8 Post- og telekommunikasjonar
Kap. 1380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Post 01 Driftsutgifter
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, med 850 000 kr, jf. omtale under kap. 1380, post 71 Tilskot til breibandsutbygging. Midlane inngår ikkje i sjølvfinansieringsordninga for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.
Post 71 Tilskot til breibandsutbygging
Gjennomgangen av rekneskapen for 2015 viste at det på post 71 Tilskot til breibandsutbygging var ført utgifter til å administrere ordninga. Slike utgifter skal ikkje posterast på tilskotspostar. For 2016 er utgiftene rekna å utgjere 850 000 kr.
I budsjettet for 2017 er det foreslått å budsjettere desse utgiftene på kap. 1380, post 01. Det same bør gjerast i 2016. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1380, post 71 Tilskot til breibandsutbygging, med 850 000 kr.
Kap. 4370 Posttenester (nytt)
Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester
I 2015 blei det løyvd i alt 418 mill. kr på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2015 på 260 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 158 mill. kr mindre enn det som blei løyvd i 2015.
Departementet legg opp til at Posten Norge AS betalar rente på beløpet selskapet skal betale tilbake, jf. praksis tidlegare år. Renta er rekna til 2,9 mill. kr. Dette inneber at Posten skal betale i alt 160,9 mill. kr som følgje av overkompensasjon i 2015.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å løyve 160,9 mill. kr på kap. 4370, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.
Kap. 4380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Post 01 Diverse gebyr
I samband med lønnsoppgjeret for 2016 blei Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit tildelt 2,1 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er i hovudsak sjølvfinansierande. Kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, med 2,1 mill. kr.