4 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 01 Driftsutgifter
I 2024 er det løyvd 4 616,1 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med i alt 37,4 mill. kr. Endringa gjeld ein reduksjon på 15 mill. kr som følgje av at nokre mindre digitaliserings- og utviklingstiltak er forseinka og ein auke på 52,4 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.
Post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn
I 2024 er det løyvd 2 349,6 mill. kr på posten. Nokre mindre digitaliserings- og utviklingsprosjekt innanfor trafikant- og køyretøyområdet er forseinka, og Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kr.
Post 30 Riksveginvesteringar
I 2024 er det løyvd 10 349,7 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 20,4 mill. kr, mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 1332 Transport i byområde mv., post 66 Tilskot til byområde.
Midlane dekkjer utgiftene til to mindre gang-, sykkel- og kollektivtiltak på riksveg i Ålesund og Buskerudbyen.
Post 64 Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport
I 2024 er det løyvd 22,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4,6 mill. kr. Dette er ubrukte midlar som ikkje er tildelt prosjekt. Det er ikkje fleire klare prosjekt i det opphavlege tilskotsprogrammet.
Post 72 Tilskot til riksvegferjedrifta
I 2024 er det løyvd 3 205,0 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 11,0 mill. kr.
Norske styresmakter har innført CO2-avgift på flytande naturgass (LNG). Det er semje mellom staten og ferjereiarlaga Fjord1 AS og Torghatten AS om at reiarlaga har krav på justering av vederlaget i kontraktar om drift av riksvegferjesamband, men det er ein rettstvist mellom partane om storleiken på kompensasjonen.
For å kunne betale den delen av det auka vederlaget som partane er samde om i 2024, er det behov for å auke løyvinga med 11,0 mill. kr.
Borgarting lagmannsrett avsa dom i rettstvisten mellom staten og dei to ferjereiarlaga 26. september 2024. Staten anka saka til Høgsterett 28. oktober 2024. Viss ankeutvalet i Høgsterett ikkje tillèt at anken blir fremja, blir dommen rettskraftig i 2024, og staten må så raskt som mogleg betale ut erstatningsbeløpet. Prognosen for post 72 viser at utbetaling av eit ev. erstatningsbeløp i 2024 ikkje kan dekkjast av løyvinga på posten. Samferdselsdepartementet foreslår derfor ei fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 1320, post 72, med inntil 200,0 mill. kr i 2024 for å dekkje ev. utgifter til ein rettskraftig dom, jf. forslag til romartalsvedtak.
Korrigering av Statens vegvesens mellomvære mot konto for forskyving i balansen
Statens vegvesen har avdekt to feil i føringar på historiske balansepostar på i alt -15 307 269,46 kr og som inngår i mellomværet med statskassa. Beløpa skriv seg frå depotkonto for straum frå den gong då Statens vegvesen handla kraft på kraftbørsen (-15 303 430,00 kr) og frå mellomvære som vegvesenet hadde med fylkeskommunane ved sams vegadministrasjon (-3 839,46 kr).
For depotkontoen for straum skriv feilføringa seg frå 2010 då ein korreksjon blei ført med feil forteikn. Beløpet blei ikkje nulla ut i mellomværet med statskassen då depotkontoen blei gjord opp i 2020. Konsekvensen er at statens gjeld har vore oppført med for høg verdi i kapitalrekneskapen.
Feilen for mellomværet med fylkeskommunane er av nyare dato og oppstod før sams vegadministrasjon blei avvikla frå 2020. Trass i ein grundig gjennomgang har ikkje Statens vegvesen klart å finne ut kva for ein fylkeskommune dette gjeld.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet at til saman -15 307 269,46 kr i Statens vegvesens mellomvære med statskassa (konto nr. 713160) blir korrigert i statsrekneskapen for 2024 mot konto for forskyving i balansen (konto nr. 980000), jf. forslag til romartalsvedtak.
Orienteringssaker
Rv. 110 Ørebekk–Simo i Østfold – overskriding av kostnadsramme
Prosjektet blei opna for trafikk i 2019. Etter opninga har det vore ein langvarig rettsleg tvist om sluttoppgjeret mellom Statens vegvesen og ein entreprenør. Ved Stortingets behandling av Prop. 47 S (2020–2021) Endringar i statsbudsjettet 2020 under Samferdselsdepartementet og Innst. 174 S (2020–2021) blei kostnadsramma til prosjektet auka til 1 045 mill. 2020-kr slik at Statens vegvesen skulle ha nødvendig fullmakt til å inngå eit forlik med entreprenøren. Omrekna til 2024-kr er kostnadsramma 1 372 mill. kr. Forhandlingane om sluttoppgjeret førte ikkje fram, og tvisten har derfor blitt behandla i rettsapparatet. Dommen i lagmannsretten i juni 2024 inneber at prognosen for sluttkostnad blir høgare enn gjeldande kostnadsramme. Prognosen for sluttkostnad er no 1 414 mill. kr, som er 42 mill. kr over kostnadsramma. Det er ikkje behov for å inngå nye forpliktingar i prosjektet. Samferdselsdepartementet foreslår derfor ikkje ny kostnadsramme for prosjektet. Meirutgiftene blir dekte innanfor Statens vegvesens budsjett for 2024.
E39 Eiganestunnelen i Rogaland – overskriding av kostnadsramme
Prosjektet blei opna for trafikk i 2020. Ved Stortingets behandling av Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet og Innst. 81 S (2020–2021) blei kostnadsramma for prosjektet auka til 3 888 mill. 2021-kr. Omrekna til 2024-kr er kostnadsramma 4 965 mill. kr. I Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 blei det orientert om ein rettstvist om sluttoppgjer og ein rettskraftig dom i lagmannsretten. Staten anka dommen til Høgsterett, men ankeutvalet avviste saka 29. mars 2023. Lagmannsretten si avgjerd blei dermed rettskraftig. Dommen inneber at prognosen for sluttkostnad no blir 5 303 mill. kr, som er 338 mill. kr over kostnadsramma. Det er ikkje behov for å inngå nye forpliktingar i prosjektet. Samferdselsdepartementet foreslår derfor ikkje ny kostnadsramme for prosjektet. Meirutgiftene blir dekte innanfor Statens vegvesens budsjett for 2024.
Kap. 1323 Vegtilsynet
Post 01 Driftsutgifter
I 2024 er det løyvd 20,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kr som følgje av lønnsreguleringa i 2024 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet. Samla handtering av lønnsoppgjeret i staten blir omtalt i proposisjon frå Finansdepartementet om ny saldering av statsbudsjettet 2024.