av forslaget til endringar i inntektssystemet for kvar enkelt kommune, jf. tabell 7.1. Tabellen viser eit anslag på dei samla fordelingsverknadene av alle forslaga, og dei isolerte effektane av endringane innan kostnadsnøkkelen og bruken av særskild fordeling, dei regionalpolitiske tilskota, skattegrunnlaga og inntektsutjamninga, og toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Tabellen viser både eit anslag på systemverknadene av endringane, og eit anslag på verknaden det første året inkludert inntektsgarantiordninga (INGAR), overgangsordninga for endringar i skatteelementa og eit anslag på den samla veksten i dei frie inntektene.
Føresetnader for berekningane
Fordelingsverknadene for endringar i kostnadsnøkkelen, bruken av særskild fordeling og dei regionalpolitiske tilskota er berekna med utgangspunkt i inntektssystemet for 2024, jf. Grønt hefte for 2024.
Fordelingsverknadene for endringar i skattegrunnlaga og inntektsutjamninga er basert på skattetal for 2020. Fordelingsverknadene er justert til 2024-nivå med veksten i samla skatteinntekter frå 2020 til anslag på skatteinntekter i 2024 frå Prop. 1 S, det vil seie med i overkant av 30 prosent.
Fordelingsverknadene for endringar i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester er berekna med utgangspunkt i tal for 2022, prisjustert til 2024-kroner med kommunal deflator.
Sidan berekningane for skatt og toppfinansieringsordninga er gjort på tal for høvesvis 2020 og 2022, er det ikkje mogleg å rekne anslag for Haram og Ålesund etter kommuneinndelinga i 2024. Som ein illustrasjon er det i tabellen lagt til grunn at fordelingsverknadene for endringane i skatteelementa og toppfinansieringa, målt i kroner per innbyggar, er den same for Haram og Ålesund etter delinga som i anslaga for Ålesund kommune før delinga. Merk at veksten i dei frie inntektene i kolonne 8–10 er i 2025-kroner, mens effekten av dei andre endringane er vist i anslag på 2024-kroner.
Tabellforklaring
Kolonne 1
Kolonne 1 viser talet på innbyggarar i kommunen per 1. juli 2023.
Kolonne 2
Kolonne 2 i tabellane viser eit anslag på dei samla frie inntektene, inkludert inntekter frå eigedomsskatt, konsesjonskraft og Havbruksfondet. Anslaget på skatt og rammetilskot er henta frå Grønt hefte 2024, og er inkludert inntekts- og utgiftsutjamning med dagens inntektssystem. Tal for eigedomsskatt er henta frå KOSTRA og gjeld for 2022, og er inkludert alle typar eigedomsskatt. Konsesjonskraftinntekter er nettoinntekter frå konsesjonskraft mv. frå KOSTRA, mens tal for utbetalingar frå Havbruksfondet er henta frå Fiskeridirektoratet. Det er brukt eit gjennomsnitt av konsesjonskraft- og havbruksinntekter for 2021 og 2022, sidan inntektene kan variere ein del frå år til år.
Kolonne 3
Kolonne 3 viser eit anslag på fordelingsverknader av ny kostnadsnøkkel og endringar i bruken av særskilt fordeling. Anslaget er berekna med utgangspunkt i kriteriedata, utgiftsbehov og kostnadsnøkkel for inntektssystemet i 2024. Kolonnen viser effekten av følgande endringar:
nye delkostnadsnøklar for alle sektorane i utgiftsutjamninga, jf. forslag i kapittel 15
innføring av fullt basiskriterium for alle kommunar
utviding av utgiftsutjamninga til òg å omfatte arbeidsretta tiltak i kommunal regi og bistand til etablering og vidareføring av eigen bustad (jf. kapittel 15.7 om delkostnadsnøkkel for sosiale tenester)
effekten av at vaksenopplæring blir rekna som ein del av sektoren for sosiale tenester i staden for grunnskole
effekten av å opprette ei ny ordning i tabell C for å tilbakeføre halvparten av fordelingsverknaden av å vekte ned kriteriet for personar med psykisk utviklingshemming
effekten av å avvikle kompensasjonen for gradert basis i tabell C. Midlane er fordelt mellom alle kommunar etter innbyggartal.
Kolonne 4
Kolonne 4 viser eit anslag på fordelingsverknadene av følgande endringar:
bruk av ny distriktsindeks innanfor distriktstilskota for Sør-Noreg og Nord-Noreg
småkommunetillegg til Værøy, Røst og Træna etter same sats som i tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark
reduksjon i satsen på storbytilskotet frå 416 til 398 kroner per innbyggar
reduksjon i satsen på veksttilskotet frå 67 331 kroner til 22 444 kroner per innbyggar over vekstgrensa
avvikling av regionsentertilskotet
innføring av ei inntektsgrense for distriktstilskot Sør-Noreg som òg omfattar inntekter frå konsesjonskraft, eigedomsskatt på kraft- og petroleumsanlegg, Havbruksfondet og produksjonsavgift for vindkraft
auke i innbyggartilskotet med eit likt beløp per innbyggar, tilsvarande den samla reduksjonen i dei regionalpolitiske tilskota
Anslaga er berekna med utgangspunkt i kriteriedata og tilskot i inntektssystemet for 2024.
Kolonne 5
Kolonne 5 viser eit anslag på fordelingsverknadene av følgande endringar:
Eigarinntekter (utbytte mv.) blir korrigert ut av skattegrunnlaget for kommunane, og erstatta med annan inntektsskatt.
Kommunane sin andel av formuesskatten blir halvert, og erstatta av auka andel inntektsskatt.
Den symmetriske delen av inntektsutjamninga blir justert opp frå 60 til 64 prosent.
Anslaga er berekna med utgangspunkt i tal for skatteinntekter. Fordelingsverknadene er justert til 2024-nivå med veksten i samla skatteinntekter frå 2020 til anslag på skatteinntekter i 2024 frå Prop. 1 S, det vil seie med i overkant av 30 prosent.
Kolonne 6
Kolonne 6 viser eit anslag på fordelingsverknadene av:
Ny modell for berekning av eigenandel i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester.
Auka innslagspunkt for å komme inn under toppfinansieringsordninga for å ta omsyn til nedvekting av PU-kriteriet, slik at nedvektinga blir gjennomført innanfor ei uendra samla utgiftsramme på statsbudsjettet.
Fordelingsverknadene er berekna ut frå grunnlagstal for 2022, prisomrekna til 2024-kroner med kommunal deflator.
Kolonne 7
Kolonne 7 viser dei samla fordelingsverknadene av alle endringar i inntektssystemet og toppfinansieringsordninga, før overgangsordningar, vekst i frie inntekter og kompensasjon for endringar i inntektssystemet.
Kolonne 8
Kolonne 8 viser summen av veksten i dei frie inntektene på 1,5 mrd. kroner som er fordelt særskild og tapskompensasjonen på 108 mill. kroner, til saman 1,6 mrd. kroner finansiert innanfor veksten i dei frie inntektene. Veksten på 1,5 mrd. kroner er fordelt slik at alle kommunar får minimum 30 kroner per innbyggar (innbyggartal per 1. januar 2023). For kommunar med skatteinntekter på 130 prosent av landsgjennomsnittet eller lågare, blir beløpet per innbyggar høgare desto lågare skatteinntektene i 2023 var, opp til 345 kroner per innbyggar for kommunen med det lågaste skattenivået. Departementet foreslår at dette beløpet ligg fast med særskild fordeling framover, og at fordelinga mellom kommunane årleg vil bli justert med utgangspunkt i oppdaterte skattetal. For konsesjonskraft og eigedomsskatt på kraftanlegg, vindkraftverk og petroleumsanlegg er det brukt tal frå KOSTRA frå 2023. Her mangla det tal frå 11 kommunar ved KOSTRA-rapporteringa i februar 2024. For desse kommunane er det i berekninga brukt tilsvarande tal for 2022 (for eigedomsskatt er det brukt tal for eigedomsskatt på annan eigedom for 2022). I samband med statsbudsjettet for 2025 vil tala bli oppdatert med endelege KOSTRA-tal frå 2023.
