Prop. 20 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Særskilde transporttiltak

Kap. 1332 Transport i byområde mv.

Post 66 Tilskot til byområde

I 2024 er det løyvd 3 907,9 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med til saman 9,6 mill. kr. Endringane gjeld ein reduksjon på 20,4 mill. kr for mindre riksvegtiltak for å styrke kollektivtransport, sykling og gange i Buskerudbyen og Ålesund, og ein auke med 30 mill. kr for eit særskilt tilskot til styrkt kollektivtilbod som følgje av den mellombelse stenginga av Ring 1 i Oslo sentrum.

Løyvinga på posten går til ulike tilskot til byområde. I 2024 har Buskerudbyen fått tildelt midlar frå Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda, og Ålesund har fått tildelt midlar frå Tilskot til mindre byområde utanfor ordninga med byvekstavtalar. Dei lokale styresmaktene i Buskerudbyen og Ålesund har i 2024 prioritert å bruke delar av tildelinga til å starte opp to mindre riksvegtiltak for å styrkje kollektivtransport, sykling og gange. Sidan tiltaka blir gjennomført av Statens vegvesen og gjeld riksveg, foreslår Samferdselsdepartementet at midlane blir overført frå post 66 til kap. 1320, post 30. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 20,4 mill. kr, mot ein tilsvarande auke på kap. 1320, post 30.

Delar av Ring 1 i Oslo sentrum blei 1. juli 2024 mellombels stengt i tre år for å byggje om og oppruste Hammersborgtunnelen og Vaterlandstunnelen. Hovudformålet med denne ombygginga er å ivareta tryggleiken i nytt regjeringskvartal. Som følgje av stenginga må privatbiltrafikken inn til Oslo sentrum reduserast, og fleire må bruke kollektivtransport, sykle eller gå. Dei restriktive tiltaka som er innført, har i all hovudsak virka etter formålet. Trafikken i Operatunnelen er nær kapasitetsgrensa, men Statens vegvesen vurderer at det ikkje er behov for ytterlegare tiltak no. Innføringa av dei restriktive tiltaka har hatt negative konsekvensar, særleg for trafikken vest for Oslo. Det har derfor vore behov for å finne tiltak som kan betre trafikkflyten i vest, utan at trafikken aukar inn mot Oslo sentrum og i Operatunnelen.

I samband med Stortingets behandling av Dokument 8:160 S (2023–2024) om å gjenåpne veisystemet i og rundt Oslo og Innst. 34 S (2024–2025) gjorde Stortinget dette oppmodingsvedtaket 19. november 2024:

«Stortinget ber regjeringen snarest komme tilbake med forslag om å øke bevilgningen til Akershus fylkeskommune. Den økte bevilgningen skal gå til å styrke kollektivkapasiteten/ekspressbusstilbudet i Vestkorridoren og i Akershus for øvrig som følge av midlertidig stengt Ring 1. Bevilgningen forutsetter at Akershus fylkeskommune selv bidrar med minst 50 pst. av bevilgningsøkningen som staten bidrar med.»

Samferdselsdepartementet foreslår på denne bakgrunn å gi eit tilskot til Akershus fylkeskommune på 30 mill. kr. Departementet foreslår at desse midlane blir tildelt over eit nytt tilskot, «Særskilt tilskot til styrkt kollektivtilbod som følgje av mellombels stenging av Ring 1». Vilkår for utbetaling av tilskotet er at Akershus fylkeskommune sjølv bidreg med minst 50 pst. av beløpet som staten gir i tilskot, og at det går til det same formålet. Departementet vil fastsetje nærmare krav for utbetaling og rapportering på bruken av midlane. Samferdselsdepartementet presiserer at dette ikkje inneber bindingar for kommande budsjettår.

Til forsida