Prop. 20 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Posttenester

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av posttenester

I 2024 er det løyvd 1 713,6 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 43,1 mill. kr.

I 2023 blei det sett av 1 176 mill. kr til kjøp av posttenester frå Posten Bring AS (Posten). Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2023 på 1 215 mill. kr til kjøp av posttenester som er 39 mill. kr meir enn det som blei sett av i 2023. Departementet legg opp til at Posten får etterbetalt kompensasjon for 2023 på 39,0 mill. kr. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet opp til at staten betaler rente på dette beløpet. Rentebeløpet er rekna til 4,1 mill. kr. Dette inneber at staten skal betale i alt 43,1 mill. kr til Posten.

Til forsida