Tapskompensasjonen kompenserer kommunar med skatteinntekter (inkl. naturressursinntekter) på under 105 prosent av landsgjennomsnittet som tapar på endringane i inntektssystemet og toppfinansieringsordningsordninga, etter at veksten i dei frie inntektene på 1,5 mrd. kroner er lagt til. Den endelege tapskompensasjonen vil bli berekna til statsbudsjettet for 2025, og vil deretter ligge nominelt fast til neste heilskaplege gjennomgang av inntektssystemet.
Kolonne 9
Kolonne 9 viser eit anslag på dei samla verknadene av nytt inntektssystem inkludert veksten i dei frie inntektene på 1,5 mrd. kroner og tapskompensasjonen. Kolonnen er lik summen av kolonne 7 og 8.
Kolonne 10
Kolonne 10 viser eit førebels anslag på verknaden av endringane i inntektssystemet og toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester det første året, inkludert INGAR, overgangsordningar for skatteelementa og anslått samla vekst i dei frie inntektene. I kolonnen er det som ein illustrasjon lagt til grunn ein samla anslått vekst i dei frie inntektene på 5 mrd. kroner. Talet for samla vekst i dei frie inntektene vil òg inkludere vekst som er grunngitt med andre forhold enn nytt inntektssystem, mellom anna demografi, pensjon og satsinga på barnehagar. Det er som ein forenkla berekningsteknisk føresetnad lagt til grunn at veksten som ikkje er fordelt som tapskompensasjon eller særskild etter skattenivå, fordeler seg med eit likt beløp per innbyggar til alle kommunar (615 kroner per innbyggar). Den endelege fordelinga i statsbudsjettet vil bli annleis.
Tabell 7.1 Anslag på fordelingsverknader av forslag til endringar i inntektssystemet. Tal i kroner per innbyggar.
Kommune | Innb. | Frie innt. | Kostn. nøkkel og tab. C | Reg.pol. tilsk. | Skatt og innt.utj. | Toppfin.ordn. | Sum før vekst og tapskomp. | Vekst og tapskomp. | Sum med vekst og tapskomp. | Anslag verknad første år |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kol. 1 | Kol. 2 | Kol. 3 | Kol. 4 | Kol. 5 | Kol. 6 | Kol. 7 | Kol. 8 | Kol. 9 | Kol. 10 | |
0301 Oslo | 711 918 | 73 610 | 877 | 62 | -1 721 | -36 | -818 | 184 | -635 | 377 |
1101 Eigersund | 15 177 | 74 723 | 446 | 89 | 185 | -58 | 663 | 302 | 964 | 1 521 |
1103 Stavanger | 146 810 | 73 088 | -146 | 62 | -313 | -92 | -489 | 217 | -272 | 421 |
1106 Haugesund | 38 218 | 70 244 | 19 | 89 | 715 | -13 | 811 | 300 | 1 111 | 1 430 |
1108 Sandnes | 83 219 | 70 978 | -113 | -29 | 592 | -92 | 358 | 250 | 608 | 991 |
1111 Sokndal | 3 325 | 88 041 | 889 | 772 | 470 | -194 | 1 938 | 187 | 2 125 | 2 475 |
1112 Lund | 3 235 | 84 782 | 1 728 | 771 | 503 | 8 | 3 010 | 230 | 3 240 | 3 550 |
1114 Bjerkreim | 2 861 | 87 999 | 2 116 | 546 | 440 | -81 | 3 020 | 151 | 3 171 | 3 508 |
1119 Hå | 19 712 | 69 167 | 330 | 89 | 438 | -38 | 819 | 336 | 1 154 | 1 491 |
1120 Klepp | 20 766 | 67 569 | 281 | -52 | 410 | -86 | 553 | 322 | 875 | 1 245 |
1121 Time | 19 876 | 69 619 | 101 | 44 | 127 | 54 | 327 | 299 | 625 | 965 |
1122 Gjesdal | 12 384 | 74 091 | 606 | 89 | 402 | 82 | 1 180 | 291 | 1 470 | 1 846 |
1124 Sola | 28 492 | 71 424 | -267 | 86 | -107 | -66 | -354 | 228 | -126 | 530 |
1127 Randaberg | 11 733 | 71 619 | 177 | 89 | 252 | 64 | 582 | 289 | 870 | 1 374 |
1130 Strand | 13 578 | 73 725 | 221 | 89 | 400 | -89 | 620 | 313 | 933 | 1 306 |
1133 Hjelmeland | 2 635 | 112 089 | 678 | -2 387 | 146 | -293 | -1 856 | 30 | -1 826 | 134 |
1134 Suldal | 3 827 | 165 859 | -234 | -1 228 | 352 | -51 | -1 162 | 30 | -1 132 | 626 |
1135 Sauda | 4 559 | 97 960 | -54 | -1 496 | 1 046 | 112 | -391 | 30 | -361 | 1 017 |
1144 Kvitsøy | 537 | 132 667 | 629 | 6 164 | 447 | 0 | 7 240 | 178 | 7 417 | 7 787 |
1145 Bokn | 880 | 109 278 | 2 053 | 3 796 | 1 170 | -242 | 6 777 | 187 | 6 964 | 7 202 |
1146 Tysvær | 11 499 | 91 842 | -83 | 89 | 443 | 143 | 593 | 30 | 622 | 982 |
1149 Karmøy | 43 086 | 71 242 | -554 | 89 | 427 | 14 | -24 | 325 | 301 | 831 |
1151 Utsira | 209 | 218 264 | 4 055 | -25 | 1 188 | 0 | 5 218 | 30 | 5 248 | 5 570 |
1160 Vindafjord | 8 927 | 81 147 | 448 | 660 | -948 | 66 | 226 | 252 | 478 | 1 141 |
1505 Kristiansund | 24 240 | 72 493 | 211 | 357 | 426 | 158 | 1 153 | 329 | 1 482 | 1 842 |
1506 Molde | 32 512 | 76 730 | -626 | -98 | 827 | 158 | 262 | 302 | 564 | 1 137 |
1508 Ålesund | 58 186 | 68 615 | -86 | -49 | 249 | 48 | 162 | 315 | 478 | 902 |
1511 Vanylven | 3 034 | 86 076 | -688 | 89 | 447 | 275 | 123 | 293 | 417 | 1 075 |
1514 Sande | 2 442 | 84 198 | 1 038 | 624 | 1 233 | 502 | 3 397 | 265 | 3 661 | 3 956 |
1515 Herøy | 8 903 | 70 715 | 266 | 661 | -253 | -11 | 663 | 313 | 976 | 1 600 |
1516 Ulstein | 8 882 | 72 656 | -348 | 89 | 572 | 180 | 493 | 330 | 823 | 1 294 |
