6 Høyring
6.1 Høyringsbrev
I høyringsbrevet føreslo departementet at ventelønnsordninga og vartpengeordninga skulle fasast ut. Departementet føreslo samtidig å gi overgangsreglar. Forslaget blei sendt på høyring 26. september 2014 med frist 20. desember 2014. Høyringsbrevet blei sendt til desse verksemdene:
Departementa
Arbeids- og velferdsetaten
Domstoladministrasjonen
Regjeringsadvokaten
Statens pensjonskasse
Riksrevisjonen
Sametinget
Sivilombodsmannen
Stortingsadministrasjonen
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Finans Norge
Hovedorganisasjonen Virke
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
Kommunal Landspensjonskasse
Kommunesektorens organisasjon KS
Landslaget for offentlige pensjonister
LO
LO Stat
Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon
Næringslivets hovedorganisasjon
Oslo kommune
Pensjonistforbundet
Seniorenes fellesorganisasjon
Senter for seniorpolitikk
Unio
YS
YS Stat
Departementa blei bedne om å vurdere sjølve i kva utstrekning høyringsbrevet skulle sendast til underliggjande etatar.
I høyringsbrevet blei det mellom anna sagt:
«Høringsnotatet inneholder forslag om at ventelønnsordningen i staten og vartpengeordningen utfases. Samtidig foreslås overgangsordninger som skal ivareta dagens rettigheter for de som allerede har fått utløst rett til ventelønn eller vartpenger. Forslaget omfatter bl.a. endringer i lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. (tjenestemannsloven) og lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse.»
«I høringen er det lagt opp til at ventelønnsordningen ikke videreføres. Det kan hevdes å være naturlig at også vartpengeordningen oppheves samtidig, ikke minst på bakgrunn av likhetene mellom disse to ordningene.»
«Samtidig foreslås det, at personer som på det tidspunkt ordningene lukkes allerede har fått utløst rettighetene, det vil si allerede har fått tilstått rett til ventelønn eller vartpenger, fortsatt skal ha rett til å motta ytelsene etter dagens regelverk. Overgangsordningene vil også omfatte rettighetene fastslått i pensjonsloven § 20 første ledd bokstav f) om medregning av den tid medlemmet har ventelønn eller vartpenger som tjenestetid i Statens pensjonskasse.»
Departementet fekk inn høyringsfråsegner med merknader frå:
Arbeids- og sosialdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Arbeids- og velferdsetaten
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Domstoladministrasjonen
Høgskolen i Hedmark
Konkurransetilsynet
Statens kartverk
Vegdirektoratet
Akademikerne
Akademikerne i Arbeidstilsynet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Forskerforbundet
Hovedorganisasjonen Virke
LO Stat
NITO
Unio
YS Stat
6.2 Høyringsinstansane sitt syn
Med unntak av høyringsinstansane som er beskrivne nedanfor, har ikkje departementet motteke spesielle merknader til forslaget om å fase ut ventelønnsordninga og vartpengeordninga. Det same gjeld forslaget til overgangsordning.
Samferdselsdepartementet, Statens pensjonskasse, Vegdirektoratet og Hovedorganisasjonen Virke uttaler at dei støttar forslaget i høringsbrevet.
Arbeids- og velferdsetaten uttaler at forslaga vil styrkje arbeidslinja, motverke utstøyting frå arbeidslivet og forenkle forvaltninga av stønadene til desse personane. Det vil dessutan bli enklare for brukaren å halde oversyn over stønadsordningane ved arbeidsløyse dersom vartpengar og ventelønn blir fasa ut, sidan desse ordningane delvis overlappar og er samordningspliktige med dagpengeordninga. Etaten støttar derfor forslaga.
Arbeids- og velferdsetaten nemner også det at dagens reglar for ventelønn fører til at ein ventelønnsmottakar får avkorta ventelønna dersom vedkommande får arbeidsinntekt. Dagpengar er det primære alternativet mange overtalige har til ventelønn. Dagpengemottakarar får ein forholdsmessig reduksjon i dagpengar på bakgrunn av timar i arbeid, ikkje inntekt. Det gjer at det i dei fleste tilfella vil lønne seg økonomisk for dagpengemottakarar å ta alt slags arbeid, i motsetnad til for ventelønnsmottakarar. Ved å avvikle ventelønn til fordel for dagpengar motverkar ein dermed den utstøytande effekten ventelønna gir, til fordel for ei styrking av arbeidslinja.
