Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1300 | Samferdselsdepartementet | ||
01 | Driftsutgifter, blir redusert med | 1 100 000 | |
frå kr 175 783 000 til kr 174 683 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transport- sektoren, blir auka med | 1 100 000 | |
frå 24 276 000 til kr 25 376 000 | |||
30 | Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen, blir redusert med | 11 100 000 | |
frå kr 21 100 000 til kr 10 000 000 | |||
1314 | Statens havarikommisjon for transport | ||
01 | Driftsutgifter, blir auka med | 7 300 000 | |
frå kr 64 204 000 til kr 71 504 000 | |||
1320 | Statens vegvesen: | ||
23 | Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 242 700 000 | |
frå kr 10 527 030 000 til kr 10 769 730 000 | |||
72 | Kjøp av riksvegferjetenester, kan overførast, kan nyttast under post 23 og post 30, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 954 300 000 til kr 924 300 000 | |||
1350 | Jernbaneverket: | ||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 592 000 000 | |
frå kr 8 187 594 000 til kr 8 779 594 000 | |||
30 | Investeringar i linja, kan overførast, kan nyttast under post 23, blir redusert med | 592 000 000 | |
frå kr 5 856 600 000 til kr 5 264 600 000 | |||
1351 | Persontransport med tog | ||
70 | Kjøp av persontransport med tog, kan overførast, blir redusert med | 226 500 000 | |
frå kr 3 249 900 000 til kr 3 023 400 000 | |||
1360 | Kystverket: | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med | 28 000 000 | |
frå kr 36 736 000 til kr 8 736 000 | |||
1361 | Samfunnet Jan Mayen og Loran-C | ||
01 | Driftsutgifter, blir redusert med | 6 000 000 | |
frå kr 62 093 000 til kr 56 093 000 | |||
1380 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | ||
01 | Driftsutgifter, blir auka med | 850 000 | |
frå kr 170 697 000 til kr 171 547 000 | |||
71 | Tilskot til breibandsutbygging, kan overførast, blir redusert med | 850 000 | |
frå kr 126 500 000 til kr 125 650 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
4320 | Statens vegvesen: | ||
01 | Salsinntekter m.m., blir auka med | 20 000 000 | |
frå kr 183 300 000 til kr 203 300 000 | |||
02 | Diverse gebyr, blir auka med | 142 700 000 | |
frå kr 357 300 000 til kr 500 000 000 | |||
4370 (NY) | Posttenester | ||
70 | Tilbakebetaling post- og banktenester, blir løyvd med | 160 900 000 | |
4380 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit: | ||
01 | Diverse gebyr, blir auka med | 2 121 000 | |
frå kr 177 876 000 til kr 179 997 000 | |||
5577 | Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet | ||
74 | Sektoravgifter Kystverket, blir auka med | 45 100 000 | |
frå kr 749 000 000 til kr 794 100 000 |
Fullmakter til å forplikte staten utover gitte løyvingar
II
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2016 kan forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, post 31 Skredsikring riksvegar, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, post 36 E16 over Filefjell og post 37 E6 Vest for Alta, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, likevel slik at samla ramme for gamle og nye plikter ikkje blir høgare enn 6 500 mill. kr.
Andre fullmakter
III
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2016 kan føye til stikkordet «kan overførast» på kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 63 Særskilt tilskot til store investeringsprosjekt.