3 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
I 2024 er det løyvd 2 036,0 mill. kr på posten. Vidare blei det overført 56,8 mill. kr frå 2023 slik at disponibel løyving i 2024 er 2 092,8 mill. kr. Prognosen for vederlag og reforhandlingskrav til flyselskapa er 2 058,1 mill. kr, men det er noko uvisse for nye reforhandlingskrav. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 29,3 mill. kr.
Kap. 1313 Luftfartstilsynet
Post 01 Driftsutgifter
I 2024 er det løyvd 305,5 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 5,7 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 1314 Statens havarikommisjon
Post 01 Driftsutgifter
I 2024 er det løyvd 102,0 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1,7 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Kap. 1315 Tilskot til Avinor AS
Post 71 Tilskot til pålagde oppgåver
I 2024 er det løyvd 2 575,3 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 208,4 mill. kr.
For Flytting av Bodø lufthamn er budsjettbehovet lågare enn det som låg til grunn for løyvinga. Delar av utgiftene som var venta i 2024, blir først betalt i 2025. Samtidig har utgiftene for miljøopprydding auka noko.
For Ny lufthamn ved Mo i Rana har framdrifta i anleggsarbeida blitt redusert frå det som låg til grunn for løyvinga. Vidare har prisauken blitt lågare enn rekna med.
Kap. 4313 Luftfartstilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
I 2024 er det løyvd 175,0 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 24,5 mill. kr.
Inntektene frå fleire gebyrområde blir lågare enn budsjettert. Det gjeld inntekter frå registrering av nye luftfartøy og eigarskifte i Norsk luftfartøyregister, færre søknader om innleige av luftfartøy og færre luftfartøy i kommersiell luftfart. Innan området operative godkjenningar er det færre aktørar som har sertifikat for luftfartsoperatørar (AOC), noko som gir lågare gebyrinntekter. For området ubemanna luftfart har talet på nye registrerte i nettportalen flydrone.no blitt lågare enn rekna med.