Prop. 20 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Jernbaneformål

Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

I 2024 er det løyvd 386,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 6,3 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.

Post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar

I 2024 er det løyvd 144,2 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 35,0 mill. kr.

Fleire planar og utgreiingar har blitt sette i gang seinare enn planlagt. I tillegg har utgiftene for nokre prosjekt blitt lågare enn budsjettert.

Post 70 Kjøp av persontransport med tog

I 2024 er det løyvd 5 496,1 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 400,0 mill. kr, mot ein auke av løyvinga på kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald.

Mindrebehovet kjem m.a. av lågare utgifter til straum og køyrevegsavgifter enn det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet, jf. òg omtale under kap. 1352, post 71.

Erstatningslokomotiv på Nordlandsbanen

Eit persontog på veg frå Trondheim S til Bodø spora 24. oktober 2024 av nord for Bjerka i Hemnes kommune i Nordland. Lokføraren mista livet, medan fire passasjerar blei skadde. Det øydelagde lokomotivet vil truleg ikkje kunne setjast i drift igjen. For å betre køyretøykapasiteten på strekninga tek ein sikte på at togselskapet som driftar tilbodet på Nordlandsbanen, SJ Norge, leiger inn to lokomotiv til erstatning. Desse kan bli sette i drift frå nyåret 2025. Det er venta at meirutgiftene kan dekkjast innanfor forslaget til løyving over kap. 1352, post 70, i 2025, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Samferdselsdepartementet.

Endra fullmakt til kjøp av persontransport med tog

For kjøp av persontransport med tog har Samferdselsdepartementet i 2024 ei fullmakt til å forplikte staten for framtidige budsjettår innanfor ei samla ramme på 31 700 mill. kr for gamle og nye forpliktingar og med ei ramme for årleg forfall på 5 300 mill. kr.

I fullmakta inngår avtalte forpliktingar for staten for trafikkpakkene 1–3, Østlandet 1 og 2 og trafikkavtalane på Ofotbanen og Oslo–Riksgrensa (–Stockholm). Ved behandlinga av Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og Innst. 447 S (2023–2024) vedtok Stortinget å auke rabattane for barn og studentar. For å inngå avtale med togoperatørane om dette foreslår Samferdselsdepartementet å auke samla ramme for kjøp av persontransport med tog med 2 600 mill. kr til 34 300 mill. kr, og å auke årleg ramme med 410 mill. kr til 5 710 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Endra fullmakt til restverdigaranti

Ved Stortingets behandling av Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 og Innst. 447 S (2023–2024) fekk Samferdselsdepartementet fullmakt til å gi ein restverdigaranti for togmateriell for bokførte verdiar på inntil 7 680 mill. kr og for oppgraderingar og nyinvesteringar innanfor ei ramme på 14 690 mill. kr. Restverdigarantien gjeld for det togmateriellet som inngår i statens kjøp av persontransporttenester med tog, og det er lagt til grunn 75 pst. restverdigaranti.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke fullmakta for restverdigaranti for oppgraderingar og nyinvesteringar til 15 500 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak. Forslaget kjem av endringar i prisindeksar og valutakursar, ikkje auka omfang av togkjøp.

Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald

I 2024 er det løyvd 8 930,1 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 400,0 mill. kr, mot ein reduksjon på kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog.

Av dette skal 230 mill. kr gå til å auke innsatsen til drift, vedlikehald og fornying, jf. orienteringssak under om Bane NOR SF (Bane NOR) si disponering av likviditetstilførsel mellom formåla under kap. 1352, postane 71 og 73.

Togselskapa betaler Bane NOR for tenester dei bruker under sportilgangsavtalane. Persontogselskapa blir kompenserte over løyvinga på kap. 1352, post 70, for auka avgifter, og statens vederlag til Bane NOR blir justert tilsvarande over post 71. I 2024 gjekk Bane NOR over til ein ny metode for å fastsetje køyrevegsavgiftene, og avgiftene for persontogselskapa blei samla redusert med om lag 170 mill. kr samanlikna med det som var lagt til grunn i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet. Dette fører til at staten sitt vederlag til persontogselskapa blir om lag 170 mill. kr mindre i 2024 enn opphavleg lagt til grunn. For å kompensere Bane NOR for dette foreslår departementet å omdisponere 170 mill. kr frå post 70 til post 71.

Post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar

I 2024 er det løyvd 17 366,1 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 688,0 mill. kr knytt til Bane NOR sine finansinntekter frå opparbeidd likviditet.

Orientering om Bane NORs disponering av likviditetstilførsel

I tråd med omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet kan løyvinga på kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, også nyttast til fornying og vedlikehald av jernbanenettet når det blir vurdert å gi best resultat. I Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024 orienterte regjeringa Stortinget om at Bane NOR ville nytte om lag 1 450 mill. kr av likviditetstilførselen til investeringar på post 73 til auka fornying, drift og vedlikehald på jernbanen. Føretaket legg opp til å nytte ytterlegare 1 700 mill. kr av likviditetstilførselen til dette i 2024. I tillegg kjem 230 mill. kr av den føreslåtte auken på 400 mill. kr under post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald.

Bane NOR ventar å nytte om lag 13,9 mrd. kr til investeringar i 2024 som er om lag 3,5 mrd. kr mindre enn lagt til grunn i saldert budsjett 2024. Dette kjem av lågare framdrift enn føresett i fleire prosjekt. Samstundes ventar føretaket å nytte om lag 12,3 mrd. kr til drift, vedlikehald og fornying, som er om lag 3,4 mrd. kr meir enn lagt til grunn i saldert budsjett 2024. Det vil kunne ha ein positiv effekt på driftsstabiliteten og tryggleiken, og redusere vedlikehaldsetterslepet.

