2 Administrasjon m.m.
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
I 2024 er det løyvd 188,9 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med i alt 4,2 mill. kr.
Med verknad frå 1. juli 2024 tok Samferdselsdepartementet over forvaltninga av statens eigarskap for Flytoget AS frå Nærings- og fiskeridepartementet. Det blir derfor foreslått å rammeoverføre 0,4 mill. kr frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Vidare foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga med 3,8 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
I 2024 er det løyvd 37,0 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4,6 mill. kr.
Kontingent til dei internasjonale organisasjonane som departementet er medlem i, blir betalt i amerikanske og kanadiske dollar, euro og sveitsiske franc. Krona har det siste året svekt seg betydeleg mot desse valutaene. Vidare har kontingenten til EASA (det europeiske luftfartsbyrået) og til ERA (det europeiske jernbanebyrået) auka.
Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.
Post 70 Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar – tilføying av stikkord
I 2024 er det løyvd 30,0 mill. kr på posten. Departementet ventar at tilskota til nokre av pilotprosjekta som har fått tilsegn i 2023 og 2024, først vil bli betalt i starten av 2025. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å føye til stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til romartalsvedtak.