4 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1320 Statens vegvesen
Post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.
Ras, flaum, uvêr og brann
Uvêret Synne i desember 2015 og uvêret Tor i januar 2016 førte til større skader på riksvegnettet i Vest-Agder og på Vestlandet. I tillegg har det vore fleire jord- og steinskred på Vestlandet i 2016. Ein brann i Måbøtunnelen på rv 7 i Eidfjord kommune, Hordaland i 2016 førte òg til store skader. Departementet foreslår å auke post 23 med 50 mill. kr til å dekkje utgifter i samband med desse hendingane.
Kostnader ved å administrere kjøp av riksvegferjetenester
I 2016 er det budsjettert med utgifter til å administrere kjøp av riksvegferjetenester på post 72 Kjøp av riksvegferjetenester, med 30 mill. kr. Departementet foreslår at desse utgiftene blir ført på post 23, jf. omtale under kap. 1320, post 72.
Realistisk budsjettering av utgifter
På grunn av endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m. og post 02 Diverse gebyr, foreslår departementet å auke løyvinga på post 23 med 162,7 mill. kr, jf. omtale under kap. 4320, postane 01 og 02.
Oppsummering
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med i alt 242,7 mill. kr.
Post 72 Kjøp av riksvegferjetenester
Gjennomgang av rekneskapen for 2015 viste at det var ført utgifter til å administrere kjøp av riksvegferjetenester på post 72. Slike utgifter skal ikkje førast på ein 70-post. For 2016 er utgiftene rekna til 30 mill. kr. I budsjettframlegget for 2017 er det foreslått å budsjettere desse utgiftene på kap. 1320, post 23.
Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1320, post 70 Kjøp av riksvegferjetenester, med 30 mill. kr.
Kap. 4320 Statens vegvesen
Post 01 Salsinntekter m.m.
I 2016 er det budsjettert med salsinntekter m.m. på post 01 med 183,3 mill. kr. Prognosen viser at inntektene vil bli høgare enn budsjettert. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4320, post 01 Salsinntekter m.m., med 20 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med forslag om tilsvarande auke av utgiftene.
Post 02 Diverse gebyr
I 2016 er det budsjettert med inntekter frå diverse gebyr på 357,3 mill. kr.
Etterspørselen etter å fornye førarkort har auka i 2016. Vidare er det ein auke i å byte inn førarkort frå utlandet og auke i talet på eldre som må ha nytt førarkort. På grunnlag av dette foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 02 Diverse gebyr, med 142,7 mill. kr, jf. kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., med forslag om tilsvarande auke av utgiftene.
Fullmakt til å forplikte staten ut over budsjettåret for investeringsprosjekt ikkje omtalt med kostnadsramme
Samferdselsdepartementet har i 2016 fullmakt til å forplikte staten utover løyvinga for framtidige budsjettår for investeringsprosjekt på riksveg som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, men slik at ramma for gamle og nye plikter ikkje blir høgare enn 4,8 mrd. kr, jf. Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 13 S (2015–2016). Fullmakta omfattar prosjekt på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, post 31 Skredsikring riksvegar, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, post 36 E6 over Filefjell og post 37 E6 vest for Alta.
Ein gjennomgang viser at det er behov for å auke ramma for pliktene til 6,5 mrd. kr fordi bindingar knytt til tunneltiltak blei vurderte for lågt da fullmakta blei fastsett, jf. forslag til romartalsvedtak. Dei auka pliktene er allereie påløpt. Departementet blei først klar over dette etter framlegget av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016.