3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga til Statens havarikommisjon for transport for å dekkje ekstraordinære utgifter i samband med helikopterulykka på Turøy utanfor Bergen 29. april 2016. Arbeidet med å undersøkje ulykka er omfattande, og kostnadene er høgare enn det som blir sett av til havariundersøkingar i eit normalår.
I statsråd 17. juni 2016 blei det ved kongeleg resolusjon gitt samtykke til å overskride løyvinga i statsbudsjettet for 2016 på kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport, post 01 Driftsutgifter, med inntil 5 mill. kr til undersøkinga av helikopterulykka på Turøy.
Statens havarikommisjon for transport har rekna kostnadene i samband med undersøkinga til 9,5 mill. kr i 2016. Dei direkte kostnadene ved det innleiande leite- og søkjearbeidet er fordelte mellom havarikommisjonen, Politiet i Hordaland og forsikringsselskapet. Den delen av kostnadene som havarikommisjonen må dekkje over kap. 1314, post 01, er rekna til i alt 7,3 mill. kr i 2016. Dette gjeld i hovudsak kjøp av konsulenttenester.
På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport, post 01 Driftsutgifter, med i alt 7,3 mill. kr.
Tenestekonsesjon på Haugesund lufthamn
I Sundvoldenerklæringa går det fram at regjeringa vil leggje til rette for at kommunar og private kan delta i utviklinga på og rundt flyplassar. Haugesund lufthamn, Karmøy blir i dag eigd og drive av Avinor AS, som ei av selskapet sine nasjonale lufthamner. Om lag 650 000 passasjerar nytta lufthamna i 2015. Rundt 200 000 av desse var utanrikspassasjerar. Etter avtale med Avinor AS har det lokale selskapet Lufthavnutbygging AS i fleire år drive med marknadsføring av Haugalandområdet og arbeidd for å få fleire utanlandsruter på lufthamna.
Samferdselsdepartementet vil i 2017 starte arbeidet med ein tenestekonsesjonsmodell på Haugesund lufthamn. Ein tenestekonsesjon inneber at Avinor held fram med å eige lufthamna, medan heile drifta av lufthamna blir sett ut til andre aktørar enn Avinor etter ein anbodskonkurranse. Tenestekonsesjonshavaren skal ta på seg heile drifts- og vedlikehaldsansvaret for lufthamna og vil stå fritt til å fastsetje lufthamnavgiftene og styre den kommersielle drifta. Det vil ikkje bli gitt tilskot til drifta av lufthamna. Tenestekonsesjonshavaren må vidare dekkje kostnadene ved å nytte infrastrukturen. Før konkurransen vil derfor departementet, i samarbeid med Avinor og med ekstern hjelp, fastleggje årleg vederlag for bruk av lufthamna. Vederlaget skal gå til Avinor og må fastleggjast i tråd med statsstønadsregelverket. Avtalen vil gi rett til å bruke alle delar av lufthamnanlegget. Vidare vil det bli knytt vilkår om trafikkplikt til avtalen. Dersom konsesjonshavaren ikkje klarer å oppretthalde drifta, vil ansvaret bli tilbakeført til Avinor. Tenestekonsesjonen kan bli gitt for inntil 20 år.
Regjeringa legg ikkje opp til å endre Avinor-modellen, der det økonomiske overskotet på dei lønnsame lufthamnene dekkjer underskotet på dei ulønnsame. Regjeringa ønskjer derfor ikkje å utvide ordninga med tenestekonsesjon til andre lufthamner enn Haugesund.