7 Fylkeskommunal garanti
Hordaland fylkeskommune vedtok i fylkestinget 7. mars 2017 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt bompengelån på inntil 3,0 mrd. kr, jf. kap. 3. Garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Garantisten sine utlegg kan dekkast gjennom ein auke av gjennomsnittstaksten med 20 pst. ut over prisstiginga og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år.