3 Lokalpolitisk behandling
Våren/sommaren 2016 behandla kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Askøy og Bergen samt Hordaland fylkeskommune ei prinsippsak om delvis bompengefinansiering av rv 555 Sotrasambandet. Det var lokalpolitisk tilslutning til at det skulle arbeidast vidare med eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet med innkrevjing i bomstasjonar/bomsnitt både ved den nye og den eksisterande Sotrabrua.
Opplegg for delvis bompengefinansiering av rv 555 Sotrasambandet som OPS-prosjekt blei lagt fram for lokalpolitisk behandling vinteren 2017.
Sund kommunestyre behandla saka i møte 14. februar 2017 og fatta følgjande vedtak:
1. Utbygging av rv 555 Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar. Innkrevjinga skjer i begge retningar i automatiske bomstasjonar på ny og på eksisterande rv 555 (prinsipp 3) i tråd med tidlegare vedtak.
2. Sund kommune legg til grunn at gjennomsnittstaksten ved opninga av ny rv 555 Sotrasambandet vil bli på kr.39,50 i 2017-prisnivå. Det er førebels lagt til grunn at dette vil gje følgjande takstnivå både på ny og på eksisterande veg:
49 kr. for takstgruppe 1 (køyrety på inntil 3.500 kg inkl. køyretøy i køyretøygruppe M1) i bomstasjonane.
98 kr. for takstgruppe 2 (køyretøy over 3.500 kg ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1), dvs at takstgruppe 2 betalar det dobbelte av takstgruppe 1.
3. Køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt ved bruk av brikke og gyldig avtale. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt ved bruk av brikke.
4. Det blir lagt opp til at nullutsleppskøyretøy skal betale halvparten av ordinær takst for takstgruppe 1 i tråd med nasjonale retningsliner.
5. Bompengeperioden blir sett til 20 år frå opningstidspunktet for den nye vegen.
6. Dersom bompengeinntektene blir lågare enn føresett, kan gjennomsnittstaksten aukast med inntil 20 pst. utover prisvekst og bompengeperioden forlengast med inntil fem år.
7. Det blir føresett samla brutto bompengeinntekter på 7,0 mrd 2017-kr. Dette skal dekke lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidraget til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Bompengebidraget vil bli fordelt på ei utbetaling ved opninga av vegen og deretter løpande utbetalingar fordelt over 20 år. Bompengebidraget utgjer bompengeselskapet sine plikter knytt til utbygginga. Bompengeselskapet vil ikkje stå ansvarleg for eventuell kostnadsauke i prosjektet
8. Det blir lagt grunn at takstar og kostnader skal prisjusterast med SSB sin byggekostnadsindeks for veganlegg fram til opninga av vegen, og deretter med SSB sin konsumprisindeks.
Fjell kommunestyre behandla saka i møte 23. februar 2017 og fatta følgjande vedtak:
1. Utbygging av rv 555 Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar. Innkrevjinga skjer i begge retningar i automatiske bomstasjonar på ny og på eksisterande rv 555 (prinsipp 3) i tråd med tidlegare vedtak.
2. Fjell kommune legg til grunn at gjennomsnittstaksten ved opninga av ny rv 555 Sotrasambandet vil bli på kr.39,50 i 2017-prisnivå. Det er førebels lagt til grunn at dette vil gje følgjande takstnivå både på ny og på eksisterande veg:
a. 49 kr. for takstgruppe 1 (køyrety på inntil 3.500 kg inkl. køyretøy i køyretøygruppe M1) i bomstasjonane.
b. 98 kr. for takstgruppe 2 (køyretøy over 3.500 kg ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1), dvs at takstgruppe 2 betalar det dobbelte av takstgruppe 1.
3. Køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt ved bruk av brikke og gyldig avtale. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt ved bruk av brikke.
4. Det blir lagt opp til at nullutsleppskøyretøy skal betale halvparten av ordinær takst for takstgruppe 1 i tråd med nasjonale retningsliner.
5. Bompengeperioden blir sett til 20 år frå opningstidspunktet for den nye vegen.
6. Dersom bompengeinntektene blir lågare enn føresett, kan gjennomsnittstaksten aukast med inntil 20 pst. utover prisvekst og bompengeperioden forlengast med inntil fem år.
