Prop. 31 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 21.60 Kystforvaltning

Kap. 1360 Kystverket

Post 21 Spesielle driftsutgifter

I løyvinga for 2015 var det sett av midlar til arbeidet med å etablere ei støttefylling for U-864 utanfor Fedje i Hordaland. Detaljprosjektering og anbodsprosess blei gjennomført i 2015. Etableringa av støttefyllinga blei gjennomført i 2016 og utgiftene dekt ved overførte midlar frå 2015. Løyvinga for 2016 skulle nyttast til miljøovervaking og vidare utgreiingar. Sidan støttefyllinga først blei etablert i 2016, vil det ikkje vere aktuelt med utgreiingar før i 2017. Midlar til dette inngår i budsjettframlegget for 2017. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1360, post 21 Spesielle driftsutgifter, med 28 mill. kr.

Kap. 1361 Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

Post 01 Driftsutgifter

Loran-C blei lagt ned 1. januar 2016. I budsjettet for 2016 er det sett av midlar til å demontere/rigge ned master og annan infrastruktur knytt til Loran-C. Denne prosessen er mellombels stansa til det er vurdert om det er nokon som kan bruke infrastrukturen. Midlane til å rigge ned stasjon Værlandet, frakte Loran-C mast frå Jan Mayen og rigge ned og avhende stasjon Bø, i alt 6 mill. kr, vil ikkje bli brukt i 2016. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1361, post 01 Driftsutgifter, med 6 mill. kr.

Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

Post 74 Sektoravgifter Kystverket

Lønnsoppgjeret 2016

I samband med lønnsoppgjeret 2016 blei Kystverket tildelt 8,2 mill. kr over kap. 1360, post 01 Driftsutgifter, for den delen av verksemda som er avgiftsfinansiert. Kap. 5577, post 74, må derfor aukast tilsvarande.

Justering av inntektsramma

I budsjettet for 2015 fekk brukarane tilbakeført for mye innbetalte losavgifter tidlegare år. Dette blei gjort ved at inntektsramma blei sett 36,9 mill. kr lågare enn utgiftsramma. I budsjettet for 2016 blei det ikkje korrigert for dette ved å auke inntektsramma igjen.

Oppsummering

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 5577, post 74 Sektoravgifter Kystverket, med i alt 45,1 mill. kr.

Bestilling av nytt fartøy til Kystverket

I budsjettet for 2016 og i framlegget til budsjett for 2017 er det sett av høvesvis 81,8 og 83,9 mill. kr på kap. 1360, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, til å bestille eit fjerde multifunksjonsfartøy til Kystverket. På grunn av strengare miljøkrav og prisauke er bestillinga av det nye fartøyet blitt forseinka. Kystverket vil innan utgangen av 2016 signere avtale om å byggje det nye fartøyet. Det vil etter planen bli overlevert i 2018. Kostnadene til bygginga, inkludert kostnadsauken, blir dekt ved overføring av midlar frå 2016 og med midlar sett av i budsjettframlegget for 2017.

Til forsida