6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1350 Jernbaneverket
Post 23 Drift og vedlikehald
Prognosane viser at Jernbaneverket vil få eit meirforbruk på post 23 Drift og vedlikehald, samanlikna med løyvinga for 2016 på i alt 592 mill. kr. Meirforbruket gjeld 475 mill. kr til fornying. Utgiftene i samband med jernbanereforma ser ut til å bli om lag 50 mill. kr meir enn rekna med. Vidare ser utgiftene til opprydding etter hendingar og påkøyringar av dyr ut til å bli om lag 40 mill. kr meir enn budsjettert. Det har òg vore behov for å auke aktivitetsnivået til korrektivt vedlikehald med om lag 27 mill. kr.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 592 mill. kr. Auken blir foreslått dekt inn ved å redusere kap. 1350, post 30 Investeringar i linja, med 592 mill. kr, jf. omtale under kap. 1350, post 30.
Meirforbruket på 475 mill. kr til fornying vil bidra til å redusere det omfattande etterslepet i fornyinga av den nedslite jernbaneinfrastrukturen, jf. Prop. 1 S (2015–2016). Etterslepet i 2016 vil med dette bli redusert med om lag 1,1 mrd. kr til om lag 16,6 mrd. kr ved utgangen av 2016. Rekna om til 2017-kr vil etterslepet ved utgangen av 2016 vere om lag 17,1 mrd. 2017-kr, medan det blei opplyst Prop. 1 S (2016–2017), side 156, at det ville vere 17,6 mrd. 2017-kr.
Samferdselsdepartementet har i 2016 fullmakt til å utgiftsføre utan løyving, og mot tilsvarande innsparing av løyvinga under kap. 1350, post 23, driftsutgifter for Jernbanedirektoratet på kap. 1352, post 01 Driftsutgifter, og tilskot til driftsutgifter i interimsfasen for Bane NOR SF (kap. 1356, post 70), Togvedlikehold AS (kap. 1357, post 70), Togmateriell AS (kap. 1358, post 70) og Reiseplan og billett AS (kap. 1359, post 70).
I tildelingsbrevet for 2016 til Jernbaneverket blei det halde tilbake 100 mill. kr på kap. 1350, post 23, for å dekkje slike utgifter. Jernbaneverket ventar å bruke ytterlegere 50 mill. kr i 2016 i arbeidet med å gjere interimsorganisasjonane for Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF klare til operativ drift frå 1. januar 2017 som planlagd.
Ein stor del av kostnadene med å førebu Jernbanedirektoratet for operativ drift gjeld arbeid med å etablere IKT-systemet. I Bane NOR SF omfattar det særleg kostnader til å etablere system for økonomi, rekneskap, verksemdstyring og finansforvaltning, og kostnader til m.a. IKT, lønn/styrehonorar og juridisk bistand. Overslaga for driftsutgiftene på om lag 7 mill. kr for Togvedlikehold AS, Togmateriell AS og Reiseplan og billett AS interimsfasen i 2016 og 2017 omfattar m.a. utgifter til styrehonorar, revisor, rådgiving og ulike førebuande arbeid, er ikkje endra, jf. Prop. 122 S (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 2 (2016–2017).
I tillegg til driftsutgiftene i interimsfasen for dei nye organisasjonane på 150 mill. kr, har Jernbaneverket «ordinære» kostnader til reformarbeid i 2016, ved at 60 tilsette/35 årsverk i etaten er omdisponerte til reformarbeidet, slik at dei enten nyttar heile eller delar (meir enn 10 pst.) av arbeidstida på reformaktivitetar. Dette gjeld arbeid for Samferdselsdepartementet (6 tilsette/årsverk), Jernbanedirektoratet (29 tilsette/12 årsverk) eller Bane NOR SF (25 tilsette/17 årsverk). Grovt rekna utgjer dette om lag 35 mill. kr i 2016 (1 mill. kr pr. årsverk) og blir dekt av løyvinga på post 23.
I sum blir Jernbaneverkets budsjett i 2016 belasta med utgifter til arbeid med jernbanereforma for i alt om lag 185 mill. kr.
Post 30 Investeringar i linja
Fleire av dei store investeringsprosjekta får lågare framdrift enn lagt til grunn i statsbudsjettet for 2016. Prognosane viser derfor at det vil bli eit mindreforbruk på post 30 i 2016 på i alt 744 mill. kr. Det er m.a. lågare framdrift og utsett installering av Thales signal- og sikringsanlegg på prosjekta Sandnes-Stavanger, Ganddal godsterminal og Barkåker-Tønsberg, i tunnelarbeida på prosjektet Arna-Bergen og oppretting av avdekte feil og manglar på erfaringsstrekninga for ERTMS på Østfoldbanens austre linje. Det blir òg mindre utbetalingar enn føresett i 2016 på grunn av utsette arbeid på fleire kapasitetsaukande tiltak og i planlegginga av nye jernbaneprosjekt. For nokre prosjekt har utgiftene blitt mindre enn føresett, m.a. som følgje av lågare priser, mindre prosjektomfang eller lågare sluttoppgjer.
Ein del av mindreforbruket i 2016 (152 mill. kr) er forplikta og gir auka utgifter i 2017 for å halde rasjonell framdrift i prosjekta.
For å dekkje inn den føreslåtte auken på kap. 1350, post 23, foreslår Samferdselsdepartementet å redusere løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar i linja, med i alt 592 mill. kr.
Kap. 1351 Persontransport med tog
Post 70 Kjøp av persontransport med tog
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1351, post 70, med 226,5 mill. kr.
Samferdselsdepartementet venter i 2016 eit mindreforbruk på om lag 301,5 mill. kr i høve til disponibel løyving på kap. 1351, post 70 Kjøp av persontransport med tog. Departementet legg opp til at 75 mill. kr vil dekkje ev. krav i avtalane med togselskapa som m.a. kompensasjon for trafikkavvik og alternativ transport, og variabelt vederlag på Gjøvikbanen (bonus/malus) i 2017.
NSB AS hadde i 2015 trafikkinntekter frå strekningane på Austlandet (nærtrafikk Oslo og InterCity-trafikk) som var 83,5 mill. kr høgare enn prognosane i trafikkavtalen med Samferdselsdepartementet. I samsvar med avtalen reduserte departementet vederlaget til NSB for 2016 med 88,2 mill. kr, og vederlaget for 2017 blir redusert med 90,8 mill. kr.
NSB AS har på si side ein samarbeidsavtale med Ruter AS, som inneber at Ruter betalar takstdifferanse til NSB. Oppgjeret mellom selskapa for 2015, som kan påverke NSB sine trafikkinntekter for 2015 er ikkje avslutta, men er planlagt avklart innan utgangen av 2016. Samferdselsdepartementets vederlag til NSB AS for 2016 og 2017 blir justert tilsvarande dersom oppgjeret mellom NSB og Ruter endrar NSB sine trafikkinntekter for 2015.
Orientering om kvalitetssikring av Arna-Bergen
I omtalen av prosjektet Arna-Bergen i Prop. 1 S (2016–2017) går det fram at det er sett i gang ei ny ekstern kvalitetssikring av delprosjekta Arna-Fløen (Ulriken tunnel) og Bergen stasjon-Fløen. Den eksterne kvalitetssikringa er no gjennomført. I kvalitetssikringsrapporten blir det m.a. tilrådd ei felles kostnadsramme på 6 981 mill. 2016-kr og ei felles styringsramme på 6 134 mill. 2016-kr for dei to delprosjekta.
Delprosjektet Arna-Fløen (Ulriken tunnel) blei først omtalt med løyving til oppstart i Prop. 1 S (2103–2014), og sist i Prop. 1 S (2015–2016). Det blei gjennomført ei kvalitetssikring av delprosjektet i 2012 med ei kvalitetssikra kostnadsramme på 3 344 mill. kr og ei styringsramme på 3 178 mill. kr. Den nye kvalitetssikringa omfattar òg ein eigen prosjektrevisjon delprosjektet av Arna-Fløen med forslag til ei eiga kostnadsramme viss prosjektet blir ført vidare utan samanslåing med delprosjektet Bergen stasjon-Fløen på 4 431 mill. 2016-kr, og ei styringsramme på 3 991 mill. 2016-kr.
I kvalitetssikringsrapporten blir det òg gitt fleire tilrådingar om prosjektstyringa og potensielle forenklingar på Bergen stasjon-Fløen, m.a. gjennomføring med ein periode (ev. fleire periodar) utan trafikk på om lag 6–8 månader og ev. reduksjonar i inngrepa i sporplanen på Bergen stasjon. Samferdselsdepartementet og Jernbaneverket ser no nærmare på dei tilrådde forenklingane på Bergen stasjon-Fløen. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til saka på eigna måte.