2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga
Dagens rv 555 er ein tofelts veg med varierande standard. Transportsystemet er svært sårbart med dagens bru som einaste tilkomst til kommunane Fjell, Sund og Øygarden med omfattande næringsliv innafor olje- og gass-sektoren, inkludert Ågotnesbasen og Stureterminalen. Med ein årsdøgntrafikk i 2017 på om lag 27 400 køyretøy, er det store køproblem også for kollektivtrafikken. Eksisterande Sotrabru er smal og utan tilrettelegging for gåande og syklande. Det er miljøproblem for bustadene langs dagens riksveg.
I perioden 2005–2016 var det i alt 143 ulykker med personskade på dagens veg. Totalt blei 6 personar drepne, 10 hardt skadde og 213 lettare skadde.
Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fv 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fv 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru med separat gang- og sykkelveg. Brua blir om lag 950 m lang, med eit hovudspenn på om lag 590 m. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet.
Totalt er det planlagt å bygge om lag 14 km gang- og sykkelvegar, med 7,8 km som høgstandard løysing med skilje mellom syklande og gåande. Kollektivtrafikken vil gå saman med annan trafikk mellom Kolltveit og Bildøyna, på opprusta lokalveg mellom Bildøyna og Straume og på separat bussveg/kollektivfelt frå Straume til Valen. Det blir lagt til rette for kollektivfelt langs ny hovudveg i retning Bergen på delar av strekninga mellom Valen og Storavatnet. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.
Før anleggsstart på Sotrasambandet må høgspentlinja med elektrisitetsforsyning til gassterminalen på Kollsnes i Øygarden flyttast. Denne omlegginga av høgspentlinja mellom Breivik trafostasjon i Bergen kommune og Litlesotra sekundærstasjon i Fjell kommune inngår derfor ikkje i OPS-kontrakten. I september 2017 blei det inngått kontrakt mellom Statens vegvesen og BKK Nett AS om flytting av høgspentlinja med elektrisitetsforsyning. Flyttinga skal etter planen vere ferdig sommaren 2020. Det er sett av midlar til dette og andre førebuande arbeid både i 2016, 2017 og 2018.
Dagens veg blir omklassifisert og vil fungere som lokalveg og omkøyringsveg.
KVU/KS1 for Sotrasambandet blei behandla av regjeringa i 2009. Det blei etter dette gjort ei tilleggsutgreiing. Kommunedelplanar for prosjektet blei vedtatt i 2012, og reguleringsplanar blei vedtatt i 2016. Gjennomføringa av prosjektet fører til eit stort masseoverskot, og det blir arbeidd med reguleringsplan for massedeponi ved Storavatnet i Bergen kommune. Alternativ til massedeponiet ved Storavatnet ligg imidlertid føre.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag, overslag for byggekostnader og kostnader for drift og vedlikehald, overslag på betalingsprofil til OPS-selskapet, trafikkgrunnlag og bompengefinansiering. KS2-konsulenten og Statens vegvesen er i stor grad samde om utbyggingskostnadene og føresetnadene for gjennomføringa av prosjektet.
Prosjektet har sidan ekstern kvalitetssikring av konseptvalg (KS1) i 2008 hatt ei vesentleg kostadsauke på ca. 70 pst., fra 5,6 mrd. kroner (prisnivå 2016) til 9,5 mrd. kroner (prisnivå 2016). Dette skyldes omfangsaukar i prosjektet og naudsynte korreksjonar.
KS2-konsulenten vurderar situasjonen i markedet som den usikkerheita som har størst innverknad på investeringskostnadane, men valg av OPS som strategi for gjennomføring påverkar usikkerheita i nesten like stor grad. Den tredje største usikkerheita er gjennomføringstid.
Ekstern kvalitetssikrar viser til at er eit visst potensiale for auka nytte og reduserte kostnadar i prosjektet. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Statens vegvesen gjennom OPS-konkurransen arbeider vidare med optimalisering og kostnadsreduksjonar i prosjektet. Gjennomføringa av OPS-konkurransen er ein kombinasjon av konkurranseprega dialog og forhandlingar, blant anna for å avklare løysinger for gjennomføringa av prosjektet.
I tråd med tilrådinga frå Statens vegvesen er utbyggingskostnadene estimerte til om lag 9,5 mrd. 2016-kr, gitt finansiering som eit «tradisjonelt» prosjekt. Rekna om til 2018-prisnivå er utbyggingskostnadene om lag 10,0 mrd. kr. Av dette utgjer kostnadene knytt til flytting av høgspentlinja, grunnerverv, arkeologiske utgravingar, støytiltak på bygningar og Statens vegvesen sin prosjektorganisasjon om lag 1,4 mrd. kr.
Samfunnsøkonomisk netto nytte er rekna til om lag 2,1 mrd. kr. Dette er lågare enn oppgitt i St. Meld 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, kor netto samfunnsøkonomisk netto nytte var anslått til 13,7 mrd. kroner (prisnivå 2017). Dette skuldast m.a. at det i utrekninga no er lagt til grunn at prosjektet blir delvis bompengefinansiert. Netto nytte per budsjettkrone er rekna til 0,4. Netto nytte over totale kostnader er rekna til 0,2.