Prop. 2 L (2015–2016)

Endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)

I

I lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. blir det gjort følgjande endringar:

§ 13 overskriften skal lyde:

Fortrinnsrett til ny stilling.

§ 13 nr. 6 blir oppheva.

§ 13 nr. 7 blir § 13 nr. 6.

II

I lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse blir det gjort følgjande endringar:

§ 20 første ledd bokstav f blir oppheva. Noverande bokstav g og h blir bokstav f og g.

§ 23 fjerde ledd blir oppheva.

III

I lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak blir det gjort følgjande endring:

§ 55 tredje ledd blir oppheva.

Noverande § 55 fjerde ledd blir tredje ledd og skal lyde:

Kongen kan i forskrift eller for det enkelte tilfelle gi nærmere bestemmelser om overføring av virksomhet til statsforetak etter førsteog annet ledd.

IV

Følgjande føresegner i annan lovgjeving blir oppheva:

Lov 15. juni 2001 nr. 87 om omdanning av Jernbaneverkets kommersielle televirksomhet til aksjeselskap § 4.

Lov 21. juni 2002 nr. 43 om omdanning av statens jernbanetrafikkselskap (NSB BA) og statens postselskap (Posten Norge BA) til aksjeselskap § 7.

Lov 13. desember 2002 nr. 84 om omdanning av Statens vegvesens produksjonsvirksomhet til statlig aksjeselskap § 4.

Lov 13. desember 2002 nr. 85 om omdanning av Luftfartsverket til aksjeselskap § 4.

Lov 17. desember 2004 nr. 90 om omdanning av Kystverkets produksjonsvirksomhet til statsaksjeselskap § 4.

Lov 7. januar 2005 nr. 5 om omdanning av Jernbaneverkets forretningsenhet BaneService til aksjeselskap § 4.

V

Ikrafttredings- og overgangsføresegner

  • 1. Lova gjeld frå den tid Kongen bestemmer.

  • 2. Den som har rett til ventelønn eller vartpengar når lova trer i kraft, held fram med å ha retten til ventelønn eller vartpengar etter dei reglane som gjeld ved endringa.

    Den som har rett til ventelønn eller vartpengar når lova trer i kraft, held fram med å ha retten til medrekning av tenestetid etter lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse § 20 første ledd bokstav f, slik den er formulert ved endringa.

    Nærmare reglar om ventelønn og vartpengar kan fastsetjast av Kongen i forskrift.

Til forsida