8 Endringar i anna lovverk
8.1 Føresegner om å halde fram med å ha rettar ved omdanning av statlege verksemder
Det eksisterer framleis enkelte lovføresegner som kan heimle eller har heimla ventelønn og fortrinnsrett til ny stilling i staten. Enkelte av desse føresegnene omfatta berre rettar til ny stilling i staten, såkalla ekstern fortrinnsrett.
I lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak § 55 (statsføretakslova) tredje ledd finst ei føresegn som gir rett til ventelønn og fortrinnsrett til ny stilling i staten ved omdanning av statleg verksemd til statsføretak, for arbeidstakarar som blir oppsagde av årsaker nemnde i tenestemannslova § 13 nr. 1, og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Statsføretakslova § 55 tredje ledd seier:
Tjenestemannsloven § 13 nr. 2 til nr. 6 om fortrinnsrett til annen statsstilling og ventelønn skal ved omdanning av statlig virksomhet til statsforetak fortsatt gjelde for arbeidstakere som blir sagt opp av grunn som nevnt i tjenestemannsloven § 13 nr. 1 (a), (b) og (c), og som var omfattet av disse reglene før omdanningen. Fortrinnsretten til annen statsstilling og retten til ventelønn etter forrige punktum opphører på et nærmere fastsatt tidspunkt etter omdanningen til statsforetak. Tidspunktet fastsettes av departementet for det enkelte statsforetak, og angis i stiftelsesdokumentet, jfr. § 8 første ledd nr. 5. Bestemmelsen i leddet her gjør ingen innskrenkninger i arbeidstakerens rettigheter etter arbeidsmiljøloven §§ 14-2 og 15-7 andre ledd.
Å oppheve statens ventelønnsordning må føre til at det ikkje lenger er mogleg å gi rettar til ventelønn ved slike omdanningar som er omtalte i den siterte føresegna. Departementet ser då heller ingen grunn til å vidareføre fortrinnsretten til ny stilling i staten etter ei omdanning. Departementet føreslår derfor å oppheve heile § 55 tredje ledd. Dersom nokon tidlegare statstilsette er gitt rettar med heimel i statsføretakslova før lovendringa, kjem ikkje opphevinga til å gjelde for desse.
I fleire saker der verksemder er utskilde frå statsforvaltninga utan å bli statsføretak, er det gitt eigne lovføresegner om framleis å ha fortrinnsrett til ny stilling i staten og ventelønn. Desse lovføresegnene har ført til at eit relativt stort tal arbeidstakarar har fått innvilga rett til ventelønn og fortrinnsrett. Å oppheve ventelønnsordninga vil ikkje føre til endringar for dei som tidlegare har fått innvilga slike rettar. På same måte som for tilsette i staten som har rett til ventelønn på det tidspunktet når ventelønnsordninga blir oppheva, kjem rettane framleis til å gjelde. Endringa i tenestemannsloven vil dermed ikkje ta frå nokon rettar som allereie er innvilga. Men det er ein føresetnad at det ikkje blir gitt slike lovføresegner i framtida.
8.2 Andre lovføresegner
I lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 20 første ledd bokstav f er det bestemt at tida når ein medlem av pensjonskassen har ventelønn etter tenestemannslova § 13 nr. 6, eller har vartpengar etter § 23 fjerde ledd i lov om Statens pensjonskasse, skal reknast som pensjonsgivande tenestetid. Departementet føreslår å oppheve føresegna om medrekning av tida som ventelønns- eller vartpengemottakar som følgje av at desse ordningane blir oppheva. I overgangsføresegnene føreslår vi likevel at føresegna om medrekning framleis skal gjelde for dei som har rett til ventelønn eller vartpengar når lova trer i kraft. Det vil seie at desse personane held fram med å ha rett til å rekne med tenestetid etter lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 20 første ledd bokstav f, slik denne er formulert ved lovendringa.
Departementet ser eit behov for at folketrygdlova § 4-26 første ledd bokstav d og e, § 8-49 første, andre og fjerde ledd og dessutan overskrifta og § 14-6 fjerde ledd bokstav b og c på sikt blir endra. Desse føresegnene omfattar reglar om koordinering av ventelønn og vartpengar med dagpengar, sjukepengerettar og opptening av rett til foreldrepengar til mottakarar av desse ytingane. Mange personar kjem framleis i fleire år framover til å vere omfatta av reglane, slik dei i dag er formulerte. For ikkje å innføre endå fleire overgangsreglar, meiner departementet at desse endringane i folketrygdlova bør gjennomførast på eit seinare tidspunkt, i samband med ein revisjon av folketrygdlova. Dersom dei blir oppheva no, ville det krevje eigne overgangsføresegner, samtidig som reglane blir vanskeleg tilgjengelege for brukarane. Departementet føreslår derfor at desse føresegnene førebels ikkje blir oppheva. Tilsvarande gjeld forskriftene om ventelønn og vartpengar. Også desse bør fjernast når ein vurderer det som føremålstenleg.
Samferdselsdepartementet ber i høyringsfråsegna si om at forslaga om å oppheve enkelte slike særføresegner i lovgivinga blir tekne med i forslaget til Stortinget. Desse føresegnene gjaldt treårige ordningar som ikkje lenger kjem til å utløyse nokon rettar.
Det gjeld:
lov 15. juni 2001 nr. 87 om omdanning av Jernbaneverkets kommersielle televirksomhet til aksjeselskap § 4
lov 21. juni 2002 nr. 43 om omdanning av statens jernbanetrafikkselskap (NSB BA) og statens postselskap (Posten Norge BA) til aksjeselskap § 7
lov 13. desember 2002 nr. 84 om omdanning av Statens vegvesens produksjonsvirksomhet til statlig aksjeselskap § 4
lov 13. desember 2002 nr. 85 om omdanning av Luftfartsverket til aksjeselskap § 4
I tillegg nemner Samferdselsdepartementet to føresegner som berre gjaldt treårig framhald av fortrinnsrett til statleg stilling, og som heller ikkje lenger utløyser rettar for nokon.
Det gjeld:
lov 17. desember 2004 nr. 90 om omdanning av Kystverkets produksjonsvirksomhet til statsaksjeselskap § 4
lov 7. januar 2005 nr. 5 om omdanning av Jernbaneverkets forretningsenhet BaneService til aksjeselskap § 4.
Departementet føreslår å oppheve alle desse føresegnene, og tek dei med i forslaget.