1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om gjennomføring av prosjektet rv 555 Sotrasambandet i Bergen og Fjell kommunar i Hordaland som OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid). Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg frå kryss med fv 562 ved Storavatnet i Bergen kommune til kryss med fv 561 ved Kolltveit på Sotra i Fjell kommune.
I Prop. 1 S (2014–2015) blei det varsla at regjeringa ville be Statens vegvesen om å starte planlegginga av tre prosjekt for gjennomføring som OPS-prosjekt. I Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei kom regjeringa med eit overordna rammeverk for OPS i transportsektoren. Stortinget slutta seg til opplegg for gjennomføring av prosjektet rv 3/rv 25 Ommangsvollen – Grundset/Basthjørnet i Hedmark som OPS-prosjektet våren 2017, jf. Prop. 45 S (2016–2017) og Innst. 216 S (2016–2017). Denne proposisjonen er basert på rammeverket i Meld. St. 25 (2014–2015) og vidare utvikling av dette gjennom arbeidet med prosjekta rv 3/rv 25 Ommangsvollen – Grundset/Basthjørnet og rv 555 Sotrasambandet.
Prosjektet rv 555 Sotrasambandet er m.a. omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, sidene 56 – 57 og 288 – 290, og i Prop. 1 S (2017–2018), side 114. I Meld. St. 33 (2016–2017) er det lagt til grunn anleggsstart i første seksårsperiode (2018–2023) under føresetnad av at det blir tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet.