8 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at dagens rv 555 er ein tofelts veg med varierande standard. Transportsystemet er svært sårbart med dagens Sotrabru som einaste tilkomst til kommunane Fjell, Sund og Øygarden med omfattande næringsliv innafor olje- og gass-sektoren. Med ein ÅDT i 2017 på om lag 27 400 køyretøy, er det i dag store køproblem også for kollektivtrafikken. Over Sotrabrua er det ingen tilbod for gang- og sykkeltrafikken. Det er miljøproblem for bustadene langs dagens veg. Gevinstane ved prosjektet er betre framkommelegheit, trafikktryggleik og samfunnstryggleik, betre bumiljø langs dagens veg og eit samanhengande tilbod for gåande og syklande mellom Sotra og Bergen.
Samferdselsdepartementet legg opp til at rv 555 Sotrasambandet blir gjennomført som det andre prosjektet basert på rammeverket for OPS i Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei.