2 Programkategori 21.10 Administrasjon
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
For å dekkje inn forslaget om å auke løyvinga på kap. 1300, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 1300, post 01 Driftsutgifter, med 1,1 mill. kr, jf. omtale under post 21.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren
Reformer innan transportsektoren er eitt av satsingsområda til regjeringa. Samferdselsdepartementet arbeider no med å følgje opp m.a. Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor. Reform av jernbanesektoren, jf. Innst. 386 S (2014–2015). Eit eige prosjekt i departementet arbeider med jernbanereforma. Løyvinga på post 21 skal m.a. dekkje utgifter til lønn for mellombelse tilsette, konsulentutgifter og andre driftsutgifter i prosjektet. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1300, post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, med 1,1 mill. kr.
Post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen
For 2016 er det løyvd 21,1 mill. kr til arbeidet med å etablere eit oljevern- og miljøsenter i Lofoten/Vesterålen. Behovet for kjøp av tenester har vist seg å bli lågare enn budsjettert. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1300, post 30 Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen, med 11,1 mill. kr.