1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
I denne proposisjonen legg Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, fram forslag til endringar i lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. (tenestemannslova) og lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse. Forslaget inneber ei utfasing av statens ventelønnsordning, som er heimla i tenestemannslova, og vartpengeordninga, som er heimla i lov om Statens pensjonskasse. Dette fører til at arbeidstakarar i framtida ikkje kjem til å ha rett til desse ytingane, men i staden bli viste til den alminnelege dagpengeordninga. Samtidig føreslås i proposisjonen ei overgangsordning slik at dei som får ventelønn og vartpengar når lovene blir endra, ikkje blir råka av opphevinga. Proposisjonen fremjar også forslag om endringar i enkelte andre lover og oppheving av enkelte lovføresegner, som følgje av utfasinga av ventelønnsordninga og vartpengeordninga.