7. Det blir føresett samla brutto bompengeinntekter på 7,0 mrd. 2017-kr. Dette skal dekke lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidraget til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Bompengebidraget vil bli fordelt på ei utbetaling ved opninga av vegen og deretter løpande utbetalingar fordelt over 20 år. Bompengebidraget utgjer bompengeselskapet sine plikter knytt til utbygginga. Bompengeselskapet vil ikkje stå ansvarleg for eventuell kostnadsauke i prosjektet
8. Det blir lagt grunn at takstar og kostnader skal prisjusterast med SSB sin byggekostnadsindeks for veganlegg fram til opninga av vegen, og deretter med SSB sin konsumprisindeks.
Bergen bystyre behandla saka i møte 22. mars 2017 og fatta følgjande vedtak:
Bystyret går inn for følgende utbyggings- og finansieringsopplegg for Rv 555 Sotrasambandet (Storavatnet – Kolltveit):
1. Utbygging av Rv 555 Sotrasambandet skal delfinansieres med bompenger. Innkrevingen skjer i begge retninger i automatiske bomstasjoner på ny og eksisterande Rv 555 (prinsipp 3) i tråd med tidligere vedtak.
2. Det legges til grunn at gjennomsnittstaksten ved åpning av ny Rv 555 Sotrasambandet vil bli på 39,50 kr i 2017-prisnivå. Det er foreløpig lagt til grunn at dette vil gi følgende takstnivå både på ny og eksisterende veg:
1. 49 kr for takstgruppe 1 (kjøretøy inntil 3 500 kg inkl. kjøretøy i kjøretøygruppe M1) i bomstasjonene
2. 98 kr for takstgruppe 2 (kjøretøy over 3 500 kg ekskl. kjøretøy i kjøretøygruppe M1), dvs. at takstgruppe 2 betaler det dobbelte av takstgruppe 1.
3. Kjøretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt ved bruk av brikke og gyldig avtale. Kjøretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt ved bruk av brikke.
4. Detaljert takstopplegg vil bli tatt stilling til når det nærmer seg åpning av veganlegget. Miljødifferensierte takster vil være aktuelt, dvs. at kjøretøy som forurenser mye betaler høyere takst enn kjøretøy som forurenser lite. Det er en forutsetning at eventuell miljødifferensiering ivaretar finansieringsforpliktelsene som er skissert i denne saken, jf. øvrige vedtakspunkt.
5. Bompengeperioden settes til 20 år fra åpning av den nye vegen.
6. Dersom bompengeinntektene blir lavere enn forutsatt, kan gjennomsnittstaksten økes med inntil 20 pst. utover prisvekst og bompengeperioden forlenges med inntil fem år.
7. Det forutsettes samlede brutto bompengeinntekter på 7,0 mrd. 2017–kr. Dette skal dekke lånerenter, kostnader til innkreving og drift av selskapet og bidraget til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Bompengebidraget vil bli fordelt på en utbetaling ved åpningen av vegen og deretter løpende utbetalinger fordelt over 20 år. Bompengebidraget utgjør bompengeselskapets forpliktelser ved utbyggingen.
8. Det legges til grunn at takster og kostnader skal prisjusteres med SSB sin byggekostnadsindeks for veganlegg frem til åpningen av vegen og deretter med SSB sin konsumprisindeks.
Askøy kommunestyre behandla saka i møte 16. februar 2017 og fatta følgjande vedtak:
Askøy kommune tar saken til orientering. Askøy kommune vil presisere at plassering av bomstasjoner som vil kunne berøre Askøy sine innfartsveier ikke kan aksepteres.
Øygarden kommunestyre behandla saka i møte 15. februar 2017 og fatta følgjande vedtak:
1. Utbygging av rv 555 Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar. Innkrevjinga skjer i begge retningar i automatiske bomstasjonar på ny og på eksisterande rv 555 (prinsipp 3) i tråd med tidlegare vedtak.
2. Øygarden kommune legg til grunn at gjennomsnittstaksten ved opninga av ny rv 555 Sotrasambandet vil bli på kr.39,50 i 2017-prisnivå. Det er førebels lagt til grunn at dette vil gje følgjande takstnivå både på ny og på eksisterande veg:
49 kr. for takstgruppe 1 (køyrety på inntil 3 500 kg inkl. køyretøy i køyretøygruppe M1) i bomstasjonane.
98 kr. for takstgruppe 2 (køyretøy over 3.500 kg ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1), dvs at takstgruppe 2 betalar det dobbelte av takstgruppe 1.
3. Køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt ved bruk av brikke og gyldig avtale.
4. Det blir lagt opp til at nullutsleppskøyretøy skal betale halvparten av ordinær takst for takstgruppe 1 i tråd med nasjonale retningsliner.
5. Bompengeperioden blir sett til 20 år frå opning av den nye vegen.
6. Dersom bompengeinntektene blir lågare enn føresett, kan gjennomsnittstaksten aukast med inntil 20 pst. utover prisvekst og bompengeperioden forlengast med inntil fem år.
7. Det blir føresett samla brutto bompengeinntekter på 7,0 mrd 2017-kr. Dette skal dekke lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidraget til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Bompengebidraget vil bli fordelt på ei utbetaling ved opninga av vegen og deretter løpande utbetalingar fordelt over 20 år. Bompengebidraget utgjer bompengeselskapet sine plikter knytt til utbygginga. Bompengeselskapet vil ikkje stå ansvarleg for eventuell kostnadsauke i prosjektet.
8. Det blir lagt grunn at takstar og kostnader skal prisjusterast med SSB sin byggekostnadsindeks for veganlegg fram til opninga av vegen, og deretter med SSB sin konsumprisindeks.
Fylkestinget i Hordaland behandla saka i møte 7. mars 2017 og fatta følgjande vedtak:
1. Med atterhald om tilslutnad frå høyringskommunane, går fylkestinget inn for følgjande utbygging- og finansieringsopplegg for Rv 555 Sotrasambandet (Storavatnet – Kolltveit):
Utbygging av Rv 555 Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar. Innkrevinga skjer i begge retningar i automatiske bomstasjonar på ny og eksisterande Rv 555 (prinsipp 3) i tråd med tidlegare vedtak.
Det er lagt til grunn at gjennomsnittstaksten ved opninga av ny Rv 555 Sotrasambandet vil bli på 39,50 kr i 2017-prisnivå. Det er førebels lagt til grunn at dette vil gje følgjande takstnivå både på ny og eksisterande veg:
49 kr for takstgruppe 1 (køyretøy inntil 3 500 kg inkl. køyretøy i køyretøygruppe M1) i bomstasjonane.
98 kr for takstgruppe 2 (køyretøy over 3 500 kg ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1), dvs. at takstgruppe 2 betaler det dobbelte av takstgruppe 1.
Køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. rabatt ved bruk av brikke og gyldig avtale. Køyretøy i takstgruppe 2 får ingen rabatt ved bruk av brikke.
Detaljert takstopplegg vil bli tatt stilling til når det nærmar seg opning av veganlegget. Miljødifferensierte takstar vil vere aktuelt, dvs. at køyretøy som forureinar mykje betalar høgare takst enn køyretøy som forureinar lite. Det er ein føresetnad at eventuell miljødifferensiering ivaretar finansieringsforpliktingane som er skisserte i denne saka, jf. øvrige vedtakspunkt.
Bompengeperioden blir sett til 20 år frå opning av den nye vegen.
Dersom bompengeinntektene blir lågare enn føresett, kan gjennomsnittstaksten aukast med inntil 20 pst. utover prisvekst og bompengeperioden forlengast med inntil fem år.
Det blir føresett samla brutto bompengeinntekter på 7,0 mrd. 2017-kr. Dette skal dekke lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidraget til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Bompengebidraget vil bli fordelt på ei utbetaling ved opninga av vegen og deretter løpande utbetalingar fordelt over 20 år. Bompengebidraget utgjer bompengeselskapet sine plikter knytt til utbygginga.
Det blir lagt til grunn at takstar og kostnader skal prisjusterast med SSB sin byggekostnadsindeks for veganlegg fram til opninga av vegen og deretter med SSB sin konsumprisindeks.
2. Hordaland fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet, avgrensa opp til om lag 2,7 mrd. kr, med tillegg av 10 pst. av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpte renter og kostnader. Den samla lånegarantien blir 3 000 mill. kr. Garantien blir gitt med pant i bompengeselskapet sin rett til å krevje inn bompengar. Garantien blir gitt under føresetnad om godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
3. Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 20 år. Innkrevjingsperioden kan i særskilte høve forlengjast med inntil 5 år. I tillegg skal garantien gjelde i ytterlegare 2 år, jf. § 3 i garantiforskriftene.