1517 Hareid | 5 170 | 75 838 | 457 | 1 020 | 523 | 408 | 2 408 | 341 | 2 749 | 3 076 |
1520 Ørsta | 10 977 | 74 248 | -143 | 89 | 477 | -121 | 303 | 324 | 626 | 963 |
1525 Stranda | 4 402 | 80 780 | 848 | 1 054 | 535 | -89 | 2 348 | 310 | 2 658 | 3 024 |
1528 Sykkylven | 7 606 | 70 633 | 227 | 1 264 | 480 | -62 | 1 909 | 329 | 2 238 | 2 590 |
1531 Sula | 9 670 | 73 165 | -288 | 89 | 483 | 278 | 563 | 339 | 902 | 1 243 |
1532 Giske | 8 675 | 74 418 | 209 | 89 | 832 | 111 | 1 241 | 331 | 1 572 | 1 853 |
1535 Vestnes | 7 097 | 75 461 | 424 | 384 | 707 | 376 | 1 890 | 314 | 2 204 | 2 551 |
1539 Rauma | 7 082 | 82 496 | -553 | 384 | 396 | 122 | 349 | 289 | 638 | 1 005 |
1547 Aukra | 3 692 | 145 937 | 746 | 89 | 1 047 | 379 | 2 262 | 30 | 2 292 | 2 554 |
1554 Averøy | 5 928 | 75 757 | 306 | 993 | 614 | 37 | 1 952 | 301 | 2 253 | 2 515 |
1557 Gjemnes | 2 665 | 83 875 | 1 120 | 334 | 572 | 394 | 2 421 | 317 | 2 737 | 3 049 |
1560 Tingvoll | 3 036 | 88 320 | -1 213 | 89 | 532 | -158 | -750 | 750 | 0 | 1 151 |
1563 Sunndal | 7 284 | 86 967 | 87 | 89 | 1 200 | -90 | 1 287 | 174 | 1 461 | 1 745 |
1566 Surnadal | 5 959 | 81 847 | 37 | -211 | 589 | 104 | 518 | 290 | 808 | 1 099 |
1573 Smøla | 2 142 | 110 090 | -522 | 89 | 434 | 418 | 419 | 30 | 449 | 928 |
1576 Aure | 3 386 | 98 405 | -172 | 89 | 418 | -130 | 206 | 274 | 479 | 846 |
1577 Volda | 10 897 | 77 530 | -689 | -376 | 550 | -82 | -597 | 597 | 0 | 574 |
1578 Fjord | 2 505 | 105 454 | -1 047 | 89 | 526 | 510 | 78 | 65 | 143 | 1 085 |
1579 Hustadvika | 13 390 | 78 719 | -361 | 296 | 482 | 208 | 624 | 317 | 941 | 1 275 |
1580 Haram | 9 402 | 70 834 | 990 | 948 | 251 | 48 | 2 237 | 318 | 2 555 | 2 978 |
1804 Bodø | 53 401 | 73 122 | -546 | 89 | 513 | -69 | -13 | 312 | 300 | 826 |
1806 Narvik | 21 560 | 81 837 | -772 | -154 | 625 | 132 | -169 | 292 | 123 | 711 |
1811 Bindal | 1 371 | 128 432 | -1 428 | 89 | 423 | 565 | -351 | 30 | -320 | 1 049 |
1812 Sømna | 1 976 | 93 081 | -124 | 89 | 618 | -101 | 482 | 300 | 782 | 1 071 |
1813 Brønnøy | 7 813 | 85 789 | -543 | 89 | 532 | -143 | -65 | 289 | 224 | 588 |
1815 Vega | 1 226 | 105 547 | 742 | 89 | 634 | 0 | 1 466 | 237 | 1 703 | 1 978 |
1816 Vevelstad | 476 | 156 682 | 2 212 | 89 | 667 | 755 | 3 723 | 67 | 3 790 | 4 037 |
1818 Herøy | 1 844 | 102 108 | -69 | 89 | 329 | 206 | 556 | 140 | 696 | 1 092 |
1820 Alstahaug | 7 414 | 78 878 | -231 | 89 | 485 | 339 | 682 | 306 | 989 | 1 334 |
1822 Leirfjord | 2 317 | 93 787 | 934 | 89 | 681 | 146 | 1 851 | 316 | 2 167 | 2 417 |
1824 Vefsn | 13 404 | 78 749 | -768 | 89 | 459 | 177 | -42 | 288 | 246 | 967 |
1825 Grane | 1 460 | 102 605 | -633 | 89 | 616 | -115 | -43 | 318 | 275 | 808 |
1826 Hattfjelldal | 1 287 | 109 170 | -1 136 | 89 | 647 | 613 | 213 | 205 | 418 | 1 426 |
1827 Dønna | 1 391 | 116 008 | -1 418 | 89 | -553 | -50 | -1 931 | 89 | -1 842 | -441 |
1828 Nesna | 1 805 | 87 812 | 972 | 89 | 633 | 689 | 2 384 | 258 | 2 642 | 2 893 |
1832 Hemnes | 4 490 | 96 138 | -635 | 89 | 1 207 | -165 | 497 | 30 | 526 | 1 052 |
1833 Rana | 25 947 | 75 347 | -557 | 89 | 754 | -81 | 205 | 285 | 491 | 891 |
1834 Lurøy | 1 877 | 141 067 | -689 | 89 | -4 275 | -135 | -5 010 | 30 | -4 980 | -3 656 |
1835 Træna | 448 | 136 630 | 2 811 | 17 074 | -1 016 | 0 | 18 869 | 256 | 19 125 | 19 540 |
1836 Rødøy | 1 139 | 150 942 | 771 | 89 | 518 | 101 | 1 479 | 30 | 1 509 | 1 872 |
1837 Meløy | 6 183 | 93 192 | -386 | 89 | 1 452 | 84 | 1 240 | 87 | 1 327 | 1 603 |
1838 Gildeskål | 1 955 | 119 725 | -481 | 89 | 890 | 13 | 511 | 30 | 541 | 851 |
1839 Beiarn | 1 035 | 122 349 | -1 599 | 89 | 714 | 233 | -563 | 30 | -533 | 946 |
1840 Saltdal | 4 695 | 85 455 | -1 132 | 89 | 593 | 220 | -231 | 306 | 76 | 985 |
1841 Fauske | 9 603 | 75 961 | 818 | 89 | 441 | -172 | 1 176 | 279 | 1 455 | 1 818 |
1845 Sørfold | 1 852 | 129 354 | 360 | 89 | 1 338 | 208 | 1 996 | 30 | 2 026 | 2 352 |
1848 Steigen | 2 674 | 102 600 | -340 | 89 | 439 | -85 | 103 | 132 | 235 | 603 |
1851 Lødingen | 2 024 | 100 911 | -1 604 | 89 | 468 | 860 | -187 | 211 | 25 | 1 596 |
1853 Evenes | 1 330 | 96 090 | 129 | 89 | 644 | 70 | 933 | 280 | 1 213 | 1 507 |
1856 Røst | 462 | 132 352 | 2 803 | 16 559 | -1 898 | 0 | 17 464 | 293 | 17 757 | 18 341 |
1857 Værøy | 676 | 123 489 | 1 853 | 11 345 | 649 | 464 | 14 312 | 333 | 14 646 | 15 320 |
1859 Flakstad | 1 221 | 96 949 | 1 296 | 89 | 1 019 | 723 | 3 128 | 307 | 3 435 | 3 828 |
1860 Vestvågøy | 11 553 | 76 385 | -95 | 89 | 462 | -25 | 432 | 327 | 759 | 1 114 |
1865 Vågan | 9 737 | 78 817 | 308 | 89 | 256 | -91 | 563 | 308 | 871 | 1 253 |
1866 Hadsel | 8 199 | 84 473 | 113 | 89 | 214 | 189 | 605 | 269 | 874 | 1 244 |