Likviditetstilførsel til Bane NOR som av ulike grunnar ikkje er brukt, blir omtalt som netto produksjonsgjeld til staten. Netto produksjonsgjeld utgjer store delar av likviditetsbehaldninga til føretaket. I tillegg kjem andre finansinntekter. Ein oppdatert prognose tilseier at netto produksjonsgjeld til staten vil utgjere om lag 7,7 mrd. kr ved utgangen av 2024. Det er mindre enn overslaget som blei gitt i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet.

Post 74 Tilskot til togmateriell mv.

I 2024 er det løyvd 10,6 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 10,6 mill. kr.

Tilskotet skal m.a. dekkje halvparten av ombyggingskostnadene for å installere ERTMS-utstyr om bord på toga eigd av Norske tog AS. På grunn av forseinkingar i ERTMS-prosjektet er ombygginga av tog utsett, og det er ikkje behov for tilskot i 2024.

Endra tilsegnsfullmakt

I 2024 har Samferdselsdepartementet fullmakt til å gi tilsegn om tilskot til ERTMS-utstyr om bord i toga og sidespor utover gitte løyvingar, slik at samla ramme for nye tilsegn og gamalt ansvar ikkje overstig 700 mill. kr, knytt til kap. 1352, post 74 Tilskot til togmateriell mv.

På grunn av forseinkingar i ombygginga av tog til ERTMS har prognosen for udekte forpliktingar ved utgangen av 2024 auka og er no på 803,6 mill. kr. Departementet foreslår derfor å auke tilsegnsfullmakta med 130 mill. kr til 830 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Post 77 Tilskot til godstogselskap etter ekstremvêret «Hans»

I 2024 er det løyvd 150,0 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 33,8 mill. kr fordi budsjettbehovet er lågare enn det som låg til grunn for løyvinga.

Endeleg revisorkontroll av årsrekneskapane for 2024 kan avdekkje forhold som gjer at søkjarar har krav på meir støtte enn det som er utbetalt i 2024. For at slik støtte kan utbetalast i 2025 foreslår Samferdselsdepartementet å føye til stikkordet «kan overførast» på posten.

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn

Post 01 Driftsutgifter

I 2024 er det løyvd 109,7 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,0 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.

Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ved å innfri CargoNet AS’ reguleringsforpliktingar i Statens pensjonskasse

Staten si grunngiving for eigarskapen i Vygruppen AS (Vy) er å ha ein leverandør som kan møte staten sine behov for transport av personar og gods på jernbane. Vy driv godstogverksemd gjennom dotterselskapet CargoNet AS (CargoNet).

CargoNet lukka i 2019 si pensjonsordning i Statens pensjonskasse, slik at alle tilsette født etter 1963 blei overført til ei innskotsordning. CargoNet har reguleringsforpliktingar i Statens pensjonskasse for dei oppsette pensjonsrettane som oppstår ved utmelding. Reguleringsforpliktinga knyter seg til at dei oppsette pensjonsrettane skal oppregulerast i samsvar med den generelle lønnsutviklinga i samfunnet, auka levealder m.m. Selskapet betaler òg årlege reguleringskostnader for pensjonar under utbetaling. Som hovudregel skal reguleringskostnadene dekkjast løpande, men kan i særskilte tilfelle innbetalast som eit eingongsoppgjer.

Gods på jernbane er ein konkurranseutsett bransje, der lastebiltransport er den største konkurrenten. CargoNets forpliktingar i Statens pensjonskasse kostar selskapet meir enn ei ordinær innskotsordning, som CargoNets konkurrentar har.

Etter staten sine prinsipp for god eigarutøving skal statleg eigarskap ikkje urettmessig medføre andre konkurransevilkår, verken fordelar eller ulemper, enn for selskap utan statleg eigardel. For å fjerne konkurranseulempa som forpliktingane i Statens pensjonskasse medfører for CargoNet, foreslår Samferdselsdepartementet å gi eit statleg tilskot til CargoNet for å innfri selskapet sine reguleringsforpliktingar i Statens pensjonskasse for oppsette pensjonsrettar og for tidlegare tilsette som no er pensjonistar.

Statens pensjonskasse har rekna at eit eingongsoppgjer per 1. januar 2025 vil utgjere 461 mill. kr, inkl. arbeidsgivaravgift på 14,1 pst. Talet er eit overslag og kan endre seg ved oppdateringar av m.a. pensjonsgrunnlag og pensjonar, vilkår og tidspunkt. Det må i tillegg takast høgde for rentekostnader, estimert til 14 mill. kr. Rentekostnadene er knytte til at eingongsoppgjeret skal reknast per 1. januar, medan sjølve oppgjeret skjer på hausten same år.

Eit statleg tilskot til CargoNet vil høgst sannsynleg utgjere statsstøtte etter EØS-regelverket. Det må derfor notifiserast og godkjennast av EFTAs overvakingsorgan (ESA) før det kan betalast ut. Samferdselsdepartementet vil i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet, setje i gang ein prosess med å notifisere støtta til ESA.

Samferdselsdepartementet foreslår, under føresetnad om at ESA godkjenner tilskotet, ei fullmakt til å pådra staten forpliktingar for inntil 475 mill. kr for å innfri CargoNets reguleringsforpliktingar i Statens pensjonskasse, jf. forslag til romartalsvedtak. Eit eingongsoppgjer vil tidlegast kunne ha verknad frå og med 2025 og få konsekvensar for løyvinga i 2025.

Til forsida