Arbeids- og velferdsetaten nemner også at det i samband med utfasinga er behov for å tydeleggjøre kor lenge innvilga ytingar skal vare, og skjertidspunktet for kva tid det er mogleg å få innvilga ytingane.
Etaten viser vidare til at ei utfasing av desse ordningane vil gi ei avgrensa administrativ innsparing for NAV. Saksbehandlingssystema for ventelønn vil måtte haldast ved like fram til det ikkje lenger er nokon som får ventelønn. Frå ein administrativ ståstad er det derfor ein fordel om ordninga blir avvikla så snart som mogleg. Ei utfasing av ventelønn og vartpengar vil i seg sjølv ikkje føre til systemtekniske tilpassingar i saksbehandlingssystema til NAV. Utfasinga fører ikkje til endringar i bistanden som NAV yter til arbeidssøkjarar etter NAV-lova §14 a. Bistand etter NAV-lova § 14 a blir gitt uavhengig av yting.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet uttaler at det har gjennomført store omstillingar og har pågåande omstillingar og omorganiseringar. Slik direktoratet vurderer det, tek ventelønnsordninga hand om ei gruppe arbeidstakarar som har vanskeleg med å skaffe anna arbeid, og har ein funksjon som ikkje andre ordningar dekkjer. Ein avtale om sluttvederlag vil stille arbeidstakaren i ein annan situasjon rettsleg sett, og vil derfor truleg ikkje dekkje det same behovet som ventelønnsordninga dekkjer i dag.
Høyringsnotatet viser til at ordninga har ein «innlåsingseffekt» sidan ventelønnsmottakarar, på grunn av pensjonsregelverket, i liten grad har søkt nye stillingar utanfor staten eller i offentleg sektor elles. Direktoratet meiner at det i vurderinga av dagens ventelønnsordning er like viktig å vektleggje at ventelønn i enkelte tilfelle løyser utfordringa med overtalig personell på ein verdig og god måte for både arbeidstakarar og arbeidsgivar.
Direktoratet meiner at det beskjedne talet av arbeidstakarar som kjem inn på ordninga, viser at ordninga nettopp fungerer som eit føremålstenleg sikkerheitsnett som berre blir nytta i særlege tilfelle. Det beskjedne talet på nye arbeidstakarar som er omfatta av ordninga, tilseier truleg også at effekten av ei utfasing av ordninga når det gjeld delmålet i IA-avtalen om yrkesaktivitet etter 50 år, ikkje kjem til å vere så stor at det viser att i måloppnåinga.
At verksemdene sjølve refunderer utgifter i tilknyting til ordninga, er eit insentiv til at ho berre blir nytta i de tilfella der andre moglegheiter er uttømde.
Direktoratet sluttar seg på bakgrunn av dette ikkje til forslaget om å utfase statens ventelønnsordning og vartpengeordninga.
Konkurransetilsynet støttar forslaga og meiner at ventelønnsordninga har bidrege til å svekkje insentiva til å søkje nytt arbeid, og at det er positivt at dette no er forslag om å endre dette. Ventelønnsordninga har gitt statlege verksemder auka kostnader, og det er positivt at det skjer ei harmonisering med privat sektor.
Statens kartverk er positive til forslaga og viser til at verksemda har personell som er omfatta av dagens ventelønnsordning, og har erfaringar med å handtere dette. Kartverket viser særleg til utfordringar knytte til den lange maksimalperioden for eldre arbeidstakarar og lite insitament for å komme ut i anna arbeid. Regelverket kan også vere til hinder for omstilling, fordi moglegheita for innsparing blir avkorta ved at det kjem til ventelønnskostnader. Ordninga inneber også budsjettutfordringar, sidan utgiftene er uføreseielege.
Høgskolen i Hedmark støttar forslaget om utfasing av ordningane og viser til at ventelønnsordninga gir ei økonomisk belastning på dei enkelte verksemdene som vanskeleggjer omstilling i statleg sektor. Samtidig peiker dei på at dersom staten endrar slike vesentlege element i det sikkerheitsnettet som har knytt seg til tilsetjingar i statleg sektor, må staten som arbeidsgivar sørgje for å tilpasse lønnsutviklinga i statleg sektor slik at lønnsvilkår og andre faktorar knytte til tilsetjingsvilkåra framstår som konkurransedyktige.
Domstoladministrasjonen støttar dei prinsipielle vurderingane til departementet om statens ventelønnsordning og vartpengeordninga, og uttaler at ordningane blei etablerte på eit tidspunkt der velferdslovgivinga var mindre utvikla og arbeidslivet mindre organisert enn i dag. Omsyna som ordningane i si tid var tenkt å dekkje, blir i dag dekte av andre, meir generelle system og velferdsordningar. Det kan også spørjast om det er heldig at staten opprettheld slike særordningar i statleg sektor når det finst generelle ordningar som gjeld for alle sektorar. Domstoladministrasjonen har nytta ordningane i samband med omstillingar i domstolane og har hatt nytte av ordningane. Samtidig er ordningane ei ikkje uvesentleg økonomisk belastning for staten. Domstoladministrasjonen støttar også departementet sitt forslag til overgangsordning. Rettane til dei som allereie har fått utløyst rett til utbetalingar, må sikrast, og departementet sitt forslag til overgangsordning ser ut til å sikre omsynet til dei.
Arbeidsgiverforeningen Spekter støttar forslaga og ser det som overordna viktig at regelverket for arbeidstakarar i offentleg sektor i størst mogleg grad blir det same som for arbeidstakarar i andre delar av norsk arbeidsliv. Spekter ser heller ikkje at det ligg føre behov for å vidareføre ordningane sett i ljos av den generelle utviklinga av velferdsordningane i norsk arbeidsliv.
Akademikerne sluttar seg til forslaget om ei utfasing, men føreset at det inngår som ein del av ein heilskaplig gjennomgang av den sentrale arbeidsgivarpolitikken i staten og Program for bedre styring og ledelse i staten. Akademikerne føreslår også at midlar som blir frigitt som følgje av ei avvikling, blir disponerte til omstillingstiltak i staten. Arbeidsmarknaden må sjåast på som éin. For å sikre både rekruttering og mobilitet bør verkemidla vere så likeverdige som mogleg. For Akademikerne er det eit mål at lønns- og arbeidsvilkåra i staten blir tilpassa arbeidslivet elles. Akademikerne meiner at ei utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga er eitt av fleire nødvendige grep i samband med det.
Akademikerne i Arbeidstilsynet meiner at ordninga med ventelønn må halde fram. Dersom det ikkje er mogleg må andre ordningar komme i staden, eksempelvis i form av sluttpakkar og utvida fortrinnsrett til nye stillingar i staten. Det er fordi ordninga i hovudsak blir nytta i samband med omstilling i staten, for eksempel når oppgåver blir flytta (eventuelt lagde ned) frå eit geografisk område til eit anna. Det er eit krav at staten skal vere omstillingsdyktig, og denne ordninga kan medverke til at slike omstillingsprosessar blir gjennomførte på ein smidigare måte.
Ordninga med ventelønn inneber den same lønnskompensasjonen som ein ville ha fått dersom ein i staden måtte ta imot dagpengar frå NAV. I tillegg inneber ordninga ein fortrinnsrett til jobb i staten, og at ein i tillegg kan prøve seg i jobb og framleis få det statlege bidraget, så lenge totalinntekta ikkje overstig 125 prosent av ventelønna.
Ventelønnsordninga har vist seg viktig når det er blitt gjennomført omstillingar i staten, som då direktoratet i Arbeidstilsynet blei flytta til Trondheim. Ordninga er også viktig når statlege arbeidsplassar i distrikta blir lagde ned, sidan det ikkje er lett å skaffe seg ny jobb med det same. Ordninga gjeld eldre arbeidstakarar, som ofte opplever det vanskelegare å vere på søkjarmarknaden etter å ha mista jobben.
Akademikerne i Arbeidstilsynet viser elles til at tilsette i staten har færre «gode» enn tilsette i det private næringslivet, samtidig som lønna er betrakteleg lågare. Ein del særordningar som finst i statleg verksemd – inkludert ventelønn – har positivt ført til at personar med høgare utdanning har ønskt å arbeide i statleg sektor. Det gjeld særleg kvinner med høgare utdanning. For å sikre rekruttering ønskjer Akademikerne i Arbeidstilsynet derfor å ta vare på desse goda – eller erstatte dei med noko tilsvarande.