1867 Bø | 2 617 | 105 717 | -1 391 | 89 | 428 | 349 | -525 | 244 | -281 | 857 |
1868 Øksnes | 4 553 | 80 834 | -230 | 89 | 466 | 137 | 462 | 277 | 739 | 1 067 |
1870 Sortland | 10 667 | 77 179 | -267 | 89 | 398 | -85 | 134 | 295 | 430 | 795 |
1871 Andøy | 4 585 | 82 258 | -720 | 89 | 517 | -118 | -231 | 330 | 98 | 771 |
1874 Moskenes | 975 | 105 697 | 2 257 | 89 | 983 | 9 | 3 338 | 302 | 3 641 | 4 162 |
1875 Hamarøy | 2 718 | 117 176 | -920 | 89 | 1 401 | 597 | 1 168 | 30 | 1 197 | 1 969 |
3101 Halden | 31 840 | 72 133 | -258 | 89 | 534 | 302 | 667 | 340 | 1 007 | 1 319 |
3103 Moss | 51 545 | 71 814 | -143 | -56 | 554 | -92 | 263 | 327 | 590 | 893 |
3105 Sarpsborg | 59 502 | 73 931 | -196 | 89 | 484 | -84 | 293 | 330 | 623 | 947 |
3107 Fredrikstad | 84 770 | 71 192 | -140 | 89 | 430 | -43 | 337 | 332 | 668 | 1 017 |
3110 Hvaler | 4 774 | 82 004 | 448 | 89 | -533 | 72 | 76 | 281 | 357 | 840 |
3112 Råde | 8 039 | 75 752 | 159 | -407 | 628 | -16 | 364 | 351 | 716 | 1 023 |
3114 Våler | 6 102 | 72 860 | 1 086 | 83 | 415 | -24 | 1 560 | 335 | 1 895 | 2 269 |
3116 Skiptvet | 3 915 | 74 337 | 1 753 | 89 | 488 | -127 | 2 204 | 235 | 2 439 | 2 777 |
3118 Indre Østfold | 46 641 | 71 020 | 279 | -64 | 425 | -84 | 556 | 310 | 866 | 1 230 |
3120 Rakkestad | 8 413 | 75 930 | 662 | 89 | 427 | -130 | 1 049 | 337 | 1 386 | 1 739 |
3122 Marker | 3 634 | 81 701 | 1 467 | -1 246 | 483 | -309 | 396 | 313 | 710 | 1 032 |
3124 Aremark | 1 350 | 90 741 | 2 087 | 89 | 446 | 425 | 3 048 | 331 | 3 379 | 3 748 |
3201 Bærum | 130 586 | 81 679 | -995 | 89 | -2 838 | -72 | -3 815 | 104 | -3 711 | -1 804 |
3203 Asker | 98 041 | 75 317 | -990 | -23 | -1 746 | -69 | -2 829 | 215 | -2 614 | -1 045 |
3205 Lillestrøm | 93 010 | 68 461 | 258 | -334 | 608 | -158 | 374 | 312 | 687 | 1 084 |
3207 Nordre Follo | 62 813 | 71 485 | -720 | -148 | 200 | -84 | -752 | 281 | -472 | 372 |
3209 Ullensaker | 43 293 | 67 693 | 559 | -469 | 765 | -60 | 795 | 333 | 1 128 | 1 455 |
3212 Nesodden | 20 366 | 69 591 | -945 | 89 | -12 | -101 | -969 | 969 | 0 | 943 |
3214 Frogn | 16 150 | 72 310 | -594 | 89 | -414 | -4 | -922 | 240 | -682 | 99 |
3216 Vestby | 19 348 | 70 291 | 38 | -131 | 592 | -154 | 345 | 328 | 673 | 1 019 |
3218 Ås | 21 409 | 68 798 | -212 | 61 | 904 | -91 | 663 | 335 | 997 | 1 342 |
3220 Enebakk | 11 385 | 66 864 | 645 | 89 | 457 | -34 | 1 158 | 340 | 1 497 | 1 870 |
3222 Lørenskog | 47 305 | 68 323 | 696 | -1 119 | 398 | -24 | -49 | 312 | 263 | 726 |
3224 Rælingen | 19 822 | 67 382 | 714 | -142 | 557 | -60 | 1 069 | 320 | 1 389 | 1 791 |
3226 Aurskog-Høland | 17 998 | 71 354 | 595 | -187 | 510 | -133 | 784 | 340 | 1 124 | 1 449 |
3228 Nes | 24 470 | 68 101 | 440 | -40 | 447 | -153 | 694 | 326 | 1 020 | 1 384 |
3230 Gjerdrum | 7 313 | 67 933 | 1 375 | -123 | 213 | -48 | 1 417 | 283 | 1 701 | 2 161 |
3232 Nittedal | 25 620 | 71 290 | -314 | -5 | 556 | -108 | 129 | 301 | 430 | 850 |
3234 Lunner | 9 336 | 71 492 | 322 | 89 | 404 | -96 | 720 | 338 | 1 058 | 1 438 |
3236 Jevnaker | 7 002 | 71 687 | 1 216 | 89 | 459 | -23 | 1 741 | 333 | 2 074 | 2 425 |
3238 Nannestad | 15 802 | 66 519 | 797 | -695 | 429 | -97 | 434 | 333 | 767 | 1 143 |
3240 Eidsvoll | 27 681 | 69 526 | -70 | -369 | 478 | -141 | -101 | 333 | 232 | 578 |
3242 Hurdal | 2 926 | 78 743 | 1 334 | 89 | 576 | -2 | 1 997 | 343 | 2 341 | 2 637 |
3301 Drammen | 103 703 | 68 630 | 266 | 62 | 336 | -124 | 539 | 331 | 871 | 1 236 |
3303 Kongsberg | 28 575 | 71 259 | -159 | 89 | 692 | 118 | 741 | 308 | 1 049 | 1 484 |
3305 Ringerike | 31 467 | 69 604 | 422 | 89 | 348 | -114 | 745 | 323 | 1 067 | 1 446 |
3310 Hole | 6 923 | 74 135 | 247 | 89 | -842 | 52 | -453 | 275 | -179 | 395 |
3312 Lier | 28 322 | 71 125 | -271 | -26 | -78 | 171 | -204 | 273 | 69 | 572 |
3314 Øvre Eiker | 20 626 | 68 894 | 426 | -65 | 280 | 129 | 770 | 333 | 1 103 | 1 521 |
3316 Modum | 14 636 | 70 915 | 555 | 89 | 450 | -189 | 905 | 303 | 1 208 | 1 558 |
3318 Krødsherad | 2 228 | 95 286 | 1 298 | 1 261 | -1 417 | 347 | 1 489 | 291 | 1 780 | 2 322 |
3320 Flå | 1 097 | 116 682 | 1 611 | 651 | 613 | -410 | 2 464 | 83 | 2 547 | 2 931 |
3322 Nesbyen | 3 299 | 100 031 | 1 402 | 89 | -44 | 879 | 2 327 | 31 | 2 359 | 2 807 |
3324 Gol | 4 806 | 88 381 | 1 252 | 89 | 83 | 627 | 2 051 | 115 | 2 166 | 2 658 |
3326 Hemsedal | 2 645 | 110 063 | 1 395 | -219 | -609 | 346 | 913 | 30 | 943 | 1 662 |
3328 Ål | 4 876 | 83 233 | 578 | 89 | 718 | 378 | 1 764 | 306 | 2 071 | 2 497 |
3330 Hol | 4 531 | 121 051 | 1 348 | 89 | -1 079 | 181 | 540 | 30 | 570 | 1 497 |
3332 Sigdal | 3 502 | 84 808 | 1 106 | 1 430 | 663 | -25 | 3 174 | 310 | 3 484 | 3 926 |
3334 Flesberg | 2 765 | 87 421 | 1 518 | 561 | 575 | 201 | 2 856 | 239 | 3 095 | 3 490 |
3336 Rollag | 1 383 | 113 321 | -1 460 | 1 507 | 1 279 | 529 | 1 855 | 130 | 1 984 | 2 279 |
3338 Nore og Uvdal | 2 511 | 105 394 | 742 | -2 510 | 648 | -160 | -1 281 | 30 | -1 251 | 776 |
3401 Kongsvinger | 18 109 | 74 818 | -188 | -989 | 375 | 189 | -613 | 613 | 0 | 1 232 |
3403 Hamar | 32 501 | 73 328 | -234 | 89 | 587 | 436 | 878 | 334 | 1 212 | 1 540 |
3405 Lillehammer | 28 572 | 73 384 | -712 | 89 | 622 | 89 | 88 | 336 | 424 | 1 112 |
3407 Gjøvik | 30 593 | 71 837 | 180 | 89 | 435 | -5 | 700 | 337 | 1 037 | 1 393 |
3411 Ringsaker | 35 557 | 71 567 | -269 | 89 | 487 | 383 | 690 | 337 | 1 027 | 1 366 |
3412 Løten | 7 916 | 71 505 | 588 | 89 | 636 | -60 | 1 254 | 340 | 1 594 | 1 868 |
3413 Stange | 21 398 | 72 295 | -352 | 89 | 531 | 250 | 519 | 336 | 855 | 1 185 |
3414 Nord-Odal | 5 007 | 79 135 | 596 | 89 | 674 | -35 | 1 324 | 329 | 1 653 | 1 920 |
3415 Sør-Odal | 8 082 | 71 659 | 1 053 | -492 | 529 | 487 | 1 579 | 338 | 1 916 | 2 238 |
3416 Eidskog | 6 034 | 78 597 | 224 | -213 | 682 | 935 | 1 628 | 344 | 1 971 | 2 223 |
3417 Grue | 4 553 | 79 467 | 1 105 | 89 | 532 | 55 | 1 781 | 341 | 2 122 | 2 387 |
3418 Åsnes | 7 281 | 77 913 | -272 | 89 | 645 | 314 | 776 | 343 | 1 119 | 1 391 |
3419 Våler | 3 635 | 81 865 | 1 158 | 89 | 644 | 374 | 2 266 | 288 | 2 554 | 2 811 |
3420 Elverum | 21 652 | 72 859 | 244 | 89 | 506 | 28 | 867 | 339 | 1 206 | 1 531 |
3421 Trysil | 6 565 | 84 097 | -531 | 89 | 474 | 44 | 76 | 296 | 372 | 861 |
3422 Åmot | 4 183 | 87 271 | 609 | 1 066 | 578 | 257 | 2 509 | 207 | 2 716 | 3 021 |
3423 Stor-Elvdal | 2 285 | 92 695 | -914 | 89 | 700 | 0 | -125 | 310 | 185 | 933 |
3424 Rendalen | 1 824 | 96 943 | 939 | 89 | 600 | -194 | 1 434 | 111 | 1 545 | 1 845 |
3425 Engerdal | 1 386 | 99 727 | 429 | 24 | 626 | 145 | 1 225 | 322 | 1 547 | 1 835 |
3426 Tolga | 1 586 | 99 456 | 1 336 | 89 | 739 | -294 | 1 870 | 185 | 2 055 | 2 285 |
3427 Tynset | 5 625 | 83 629 | -523 | -217 | 502 | 275 | 37 | 303 | 340 | 959 |
3428 Alvdal | 2 508 | 88 957 | 634 | 350 | 530 | -162 | 1 352 | 243 | 1 595 | 1 919 |
3429 Folldal | 1 515 | 95 301 | -730 | 89 | 645 | -10 | -5 | 270 | 265 | 870 |
3430 Os | 1 870 | 90 041 | 656 | 89 | 1 378 | 701 | 2 825 | 333 | 3 158 | 3 624 |
3431 Dovre | 2 488 | 86 219 | 245 | 89 | 642 | -217 | 759 | 332 | 1 091 | 1 365 |
3432 Lesja | 1 969 | 99 430 | -886 | 89 | 551 | 50 | -195 | 195 | 0 | 816 |
3433 Skjåk | 2 154 | 100 093 | -436 | 89 | 836 | 39 | 528 | 30 | 558 | 969 |
3434 Lom | 2 221 | 95 702 | 619 | 89 | 574 | 19 | 1 301 | 30 | 1 331 | 1 643 |
3435 Vågå | 3 545 | 86 529 | -87 | 89 | 584 | 112 | 699 | 253 | 952 | 1 259 |
3436 Nord-Fron | 5 619 | 92 963 | -130 | 89 | 793 | 1 | 753 | 30 | 782 | 1 123 |
3437 Sel | 5 618 | 83 215 | -523 | 89 | 745 | 63 | 375 | 329 | 704 | 949 |
3438 Sør-Fron | 3 114 | 91 847 | 1 906 | 446 | 429 | 225 | 3 006 | 145 | 3 151 | 3 520 |
3439 Ringebu | 4 426 | 85 431 | 1 067 | -229 | 488 | -119 | 1 207 | 336 | 1 543 | 1 865 |
3440 Øyer | 5 140 | 83 000 | 935 | 400 | 393 | -169 | 1 559 | 319 | 1 878 | 2 371 |
3441 Gausdal | 6 166 | 77 300 | 652 | 691 | 468 | -258 | 1 552 | 333 | 1 885 | 2 235 |
3442 Østre Toten | 14 900 | 71 219 | 57 | 365 | 522 | 53 | 998 | 337 | 1 334 | 1 648 |
3443 Vestre Toten | 13 700 | 70 842 | 491 | 89 | 568 | 103 | 1 252 | 339 | 1 591 | 1 901 |
3446 Gran | 13 610 | 71 811 | -97 | 89 | 442 | 99 | 533 | 334 | 867 | 1 200 |
3447 Søndre Land | 5 564 | 75 077 | 329 | -217 | 714 | 184 | 1 010 | 339 | 1 348 | 1 596 |
3448 Nordre Land | 6 540 | 82 948 | 107 | 388 | 644 | -146 | 993 | 246 | 1 239 | 1 520 |
3449 Sør-Aurdal | 2 848 | 96 208 | -841 | 89 | 554 | 700 | 502 | 341 | 843 | 1 590 |
3450 Etnedal | 1 250 | 104 287 | 1 885 | 89 | 577 | 0 | 2 552 | 337 | 2 889 | 3 179 |
3451 Nord-Aurdal | 6 405 | 83 485 | 495 | -811 | 421 | 194 | 300 | 201 | 501 | 872 |
3452 Vestre Slidre | 2 092 | 98 109 | 2 087 | 89 | -513 | 358 | 2 021 | 58 | 2 080 | 2 543 |
3453 Øystre Slidre | 3 328 | 90 801 | 793 | -249 | 774 | 0 | 1 318 | 180 | 1 498 | 1 962 |
3454 Vang | 1 690 | 122 731 | 319 | -3 772 | 950 | -39 | -2 542 | 29 | -2 513 | 1 044 |
3901 Horten | 27 705 | 68 642 | -548 | 89 | 510 | 8 | 59 | 338 | 398 | 883 |
3903 Holmestrand | 26 485 | 69 065 | -103 | -386 | 448 | 14 | -27 | 332 | 305 | 610 |
3905 Tønsberg | 58 823 | 68 727 | -587 | -48 | 249 | -62 | -448 | 448 | 0 | 567 |
3907 Sandefjord | 65 920 | 68 552 | -363 | -41 | 340 | 34 | -30 | 334 | 305 | 680 |
3909 Larvik | 48 409 | 70 155 | -541 | -61 | 386 | -210 | -425 | 425 | 0 | 502 |
3911 Færder | 27 423 | 71 006 | -883 | -118 | 95 | 163 | -744 | 744 | 0 | 951 |
4001 Porsgrunn | 37 107 | 73 181 | -216 | 89 | 572 | 42 | 487 | 336 | 823 | 1 086 |
4003 Skien | 56 239 | 71 124 | -202 | 89 | 469 | -83 | 273 | 334 | 607 | 952 |
4005 Notodden | 13 163 | 77 252 | -433 | -460 | 458 | 55 | -379 | 380 | 0 | 920 |
4010 Siljan | 2 377 | 79 247 | 2 783 | 913 | 491 | -88 | 4 098 | 338 | 4 436 | 4 797 |
4012 Bamble | 14 247 | 75 914 | 364 | -184 | 571 | -87 | 665 | 334 | 999 | 1 255 |
4014 Kragerø | 10 434 | 79 430 | 568 | -758 | 466 | 11 | 287 | 316 | 603 | 941 |
4016 Drangedal | 4 108 | 84 263 | 974 | 89 | 615 | -182 | 1 497 | 310 | 1 807 | 2 091 |
4018 Nome | 6 574 | 80 919 | 313 | -209 | 552 | -68 | 588 | 236 | 824 | 1 126 |
4020 Midt-Telemark | 10 742 | 76 110 | 392 | -323 | 556 | 244 | 868 | 337 | 1 204 | 1 505 |
4022 Seljord | 2 971 | 88 349 | 1 037 | -130 | 462 | -133 | 1 237 | 100 | 1 337 | 1 665 |
4024 Hjartdal | 1 612 | 104 506 | 933 | 1 709 | 205 | 0 | 2 847 | 30 | 2 876 | 3 296 |
4026 Tinn | 5 547 | 108 785 | 120 | -1 445 | 482 | -164 | -1 007 | 30 | -977 | 473 |
4028 Kviteseid | 2 448 | 87 169 | 112 | 89 | 677 | -159 | 720 | 241 | 961 | 1 299 |
4030 Nissedal | 1 470 | 112 242 | -647 | 532 | 1 214 | 877 | 1 976 | 29 | 2 005 | 2 352 |
4032 Fyresdal | 1 258 | 119 952 | -373 | -5 098 | 1 007 | -152 | -4 616 | 29 | -4 587 | 833 |
4034 Tokke | 2 204 | 121 276 | 266 | -2 872 | 646 | 302 | -1 658 | 30 | -1 628 | 1 228 |
4036 Vinje | 3 837 | 135 143 | 158 | 89 | 45 | 101 | 393 | 30 | 423 | 1 093 |
4201 Risør | 6 853 | 78 035 | 342 | -797 | 422 | -19 | -53 | 336 | 283 | 609 |
4202 Grimstad | 24 632 | 70 138 | -350 | 65 | 374 | 14 | 102 | 334 | 436 | 775 |
4203 Arendal | 46 212 | 70 820 | -587 | 89 | 459 | -4 | -43 | 336 | 294 | 832 |
4204 Kristiansand | 115 736 | 70 524 | -299 | 61 | 376 | -120 | 19 | 337 | 356 | 719 |
4205 Lindesnes | 23 558 | 77 109 | -529 | -140 | 474 | -41 | -236 | 322 | 86 | 555 |
4206 Farsund | 9 919 | 76 319 | -10 | 89 | 484 | -148 | 415 | 315 | 730 | 1 074 |
4207 Flekkefjord | 9 282 | 81 982 | -295 | -479 | 430 | 261 | -83 | 271 | 188 | 932 |
4211 Gjerstad | 2 427 | 83 353 | 1 824 | -179 | 706 | 403 | 2 754 | 344 | 3 098 | 3 351 |
4212 Vegårshei | 2 181 | 84 193 | 2 047 | 89 | 625 | -98 | 2 664 | 338 | 3 001 | 3 277 |
4213 Tvedestrand | 6 231 | 79 437 | 342 | -508 | 455 | 113 | 401 | 338 | 739 | 1 097 |
4214 Froland | 6 231 | 76 025 | 1 262 | 89 | 589 | 206 | 2 146 | 276 | 2 422 | 2 704 |
4215 Lillesand | 11 471 | 71 691 | 42 | 89 | 347 | 93 | 571 | 329 | 900 | 1 262 |
4216 Birkenes | 5 438 | 77 954 | 751 | 89 | 624 | -269 | 1 196 | 320 | 1 516 | 1 789 |
4217 Åmli | 1 784 | 107 820 | -1 807 | 821 | 569 | 433 | 15 | 104 | 120 | 1 099 |
4218 Iveland | 1 354 | 105 002 | 2 363 | 2 018 | 574 | -312 | 4 643 | 41 | 4 683 | 4 996 |
4219 Evje og Hornnes | 3 959 | 76 647 | 1 023 | -361 | 524 | 37 | 1 222 | 299 | 1 521 | 1 848 |
4220 Bygland | 1 162 | 113 611 | 2 | 89 | 600 | 0 | 691 | 29 | 721 | 986 |
4221 Valle | 1 201 | 131 002 | 882 | 89 | 670 | -14 | 1 628 | 29 | 1 657 | 2 316 |
4222 Bykle | 1 007 | 189 879 | 2 221 | 89 | -1 724 | 152 | 739 | 30 | 769 | 2 420 |
4223 Vennesla | 15 391 | 74 220 | 335 | 89 | 620 | -153 | 892 | 291 | 1 183 | 1 459 |
4224 Åseral | 910 | 142 230 | 1 571 | 89 | 715 | 0 | 2 375 | 30 | 2 405 | 3 019 |
4225 Lyngdal | 10 820 | 76 658 | 486 | -320 | 576 | 46 | 787 | 326 | 1 113 | 1 406 |
4226 Hægebostad | 1 771 | 90 822 | 605 | 1 194 | 542 | -314 | 2 027 | 334 | 2 362 | 2 678 |
4227 Kvinesdal | 6 054 | 92 743 | 235 | -212 | 1 143 | 98 | 1 264 | 30 | 1 294 | 1 571 |
4228 Sirdal | 1 860 | 146 487 | -542 | 89 | 45 | -189 | -596 | 30 | -567 | 602 |
4601 Bergen | 290 316 | 71 277 | -161 | 62 | -91 | -34 | -223 | 292 | 68 | 599 |
4602 Kinn | 17 230 | 81 792 | 99 | 619 | 188 | 17 | 923 | 263 | 1 186 | 1 631 |
4611 Etne | 4 072 | 89 441 | 471 | 1 065 | 399 | 100 | 2 035 | 147 | 2 183 | 2 557 |
4612 Sveio | 5 757 | 76 562 | 383 | 395 | 509 | 369 | 1 656 | 307 | 1 963 | 2 305 |
4613 Bømlo | 12 238 | 76 778 | 23 | 643 | 604 | 347 | 1 617 | 293 | 1 911 | 2 263 |
4614 Stord | 19 210 | 72 215 | -175 | 360 | 1 161 | 1 | 1 346 | 313 | 1 659 | 1 951 |
4615 Fitjar | 3 198 | 85 435 | 1 112 | 701 | 780 | 529 | 3 123 | 206 | 3 329 | 3 647 |
4616 Tysnes | 2 915 | 100 866 | 158 | 537 | -2 079 | 138 | -1 246 | 143 | -1 103 | -561 |
4617 Kvinnherad | 13 074 | 99 216 | -338 | 89 | 740 | 179 | 671 | 30 | 701 | 976 |
4618 Ullensvang | 11 140 | 114 154 | -219 | -1 719 | 1 065 | -105 | -978 | 30 | -948 | 636 |
4619 Eidfjord | 963 | 184 503 | 1 225 | 89 | -342 | -140 | 832 | 30 | 862 | 1 946 |
4620 Ulvik | 1 080 | 108 579 | 111 | 89 | 854 | -125 | 929 | 174 | 1 103 | 1 482 |
