Forslag
til vedtak om gjennomføring av rv 555 Sotrasambandet i Hordaland som OPS-prosjekt med delvis bompengefinansiering
I
Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet kan inngå ein OPS-kontrakt for prosjektet rv 555 Sotrasambandet og gjennomføre arbeid knytt til prosjektet i regi av Statens vegvesen, men slik at dei samla statlege pliktene ikkje overskrid ei ramme på 10,5 mrd. kroner, innafor ei øvre ramme for investeringar og drift av prosjektet på 17 mrd. kroner. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å prisjustere rammene i seinare år.
I I
Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av rv 555 Sotrasambandet i Hordaland. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.
II I
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.
IV
Rv 555 Sotrasambandet i Hordaland blir gjennomført som OPS-prosjekt.