Krav om meir effektiv stat og produktivitetsvekst vil føre til at offentlege etatar for kvart år kjem til å få løyvingane redusert, samtidig som etatane framleis skal utføre dei same oppgåvene som året før. Det betyr større tidspress og fleire krav til arbeidstakarane, samtidig som det er usikkert kva produktivitetskravet har å seie for lønnsveksten i staten.
LO Stat meiner at det er vesentlege sider ved ventelønns- og vartpengeordninga som ikkje er tilstrekkeleg utgreidde. LO Stat ber derfor om at saka blir trekt, og at det blir satt ned eit utval som består av KMD og hovudsamanslutningane, for å greie ut alle sidene ved ventelønnsordninga og gjere ordninga betre eigna for å lette omstillingane i statleg sektor. LO Stat meiner at det er viktig å vidareføre ventelønnsordninga, og at ordninga kan vere eit føremålstenleg verkemiddel i samband med omstillingar i staten. LO Stat meiner at manglande oppfølging av dei som går på ventelønn, er grunnen til at ventelønnsordninga ikkje fungerer etter føremålet. LO Stat viser til at årsaka til at ein del ventelønnsmottakarar har vanskar med å komme over i anna arbeid, kan ha samanheng med kva personar som går over på ventelønn; ofte er dette godt vaksne statstilsette. Ventelønn har vidare vore eit viktig personalpolitisk verkemiddel ved omstillingar i statleg sektor, og ved overgang frå forvaltningsorgan og forvaltningsbedrift til nytt rettssubjekt (statsføretak, helseføretak og anna). Då har ein gjerne lovfesta ei tidsavgrensa vidareføring av rettane til ventelønn og fortrinnsrett til ny stilling i staten. Dersom ei fristilt verksemd framleis opprettheld medlemskap i Statens pensjonskasse, kan tilsette som blir oppsagde, få innvilga vartpengar. LO Stat uttaler vidare at det ikkje er ei korrekt beskriving av dei faktiske forholda å hevde at bortfall av ventelønnsordninga inneber ei harmonisering mellom staten og dei andre sektorane i arbeidslivet. Gåvepensjon og førtidspensjon er verkemiddel som er hyppig nytta ved omstilling og nedbemanning i privat sektor. Her er det nærmast full avtalefridom.
Ventelønnsordninga er dessutan betydeleg endra fleire gonger. Det er krav om at det skal vere vanskeleg for tenestemannen å skaffe seg høveleg arbeid. Verksemdene si refusjonsplikt for ventelønn inneber at arbeidsgivaren har eit insitament til å velje alternativ til ventelønn. Ei avvikling av ordninga kan føre til at kostnadene til forvaltninga i samband med omstillingar i staten blir skjulte. Dersom vurderinga av ventelønn som ei førtidspensjonsordning er rett, kjem det ikkje av forhold ved ordninga, men korleis dette blir utført. Det staten oppnår, er å svekkje rettane til den enkelte overtalige og at utgiftene ved nedbemanning og oppseiingar blir flytta frå den enkelte verksemda og over på trygdebudsjettet.
LO Stat viser vidare til at det er lang tradisjon for at rettsstatsverdiane blir lagde til grunn i lovrevisjonar som gjeld statstenesta. Reglane i tenestemannslova regler om oppseiing, fortrinnsrett (intern og ekstern) og ventelønn med meir er reglar som byggjer på sentrale rettsstatsprinsipp i tenestemannsretten, jf. også fråsegna i regjeringserklæringa frå Sundvolden, der det står at verdiforankringa til regjeringa ligg i prinsippa til rettsstaten og demokratiet og den kristne og humanistiske kulturarven. LO Stat ber departementet om å vidareføre dei gjeldande føresegnene ved eventuelle nye fristillingar av statlege verksemder, uavhengig av kva organisasjonsform som blir vald for dei nye rettssubjekta. LO Stat hevdar også at bortfall av ventelønn vil føre til at den eksterne fortrinnsretten til ny stilling i staten fell bort, og viser til at ventelønn og reglane om fortrinnsrett i tenestemannslova har nær samanheng. Bortfall av ventelønns- og vartpengeordninga vil kunne få store konsekvensar for den vidare pensjonsoppteninga og dei framtidige pensjonsytingane til den enkelte, ved at opptil 25 % av pensjonen kan falle bort ved overgang til oppsette rettar. Ein avtale om sluttvederlag vil kunne få den same verknaden.