4621 Voss | 16 222 | 83 157 | -127 | -209 | 709 | -67 | 306 | 196 | 502 | 824 |
4622 Kvam | 8 527 | 101 385 | -754 | 89 | 592 | 144 | 70 | 30 | 100 | 711 |
4623 Samnanger | 2 506 | 95 736 | 1 107 | 610 | 933 | 332 | 2 981 | 57 | 3 038 | 3 298 |
4624 Bjørnafjorden | 25 780 | 72 025 | -715 | -126 | 745 | 55 | -40 | 311 | 271 | 892 |
4625 Austevoll | 5 293 | 90 732 | -266 | 89 | -5 415 | -14 | -5 606 | 59 | -5 547 | -4 052 |
4626 Øygarden | 39 563 | 73 020 | 317 | -78 | 541 | -126 | 655 | 241 | 896 | 1 200 |
4627 Askøy | 30 058 | 68 980 | -305 | 89 | 484 | -45 | 224 | 336 | 560 | 908 |
4628 Vaksdal | 3 883 | 97 929 | 334 | 417 | 920 | 80 | 1 751 | 30 | 1 781 | 1 980 |
4629 Modalen | 375 | 240 088 | 19 | 89 | -1 854 | 0 | -1 745 | 30 | -1 715 | -351 |
4630 Osterøy | 8 206 | 73 692 | 718 | 89 | 509 | 171 | 1 488 | 314 | 1 802 | 2 122 |
4631 Alver | 29 977 | 78 595 | -374 | -107 | 487 | 433 | 439 | 320 | 759 | 1 086 |
4632 Austrheim | 2 873 | 86 987 | 1 247 | 1 225 | 717 | 8 | 3 197 | 153 | 3 351 | 3 897 |
4633 Fedje | 521 | 132 826 | 2 060 | 89 | 1 276 | 0 | 3 425 | 195 | 3 620 | 3 955 |
4634 Masfjorden | 1 676 | 130 916 | -1 201 | -1 858 | 852 | 662 | -1 545 | 30 | -1 515 | 1 702 |
4635 Gulen | 2 219 | 118 780 | -7 | -2 852 | -1 179 | 948 | -3 090 | 30 | -3 060 | 424 |
4636 Solund | 764 | 135 936 | 1 143 | -8 452 | 345 | 402 | -6 563 | 30 | -6 533 | 870 |
4637 Hyllestad | 1 266 | 112 089 | -327 | 89 | 1 388 | -112 | 1 039 | 111 | 1 150 | 1 488 |
4638 Høyanger | 3 916 | 93 496 | -312 | -1 562 | 906 | -130 | -1 098 | 30 | -1 068 | 861 |
4639 Vik | 2 553 | 116 193 | -629 | -2 467 | 408 | 385 | -2 302 | 30 | -2 272 | 935 |
4640 Sogndal | 12 189 | 83 708 | -447 | -283 | 520 | 244 | 34 | 264 | 298 | 669 |
4641 Aurland | 1 797 | 155 582 | -448 | 89 | -44 | 543 | 140 | 30 | 170 | 1 062 |
4642 Lærdal | 2 136 | 94 999 | 286 | 89 | 796 | 65 | 1 237 | 49 | 1 286 | 1 754 |
4643 Årdal | 5 214 | 93 709 | -48 | 89 | 1 069 | 659 | 1 769 | 298 | 2 067 | 2 457 |
4644 Luster | 5 345 | 105 669 | -1 043 | -524 | 797 | 118 | -651 | 30 | -622 | 1 055 |
4645 Askvoll | 2 956 | 96 104 | -1 132 | 89 | 434 | 185 | -424 | 424 | 0 | 1 086 |
4646 Fjaler | 2 885 | 101 112 | -1 271 | 542 | 552 | 512 | 334 | 251 | 585 | 1 234 |
4647 Sunnfjord | 22 325 | 79 952 | -851 | 120 | 680 | 148 | 97 | 301 | 399 | 947 |
4648 Bremanger | 3 430 | 114 073 | -983 | -1 622 | 762 | 733 | -1 110 | 30 | -1 080 | 1 514 |
4649 Stad | 9 609 | 80 100 | -356 | -646 | 491 | 183 | -329 | 329 | 0 | 561 |
4650 Gloppen | 5 923 | 87 200 | -776 | -516 | 511 | 34 | -747 | 747 | 0 | 1 205 |
4651 Stryn | 7 256 | 77 965 | -353 | 1 268 | 421 | 29 | 1 365 | 334 | 1 699 | 2 045 |
5001 Trondheim | 213 125 | 67 415 | -54 | 61 | 338 | -113 | 232 | 305 | 537 | 978 |
5006 Steinkjer | 23 963 | 77 494 | -1 072 | -405 | 608 | 30 | -838 | 839 | 0 | 1 226 |
5007 Namsos | 15 116 | 82 200 | -1 090 | -225 | 535 | 152 | -627 | 627 | 0 | 1 016 |
5014 Frøya | 5 421 | 113 483 | 1 133 | 89 | -14 284 | 1 | -13 060 | 30 | -13 030 | -8 416 |
5020 Osen | 905 | 117 828 | 943 | 89 | 656 | 0 | 1 688 | 115 | 1 803 | 2 088 |
5021 Oppdal | 7 361 | 80 326 | 308 | -1 364 | 377 | 61 | -619 | 619 | 0 | 971 |
5022 Rennebu | 2 490 | 91 949 | 576 | 89 | 609 | -133 | 1 141 | 231 | 1 372 | 1 669 |
5025 Røros | 5 658 | 79 666 | 335 | -517 | 420 | -250 | -12 | 332 | 320 | 686 |
5026 Holtålen | 2 024 | 85 673 | -833 | 89 | 628 | 103 | -13 | 339 | 326 | 1 051 |
5027 Midtre Gauldal | 6 143 | 80 164 | -247 | 1 597 | 643 | -29 | 1 965 | 329 | 2 295 | 2 572 |
5028 Melhus | 17 435 | 71 348 | -174 | 89 | 519 | 375 | 810 | 333 | 1 142 | 1 470 |
5029 Skaun | 8 455 | 74 081 | -108 | 89 | 555 | -145 | 392 | 341 | 733 | 1 057 |
5031 Malvik | 14 747 | 70 495 | -241 | 89 | 827 | -97 | 578 | 330 | 908 | 1 229 |
5032 Selbu | 4 183 | 81 408 | -510 | 409 | 511 | 140 | 551 | 230 | 780 | 1 132 |
5033 Tydal | 758 | 151 359 | -281 | 89 | 597 | 0 | 406 | 30 | 436 | 1 085 |
5034 Meråker | 2 449 | 92 629 | 33 | 89 | 621 | 99 | 842 | 115 | 957 | 1 237 |
5035 Stjørdal | 24 614 | 68 112 | -645 | 89 | 527 | -92 | -121 | 339 | 218 | 793 |
5036 Frosta | 2 635 | 81 097 | 720 | 338 | 619 | 361 | 2 038 | 343 | 2 381 | 2 641 |
5037 Levanger | 20 492 | 72 168 | -1 155 | 89 | 504 | 233 | -328 | 338 | 10 | 1 103 |
5038 Verdal | 15 121 | 71 595 | -116 | -456 | 611 | 68 | 108 | 339 | 447 | 992 |
5041 Snåsa | 2 022 | 94 817 | -3 186 | 89 | 686 | 14 | -2 396 | 2 396 | 0 | 3 051 |
5042 Lierne | 1 298 | 113 474 | -2 239 | 89 | 558 | 66 | -1 526 | 1 526 | 0 | 2 161 |
5043 Røyrvik | 425 | 157 066 | 2 548 | 89 | 510 | 0 | 3 147 | 246 | 3 394 | 3 748 |
5044 Namsskogan | 831 | 145 740 | -2 221 | 89 | 705 | 0 | -1 427 | 29 | -1 398 | 863 |
