Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2024 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2024 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
---|---|---|---|---|
1300 |
Samferdselsdepartementet: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
4 245 000 |
||
frå kr 188 900 000 til kr 193 145 000 |
||||
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med |
4 600 000 |
||
frå kr 37 000 000 til kr 41 600 000 |
||||
1310 |
Flytransport: |
|||
70 |
Kjøp av innanlandske flyruter, kan overførast, blir redusert med |
29 300 000 |
||
frå kr 2 036 000 000 til kr 2 006 700 000 |
||||
1313 |
Luftfartstilsynet: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
5 656 000 |
||
frå kr 305 500 000 til kr 311 156 000 |
||||
1314 |
Statens havarikommisjon: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
1 748 000 |
||
frå kr 102 000 000 til kr 103 748 000 |
||||
1315 |
Tilskot til Avinor AS: |
|||
71 |
Tilskot til pålagde oppgåver, kan overførast, blir redusert med |
208 400 000 |
||
frå kr 2 575 300 000 til kr 2 366 900 000 |
||||
1320 |
Statens vegvesen: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
37 385 000 |
||
frå kr 4 616 100 000 til kr 4 653 485 000 |
||||
28 |
Trafikant- og køyretøytilsyn, kan overførast, blir redusert med |
15 000 000 |
||
frå kr 2 349 600 000 til kr 2 334 600 000 |
||||
30 |
Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 22 og post 29 og kap. 1332, post 66, blir auka med |
20 400 000 |
||
frå kr 10 349 700 000 til kr 10 370 100 000 |
||||
64 |
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport, kan overførast, blir redusert med |
4 600 000 |
||
frå kr 22 400 000 til kr 17 800 000 |
||||
72 |
Tilskot til riksvegferjedrifta, kan overførast, blir auka med |
11 000 000 |
||
frå kr 3 205 000 000 til kr 3 216 000 000 |
||||
1323 |
Vegtilsynet: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
328 000 |
||
frå kr 20 400 000 til kr 20 728 000 |
||||
1332 |
Transport i byområde mv.: |
|||
66 |
Tilskot til byområde, kan overførast, blir auka med |
9 600 000 |
||
frå kr 3 907 900 000 til kr 3 917 500 000 |
||||
1352 |
Jernbanedirektoratet: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
6 250 000 |
||
frå kr 386 400 000 til kr 392 650 000 |
||||
21 |
Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, kan overførast, blir redusert med |
35 000 000 |
||
frå kr 144 200 000 til kr 109 200 000 |
||||
70 |
Kjøp av persontransport med tog, kan overførast, kan nyttast under post 71, blir redusert med |
400 000 000 |
||
frå kr 5 496 100 000 til kr 5 096 100 000 |
||||
71 |
Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, kan nyttast under post 70, blir auka med |
400 000 000 |
||
frå kr 8 930 100 000 til kr 9 330 100 000 |
||||
73 |
Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, kan nyttast under post 74, blir redusert med |
688 000 000 |
||
frå kr 17 366 100 000 til kr 16 678 100 000 |
||||
74 |
Tilskot til togmateriell mv., kan overførast, blir redusert med |
10 600 000 |
||
frå kr 10 600 000 til kr 0 |
||||
77 |
Tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans», kan overførast, blir redusert med |
33 800 000 |
||
frå kr 150 000 000 til kr 116 200 000 |
||||
1354 |
Statens jernbanetilsyn: |
|||
01 |
Driftsutgifter, blir auka med |
1 955 000 |
||
frå kr 109 700 000 til kr 111 655 000 |
||||
1370 |
Posttenester: |
|||
70 |
Kjøp av posttenester, kan overførast, blir auka med |
43 100 000 |
||
frå kr 1 713 550 000 til kr 1 756 650 000 |
Inntekter:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
---|---|---|---|---|
4313 |
Luftfartstilsynet: |
|||
01 |
Gebyrinntekter, blir redusert med |
24 500 000 |
||
frå kr 175 000 000 til kr 150 500 000 |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan føye til stikkordet «kan overførast» på kap. 1301 Forsking og utvikling mv., post 70 Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar.
III
Tilsegnsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan gi tilsegn om tilskot utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. |
Post |
Formål |
Samla ramme |
---|---|---|---|
1352 |
Jernbanedirektoratet |
||
74 |
Tilskot til togmateriell mv. |
830 mill. kroner |
IV
Fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for kjøp av transporttenester
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving og gi tilsegn om tilskot inntil følgjande beløp
Kap. |
Post |
Formål |
Samla ramme for gamle og nye forpliktingar |
Ramme for forpliktingar som forfell kvart år |
---|---|---|---|---|
1352 |
Jernbanedirektoratet |
|||
70 |
Kjøp av persontransport med tog |
34 300 mill. kroner |
5 710 mill. kroner |
V
Restverdisikring for eksisterande materiell, oppgraderingar av eksisterande materiell og investeringar i nytt materiell
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 for det togmateriellet som inngår i statens kjøp av persontransporttenester med tog på kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 70 Kjøp av persontransport med tog, kan:
-
a. gi ein restverdigaranti for bokførte verdiar på inntil 7 680 mill. kroner
-
b. gi ytterlegare restverdigaranti til oppgraderingar og nyinvesteringar innanfor ei ramme på inntil 15 500 mill. kroner. Det blir lagt til grunn 75 pst. restverdigaranti.
VI
Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ved å innfri CargoNet AS’ reguleringsforpliktingar i Statens pensjonskasse (eingongsoppgjer)
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan forplikte staten for framtidige budsjettår på kap. 1355 (nytt) CargoNet AS, post 70 (ny) Tilskot til eingongsoppgjer, til å gi støtte for å innfri reguleringsforpliktingar som CargoNet AS har i Statens pensjonskasse for oppsette pensjonsrettar og for tidlegare tilsette som no er pensjonistar, innanfor ei ramme på 475 mill. kroner (prisnivå 2024).
VII
Fullmakt til å overskride gitte løyvingar
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan overskride løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 72 Tilskot til riksvegferjedrifta, med inntil 200 mill. kroner for å dekkje utgifter ved ev. rettskraftig dom om vederlagsjustering i kontraktar.
VIII
Fullmakt til korreksjon i statsrekneskapen
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2024 kan debitere Statens vegvesens mellomvære med statskassa i statsrekneskapen og kreditere konto for forskyving i balansen med 15 307 269,46 kroner.