Ved omstillingar i statleg sektor har LO Stat erfart at IA-avtalen speler ei heilt sekundær rolle. Omstillingar fører ofte til oppseiingar ved bemanningsreduksjonar. Behovet for sikkerheitsnett i form av ventelønn og vartpengar vil derfor framleis vere til stades. Ventelønnsordninga sikrar statstilsette ein viss grad av like vilkår og føreseielegheit for begge partar med tanke på kva verkemiddel som kan brukast i omstillingar.
LO Stat ber avslutningsvis om at det arbeidet som blei gjort i ei partssamansett arbeidsgruppe i samband med gjennomgang av tenestemannslova, blir teke opp att, slik at ein får vurdert alle sider av ventelønnsordninga, ikkje minst dei pensjonsrettslege konsekvensane.
Unio viser til at fleire av dei som er blitt ventelønnsmottakarar dei seinare åra, er blitt oppsagde som følgje av omorganiseringar/endringar i statlege verksemder. Dei fleste av desse omorganiseringane skjer som følgje av politiske vedtak. Ved no å fase ut ventelønnsordninga, fråskriv staten seg arbeidsgivaransvaret for dei som blir overtalige. Unio peiker dessutan på at i samband med ny tenestemannslov i 1977, skreiv det dåverande Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i ei personalmelding om ventelønnsordninga:
«Gjennomføres disse endringene i lovgivningen (regler om ventelønn m.m., vår tilføyelse) vil staten få et virkemiddel ved organisasjonsendringer som er hensiktsmessig og gir et klart uttrykk for statens arbeidsgiveransvar. Etatene vil også få en sterk oppfordring til å skaffe overtallige arbeid i eller utenfor staten.»
Unio meiner vidare at ventelønnsordninga er eit viktig sikkerheitsnett for tilsette i statleg sektor når verksemder gjennomfører større omorganiseringsprosessar. Ventelønna sikrar dei tilsette eit visst lønnsnivå i perioden fram til dei får anna arbeid, også ut over dei avgrensingane som er i dagpengeordninga. Vidare vil det for verksemda som gjennomfører ei omorganisering og nedbemanning, innebere ein ekstra kostnad å ha tidlegare tilsette på ventelønn, utan at dei kan nytte arbeidskrafta deira. Insitamentet for å halde fram med å ha dei tilsette i jobb, vil derfor vere større, enn om dei slepp slike ekstrakostnader (jf. sitatet over).
Unio hevdar at dei fleste arbeidstakarane som kjem over i ei ventelønnsordning, ønskjer å komme tilbake i ordinært arbeid. Unio har likevel sett fleire tilfelle der personar som har hatt overtaligattest og vore godt kvalifiserte, ikkje er blitt føretrekte ved tilsetjing i ledige stillingar. For å sikre at desse kjem ut i arbeid, bør derfor Tilsettingsrådet for overtallige arbeidstakere, i større grad bruke det høvet det har til å sikre tilsetjing av personar som har vore overtalige. Det er i dag for enkelt for arbeidsgivarar å definere seg vekk frå ansvaret ved å stille spesifikke krav til søkjarar i stillingsutlysingar.
Unio er også bekymra for at eldre arbeidstakarar blir støytte ut av arbeidslivet ved omorganiseringar og nedbemanningar. Unio meiner likevel at det ikkje er rett tiltak å ta bort eit sikkerheitsnett, som gir dei aktuelle personane ei rimeleg inntektskjelde, og dessutan fører vidare pensjonsrettar i SPK. Unio kan heller ikkje sjå at departementet har teke tak i konsekvensane for eldre arbeidstakarar som blir oppsagde og får ein oppsett pensjonsrett. Ein overgang frå x/30 års opptening til x/40 år, vil kunne ha store konsekvensar for den enkelte arbeidstakaren og gi eit varig økonomisk tap.
Når departementet ønskjer å harmonisere ventelønn med dagpengar, må det etter Unios meining sjå ordninga som ein del av den totale reguleringa av lønns- og arbeidsvilkåra for statstilsette og andre tilsette som har medlemskap i SPK. Staten som arbeidsgivar må sikre at dei tilsette blir kompenserte for det tapet dei får dersom retten til ventelønn/vartpengar fell bort.