5045 Grong | 2 304 | 97 738 | -650 | 89 | 504 | -57 | -114 | 269 | 155 | 562 |
5046 Høylandet | 1 234 | 106 544 | -3 633 | 617 | 670 | -17 | -2 363 | 2 364 | 0 | 2 978 |
5047 Overhalla | 3 885 | 81 948 | 379 | 89 | 590 | 46 | 1 105 | 337 | 1 442 | 1 742 |
5049 Flatanger | 1 103 | 136 427 | -738 | 89 | -2 813 | 327 | -3 135 | 30 | -3 105 | -1 823 |
5052 Leka | 587 | 155 299 | 54 | 57 | 518 | 399 | 1 029 | 30 | 1 058 | 1 416 |
5053 Inderøy | 6 864 | 80 094 | -870 | -504 | 549 | 23 | -802 | 802 | 0 | 1 271 |
5054 Indre Fosen | 10 015 | 77 037 | -850 | 219 | 651 | 205 | 225 | 340 | 565 | 834 |
5055 Heim | 5 920 | 90 674 | -502 | 89 | 446 | -98 | -64 | 232 | 167 | 640 |
5056 Hitra | 5 315 | 89 205 | 623 | -262 | 800 | 237 | 1 398 | 111 | 1 510 | 1 797 |
5057 Ørland | 10 501 | 77 943 | -214 | -1 459 | 537 | -118 | -1 255 | 1 255 | 0 | 1 259 |
5058 Åfjord | 4 321 | 109 787 | -746 | -1 497 | 420 | -19 | -1 842 | 30 | -1 812 | 499 |
5059 Orkland | 18 737 | 75 737 | -367 | -451 | 545 | -35 | -308 | 308 | 0 | 567 |
5060 Nærøysund | 10 011 | 90 973 | -255 | -347 | 22 | 794 | 214 | 122 | 336 | 715 |
5061 Rindal | 1 969 | 88 140 | 146 | 89 | 581 | 208 | 1 025 | 287 | 1 312 | 1 629 |
5501 Tromsø | 78 135 | 69 601 | -5 | 89 | 707 | -103 | 688 | 308 | 996 | 1 383 |
5503 Harstad | 24 998 | 77 816 | -421 | 89 | 418 | -134 | -48 | 310 | 262 | 666 |
5510 Kvæfjord | 2 855 | 95 039 | -992 | 89 | 700 | 46 | -157 | 278 | 121 | 734 |
5512 Tjeldsund | 4 190 | 93 508 | -1 314 | 89 | 579 | -221 | -867 | 867 | 0 | 1 221 |
5514 Ibestad | 1 283 | 120 908 | -970 | 89 | 499 | -103 | -485 | 30 | -455 | 423 |
5516 Gratangen | 1 064 | 115 471 | -728 | 89 | 457 | -145 | -327 | 327 | 0 | 664 |
5518 Lavangen | 998 | 118 607 | -3 333 | 89 | 743 | 217 | -2 284 | 2 284 | 0 | 3 166 |
5520 Bardu | 3 978 | 85 889 | 535 | 89 | 1 575 | -171 | 2 029 | 219 | 2 247 | 2 519 |
5522 Salangen | 2 055 | 93 168 | 121 | 89 | 622 | 382 | 1 214 | 292 | 1 506 | 1 759 |
5524 Målselv | 6 804 | 80 844 | -701 | 89 | 1 215 | 165 | 768 | 315 | 1 082 | 1 672 |
5526 Sørreisa | 3 480 | 76 889 | 654 | 89 | 500 | 70 | 1 313 | 325 | 1 637 | 1 984 |
5528 Dyrøy | 1 074 | 113 904 | 97 | 89 | 647 | -357 | 476 | 84 | 560 | 848 |
5530 Senja | 14 918 | 91 892 | -1 014 | -229 | 493 | 168 | -582 | 582 | 0 | 930 |
5532 Balsfjord | 5 555 | 86 958 | -625 | 89 | 631 | 72 | 168 | 340 | 508 | 1 003 |
5534 Karlsøy | 2 195 | 117 082 | -1 195 | 89 | 493 | -6 | -619 | 30 | -589 | 570 |
5536 Lyngen | 2 732 | 102 288 | -3 138 | 89 | 643 | 1 035 | -1 370 | 1 370 | 0 | 2 985 |
5538 Storfjord | 1 837 | 106 268 | -480 | 89 | 1 483 | -4 | 1 089 | 136 | 1 226 | 1 608 |
5540 Kåfjord | 1 982 | 102 997 | -924 | 89 | 704 | -98 | -228 | 257 | 29 | 819 |
5542 Skjervøy | 2 782 | 106 614 | -17 | 89 | 554 | 92 | 718 | 120 | 838 | 1 157 |
5544 Nordreisa | 4 826 | 82 870 | -453 | 89 | 478 | 48 | 162 | 314 | 476 | 883 |
5546 Kvænangen | 1 130 | 144 078 | -2 042 | 89 | 535 | 874 | -544 | 30 | -514 | 1 472 |
5601 Alta | 21 558 | 85 625 | -550 | 89 | 390 | 238 | 167 | 285 | 452 | 978 |
5603 Hammerfest | 11 299 | 108 953 | 766 | -307 | 1 461 | 490 | 2 410 | 30 | 2 440 | 2 672 |
5605 Sør-Varanger | 9 890 | 85 108 | 868 | 89 | 589 | -128 | 1 419 | 298 | 1 716 | 1 986 |
5607 Vadsø | 5 647 | 82 874 | 1 561 | 89 | 493 | 662 | 2 805 | 335 | 3 141 | 3 507 |
5610 Karasjok | 2 562 | 92 853 | -1 409 | 89 | 665 | 53 | -601 | 601 | 0 | 1 300 |
5612 Kautokeino | 2 829 | 101 888 | -2 039 | 89 | 865 | 617 | -468 | 468 | 0 | 1 821 |
5614 Loppa | 853 | 160 079 | 1 965 | 89 | 623 | 603 | 3 281 | 30 | 3 312 | 3 621 |
5616 Hasvik | 963 | 126 302 | 1 414 | 89 | 710 | 947 | 3 161 | 172 | 3 333 | 3 594 |
5618 Måsøy | 1 106 | 136 782 | 1 136 | 89 | 1 345 | 0 | 2 570 | 30 | 2 601 | 2 933 |
5620 Nordkapp | 2 947 | 98 375 | -166 | 89 | 478 | -85 | 316 | 215 | 531 | 898 |
5622 Porsanger | 3 858 | 90 802 | -122 | 89 | 558 | -211 | 314 | 340 | 654 | 990 |
5624 Lebesby | 1 222 | 139 893 | -477 | 89 | 936 | 153 | 701 | 30 | 731 | 1 140 |
5626 Gamvik | 1 070 | 116 838 | 2 182 | 89 | 538 | 446 | 3 255 | 336 | 3 591 | 3 936 |
5628 Tana | 2 793 | 101 692 | -1 318 | 89 | 532 | 111 | -586 | 586 | 0 | 1 275 |
5630 Berlevåg | 906 | 123 757 | 2 336 | 89 | 1 029 | -207 | 3 247 | 138 | 3 385 | 3 596 |
5632 Båtsfjord | 2 120 | 96 677 | 1 445 | 1 423 | 499 | 632 | 4 000 | 283 | 4 282 | 4 651 |
5634 Vardø | 1 959 | 97 276 | 1 357 | 89 | 697 | 52 | 2 195 | 337 | 2 533 | 2 796 |
5636 Nesseby | 876 | 134 444 | -324 | 89 | 740 | 193 | 698 | 202 | 900 | 1 151 |
Sum | 5 514 056 | 75 386 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 292 | 292 | 907 |