10 Departementet sitt forslag
10.1 Barnehagar
Departementet foreslår å lovfeste at personar som er fast eller mellombels tilsette i barnehagen, ikkje skal bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i arbeidstida. Forbodet skal gjelde uavhengig av lengda på tilsetjingsforholdet. Det betyr at forbodet òg skal gjelde for vikarar og andre på korttidsengasjement.
Departementet foreslår at forbodet òg skal gjelde for andre personar som utfører pedagogiske oppgåver med heimel i barnehagelova. Dette kan til dømes vere personar som er tilsette i kommunen, og som utfører oppgåver knytte til spesialpedagogisk hjelp eller teiknspråkopplæring i barnehagen.
Departementet foreslår at forbodet berre skal gjelde når personen oppheld seg på barnehageområdet eller deltek i aktivitetar i regi av barnehagen. Departementet foreslår at forbodet ikkje skal gjelde når bruken av ansiktsdekkjande plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Dersom en person bruker klesplagg i strid med forbodet, foreslår departementet at barnehageeigaren eller kommunen skal gi personen pålegg om å fjerne klesplagget. Departementet foreslår å presisere i barnehagelova at gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
10.2 Skolar regulerte av opplæringslova
Departementet foreslår å innføre eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for elevar og dei som arbeider på skolen i grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar, jf. opplæringslova § 1-2 første ledd. Departementet foreslår vidare at forbodet skal gjelde for både elevar og tilsette i grunnskoleopplæringa i private grunnskolar som ikkje får statstilskot etter friskolelova, jf. opplæringslova § 1-2 andre ledd.
Departementet foreslår at forbodet skal gjelde for elevar i undervisninga og vurderingssituasjonar, på turar og arrangement i regi av skolen, når skoleeigaren tilbyr leksehjelp, og i skolefritidsordninga. Turar omfattar òg leirskoleopphald.
Departementet foreslår at forbodet skal gjelde for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar når dei får opplæring i bedrift.
Departementet foreslår at forbodet skal gjelde personar som underviser på skolen, når dei underviser elevane. Forslaget omfattar tilsette i leksehjelpa og SFO, med unntak for når dei ikkje er saman med barna. Forslaget omfattar vidare tilsette ved leirskolar som er tilsette som undervisningspersonale i den kommunen leirskolen ligg i, men ikkje andre tilsette ved leirskolen.
Både når det gjeld elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar, og dei som underviser på skolen eller arbeider i leksehjelpa og SFO, foreslår departementet at forbodet ikkje skal gjelde dersom bruken av ansiktsdekkjande plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Departementet foreslår at skoleeigaren kan vedta reaksjonar i tråd med ordensreglementet overfor elevar som bryt forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. For opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A foreslår departementet at skoleeigaren fastset kva for reaksjonar som skal nyttast om ein deltakar bryt forbodet. Reaksjonane skal gjerast kjende for deltakarane på førehand. Departementet understrekar at ein skal vere varsam når ein vurderer bortvising som reaksjon.
Når det gjeld reaksjonar overfor dei som underviser på skolen, og som bruker ansiktsdekkjande plagg i strid med forbodet, foreslår departementet at skoleeigaren skal gi dei pålegg om å fjerne plagget som skjuler ansiktet. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
Departementet føreset at skolen alltid freistar å løyse situasjonen med dialog før dei set i verk eventuelle reaksjonar.
10.3 Skolar regulerte av friskolelova
Departementet foreslår å innføre eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for elevar og dei som underviser på skolen, i skolar som er godkjende etter friskolelova § 2-1.
Departementet foreslår at forbodet skal gjelde for elevar i undervisninga og vurderingssituasjonar, på turar og arrangement i regi av skolen, når skoleeigaren tilbyr leksehjelp, og i skolefritidsordninga. Forbodet gjeld ikkje i friminutt og pausar. Forbodet er òg foreslått å gjelde for elevar som bur på internat i tilknyting til skolen, når elevane får undervisning, og på turar utanfor skolen og internatet. Forbodet gjeld ikkje på fritida til elevane og på private turar.
Departementet foreslår at forbodet skal gjelde personar som underviser på skolen, når dei underviser elevane. Forslaget omfattar tilsette ved leirskolar som er tilsette som undervisningspersonale i den kommunen leirskolen ligg i, når dei underviser elevane, men ikkje andre tilsette ved leirskolen.
Både når det gjeld elevar og dei som underviser på skolen, foreslår departementet at forbodet ikkje skal gjelde dersom bruken av ansiktsdekkjande plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Departementet foreslår at styret for friskolen kan regulere i ordensreglementet kva for reaksjonar som skal nyttast om elevar bryt forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Departementet understrekar at ein skal vere varsam når ein vurderer bortvising som reaksjon.
Når det gjeld reaksjonar overfor dei som arbeider på skolen og som bruker ansiktsdekkjande plagg i strid med forbodet, foreslår departementet at styret skal gi vedkommande pålegg om å fjerne plagget som skjuler ansiktet. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
Departementet føreset at skolen alltid freistar å løyse situasjonen med dialog før dei set i verk eventuelle reaksjonar.
10.4 Skolar godkjende etter vaksenopplæringslova kapittel 4
Departementet foreslår at føresegna om forbod mot ansiktsdekkjande plagg i friskolelova blir gjord gjeldande så langt ho passar, for skolar som er godkjende etter vaksenopplæringslova kapittel 4. Dette inneber at forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, vil gjelde for elevar og dei som underviser på desse skolane, når dei underviser.
10.5 Folkehøgskolar
Departementet foreslår å innføre eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, for elevar og dei som underviser på folkehøgskolen, når dei underviser elevane.
Departementet foreslår at forbodet berre gjeld når elevane får undervisning på folkehøgskolen, ikkje i pausar og friminutt og ikkje på fritida til elevane. Forbodet er foreslått å gjelde på turar utanfor folkehøgskolen i regi av skolen, men ikkje på private turar.
Både når det gjeld elevar og dei som underviser på skolen, foreslår departementet at forbodet ikkje skal gjelde dersom bruken av ansiktsdekkjande plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Departementet foreslår at styret ved folkehøgskolen skal fastsetje kva for reaksjonar som skal gjelde ved brot på første ledd. Departementet understrekar at ein skal vere varsam når ein vurderer bortvising som reaksjon. Reaksjonane skal gjerast kjende for elevane på førehand.
Når det gjeld reaksjonar overfor dei som underviser på folkehøgskolen, og som bruker ansiktsdekkjande plagg i strid med forbodet, foreslår departementet at styret skal gi dei pålegg om å fjerne plagget som skjuler ansiktet. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
Departementet føreset at folkehøgskolen alltid freistar å løyse situasjonen med dialog før dei set i verk eventuelle reaksjonar.
10.6 Universitet, høgskolar og fagskolar
Departementet foreslår eit forbod mot at studentar bruker ansiktsdekkjande plagg, både i samband med undervisning og liknande i tilknyting til undervisninga, og på skriftleg og munnleg eksamen. Forbodet gjeld turar, ekspedisjonar og liknande i tilknyting til undervisninga eller verksemda ved universitetet, høgskolen eller fagskolen. Forbodet omfattar studentar i praksis. Forbodet gjeld ikkje situasjonar der det er pedagogiske, læringsmessige, klimatiske, helsemessige eller tryggleiksmessige omsyn som gjer det nødvendig med ansiktsdekkjande plagg. Forbodet gjeld statlege og private universitet, høgskolar og fagskolar. Forbodet omfattar ikkje dei tilfella der studentane oppheld seg på institusjonsområdet utan å vere i ein undervisningssituasjon, til dømes ved sjølvstudium, i kantina og liknande. Ein student som bruker plagg i strid med forbodet, kan visast bort eller bli utestengd. Departementet føreset at før ein person blir bortvist eller utestengd, vil universitetet, høgskolen eller fagskolen freiste å gå i dialog med personen det gjeld. Avgjerd om bortvising kan takast av rektor eller den rektor gir fullmakt. Avgjerd om utestenging er det styret sjølv eller klagenemnda ved universitetet, høgskolen eller fagskolen som tek. Forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg gjeld òg for tilsette i samband med undervisning. Gjentekne brot på forbodet kan gi grunnlag for oppseiing. Oppseiing må gjerast i tråd med regelverket for dette.
10.7 Forslag til ny lov om fagskoleutdanning og føresegna om ansiktsdekkjande plagg
Kunnskapsdepartementet sende 16. mars 2018 over forslag til lov om fagskoleutdanning til Stortinget. Ny lov vil erstatte gjeldande lov om fagskoleutdanning 20. juni 2003 nr. 56 (fagskolelova). Med atterhald om Stortinget si tilslutning til forslaget, vil forslaget til ny føresegn om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i fagskolelova bli tatt inn i den nye lova om fagskoleutdanning. Den nye lova om fagskoleutdanning skal etter planen tre i kraft 1. juli 2018. Departementet foreslår at føresegna om forbod mot ansiktsdekkjande plagg blir ny § 43, og at tidlegare §§ 43 og 44 blir nye §§ 44 og 45.
10.8 Ordningane etter introduksjonslova
Departementet foreslår eit forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i alle opplæringssituasjonar etter introduksjonslova. Opplæringssituasjonar omfattar opplæring etter lova og opplæringsliknande tiltak etter § 4 tredje ledd bokstav c. Deltakarar i introduksjonsprogram som er utplasserte i arbeidspraksis, vil dermed òg vere omfatta. Forbodet gjeld tilsvarande for lærarar og andre personar som i opplæringssituasjonar bidrar til at kommunen oppfyller pliktene i lova.
Departementet foreslår at også private aktørar som har etablert samarbeid med kommunane om gjennomføring av pliktene kommunen har etter introduksjonslova, er omfatta av forbodet. Departementet foreslår ikkje at forbodet skal gjelde private aktørar utanfor samarbeidet med kommunen, eller opplæring i regi av private aktørar som ikkje har etablert eit samarbeid med ein kommune. Slike private aktørar er ikkje omfatta av introduksjonslova, men blir godkjende av Kompetanse Noreg som private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap i tråd med ei etablert godkjenningsordning.
Forbodet gjeld ikkje der klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold gjer slike plagg nødvendig. Ved utandørs opplæring i sterk kulde er det til dømes tillate å bruke plagg som dekkjer ansiktet.
Departementet foreslår at kommunen kan stanse introduksjonsprogrammet eller opplæringa mellombels for personar som trass skriftleg åtvaring bruker klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i strid med forbodet. Før ein set i verk reaksjonar, skal ein alltid freiste med dialog, og ein kan gi fleire skriftlege åtvaringar. Terskelen skal vere høg for å stanse programmet eller opplæringa, sjå punkt 4.7 om stans i ordningane etter gjeldande rett. Dersom ein deltakar innrettar seg etter forbodet, bør vedkommande få halde fram i introduksjonsprogrammet eller opplæringa som før. Departementet foreslår at heimelen for å stanse ordningane om deltakarane bryt forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg, blir teken inn i ny § 27 a andre ledd, med tilvising til føresegnene om stans av introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap i høvesvis §§ 7 og 19 fjerde ledd.
Departementet foreslår at lærarar og andre personar som i opplæringssituasjonar bidrar til at kommunen oppfyller pliktene i lova, som ikkje rettar seg etter forbodet, skal bli pålagde å fjerne plagget. Departementet foreslår at det blir presisert i introduksjonslova at gjentekne brot på forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, kan føre til oppseiing. Sjå vurderingane som er gjorde i punkt 9.4.4, 9.5.4 og 9.6.2.
Departementet foreslår at fylkesmannen skal føre tilsyn med plikta kommunen har til å følgje opp brot på forbodet overfor deltakarar og tilsette i ordningane. Det er foreslått at introduksjonslova § 23 om tilsyn blir endra, slik at det går fram at fylkesmannen òg skal føre tilsyn med at kommunen oppfyller pliktene etter ny § 27 a i lova. Tilsvarande endring er foreslått i introduksjonslova § 24 om at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at verksemda og tenestene er i samsvar med krav fastsette i lova.