Avslutningsvis viser Unio til at regjeringa har store ambisjonar for modernisering av offentleg sektor, og det vil då vere viktig at tilsette og tillitsvalde er motiverte for å delta i kommande omstillingar. Ved å ta bort dette viktige sikkerheitsnettet, kan konsekvensane bli at motivasjonen for tillitsvalde og tilsette endrar seg frå å sjå moglegheiter i ein ny organisasjon, til å bli meir opptekne av jobbsikkerheit.
NITO er av den oppfatninga at ordningane med ventelønn og vartpengar må vidareførast. Organisasjonen viser til at statstilsette er underlagde eit regelverk som skil seg ut frå arbeidslivet elles, og reglane om fortrinnsrett og ventelønn er ein del av dette regelverket. Vidare har statstilsette ei offentleg pensjonsordning som avvik frå pensjonsordningar som er rådande i privat sektor. Tida då ein tenestemann får ventelønn, blir rekna som pensjonsgivande i Statens pensjonskasse sjølv om mottakaren ikkje betaler pensjonsinnskot. Denne moglegheita for framleis opptening er viktig for arbeidstakarar som mistar jobben i staten. NITO meiner at ei eventuell utfasing av ventelønnsordninga må vente til ein ser på heile regelverket for statstilsette, inkludert lønnssystemet i staten. Forslaget må også sjåast i samanheng med dei totale lønns- og arbeidsvilkåra i staten. NITOs medlemmer som er tilsette i staten, tener i gjennomsnitt over 100 000 kroner mindre i året enn medlemmene i privat sektor. Ei god pensjonsordning, saman med dei moglegheitene for opptening som ligg i dagens regelverk, er med på å jamne ut noko av denne forskjellen. NITO meiner at også vartpengeordninga bør halde fram. Likskapen med ventelønnsordninga tilseier at ho held fram til ein eventuelt konkluderer med å endre eller fase ut ventelønnsordninga, etter ein total gjennomgang slik som nemnt.
Forskerforbundet viser til at departementet føreslår å fase ut statens ventelønnsordning og vartpengeordninga med denne grunngivinga:
Ordninga bidreg til at eldre arbeidstakarar lettare utstøytte frå arbeidslivet.
Det er få personar som er på ordninga, og tilgangen har vore liten dei siste åra.
Utfasinga vil harmonisere regelverket i statleg sektor med resten av arbeidslivet.
Forskerforbundet meiner at det ikkje ligg føre dokumentasjon på at ordningane bidreg til at arbeidstakarar lettare blir utstøytte frå arbeidslivet. Ventelønnsordninga fungerer som arbeidsløysetrygd for statstilsette, og NAV forvaltar ventelønnsordninga på same måte som dagpengeordninga. Det at eldre arbeidstakarar på ventelønnsordninga ikkje kjem tilbake i arbeid, vitnar meir om statlege arbeidsgivarar si vegring mot å tilsetje seniorar, enn at ventelønnsordninga støyter arbeidstakarar ut av arbeidslivet. Forskerforbundet si erfaring er at overtalige arbeidstakarar ønskjer å komme tilbake i arbeid så snart som mogleg, fordi det ikkje er oppfatta som ønskjelig å bli i ein ventelønnssituasjon. Det blir opplevd som langt meir attraktivt å vere i arbeid.
Statleg sektor er i stadig endring, og det kan ikkje utelukkast at det også framover vil bli gjennomført større eller mindre omstillingar der ventelønnsordninga vil kunne lette prosessen og fungere som et sikkerheitsnett. Forskerforbundet minner om den storstilte strukturgjennomgangen som no held på i heile universitets- og høgskolesektoren, og det pågår fusjonar og omstillingar også innanfor delar av instituttsektoren. Det er dessutan varsla ein gjennomgang av heile den statlege delen av helsebyråkratiet under Helse- og omsorgsdepartementet med full gjennomgang av oppgåvefordelinga mellom Folkehelsen, Helsedirektoratet og Statens Helsetilsyn og dessutan alle underliggjande og mellomliggjande organisasjonar. Forskerforbundet meiner derfor at det er uklokt å ta bort eit verktøy som fungerer, berre fordi det i ein periode er få personar som nyttar ordninga. Det vil vere i strid med «Intensjonserklæringen om omstilling under trygghet» i hovudtariffavtalen i staten.
Det at statleg sektor har lovfesta rett til ventelønn og dermed eit ekstra verktøy i samband med omstilling, er etter Forskerforbundets syn ikkje eit argument for å fjerne det. Vidare bruker verksemder i privat sektor ei rekkje verkemiddel for å lette omstillingar. Dette er verkemiddel som det ikkje er mogleg å nytte i statleg sektor, verken med eller utan ventelønnsordninga. Forskerforbundet ser heller ikkje behovet for å harmonisere ventelønn og dagpengar, sidan ventelønn er knytt til andre omsyn og funksjonar enn dagpengeordninga.
Dersom ventelønnsordninga blir avvikla, vil det kunne få store økonomiske konsekvensar for dei det gjeld. Ordninga sikrar rett til framleis medlemskap i Statens pensjonskasse, med tanke på opparbeiding av rettar baserte på talet på år i ordninga(ne). Vidare varer ventelønnsordninga lengre enn dagpengeordninga, og spesielt for arbeidstakarar over 55 år. For arbeidstakarar som har vanskar med å få seg nytt arbeid hos annan arbeidsgivar, er dette eit sikkerheitsnett mot fattigdom og arbeidsløyse.
Etter Forskerforbundet si meining må ventelønnsordninga sjåast på som ein del av den totale reguleringa av lønns- og arbeidsvilkår for statstilsette og andre tilsette som har medlemskap i SPK. Staten som arbeidsgivar må sikre at dei tilsette blir kompenserte for det tapet dei vil få dersom rett til ventelønn/vartpengar fell bort.
Staten har allereie i dag høve til å tilby sluttpakkar som eitt alternativ til ventelønnsordninga. Erfaringar viser at sluttpakkar er attraktivt også for statstilsette. Men for statstilsette som vurderer jobbsjansane sine som små, vil ventelønn framleis vere å føretrekkje framfor eit usikkert økonomisk tilvære med dagpengar og dårleg eller i verste fall inga vidare pensjonsopptening. For å hindre at tilsette vel ventelønn, bør dei statlege arbeidsgivarane i større grad forplikte seg til å ta imot arbeidstakarar som har ekstern fortrinnsrett til stilling i staten. Det er i dag for enkelt for arbeidsgivarar å definere seg vekk frå ansvaret ved stille spesifikke krav til søkjarane i stillingsutlysingar.
Forskerforbundet går derfor mot å fjerne ventelønnsordninga. Dette er eit viktig verktøy som kan nyttast i samband med moderniseringar og omstillingar, og ordninga må derfor vidareførast.
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund – Stat (YS Stat) uttaler at det er viktig at arbeidslinja ligg fast, og at det skal lønne seg å jobbe. Regelverket i staten må derfor vere utforma på ein måte som motverkar utstøyting, særleg av seniorar, og legg til rette for at flest mogleg skal ha inntektssikring gjennom arbeidsinnsats.
YS Stat ser at det for tida ikkje er stor tilgang av nye ventelønnsmottakarar, men meiner likevel at ordninga slik ho er i dag, fungerer som ei sikring for at statleg tilsette skal få ei anna passande stilling i staten, eller som sikkerheit for inntekt på stader der det er vanskeleg å få nytt tilsvarande arbeid.
YS Stat meiner at slik dagens ordning bør vere å forstå, gir det staten som arbeidsgivar eit større ansvar for å arbeide for at den overtalige arbeidstakaren får tilbod om ei ny passande stilling. Fortrinnsrett og det å vere overtalig / få ventelønn må her sjåast i samanheng. YS Stat ser det slik at staten som arbeidsgivar bør og skal ha eit særskild ansvar for dei overtalige statstilsette som går på ventelønn.
YS Stat er einig i at ventelønnsordninga ikkje skal fungere som ei førtidspensjonering, men meiner at ein i staden for å fjerne ordninga burde intensivert arbeidet med å finne nye passande jobbar for dei overtalige på ventelønn. I og med at det er forholdsvis få personar, burde det vere ei overkommeleg oppgåve, og ikkje minst ein god statleg arbeidsgivarpolitikk.
YS Stat meiner også at det er uheldig at personar som blir overførte frå ventelønnsordninga inn i det ordinære dagpengesystemet, mistar retten til medlemskap i Statens pensjonskasse, og at dagpengestøtta er mindre enn ventelønna og ein får støtta for kortare tid.
YS Stat ønskjer ikkje å fjerne ventelønnsordninga, men vil ikkje ha noko imot å sjå på praktiseringa av ordninga. YS Stat meiner også at ein må sjå likt på ventelønnsordninga og vartpengeordninga.